Ein tur ned Wadi Qelt

IMG_6698
Wadi Qelt med St Georgsklosteret. Foto: Arne Berge 2018

Ein av planane for haustferien i Israel og dei palestinske områda, var å gå ned Wadi Qelt til St. Georgsklosteret. Det blei ein flott tur. I løpet av dagen blei turen også utvida slik at Inger og eg gjekk vidare ned til Jeriko, og fekk oss ein ettermiddag i sentrum av den palestinske byen.

Den tronge dalen med det gamle gresk-ortodokse klosteret blir knytt til fleire bibeltekster, for eksempel forteljinga om den miskunnsame samaritanen. Jesu likning handlar jo om ein mann som var på veg frå Jerusalem til Jeriko og som fall i hendene på røvarar (Luk 10,30 ff). Det er heller ikkje unaturleg å sjå for seg Wadi Qelt som bakgrunn for desse orda i Salme 23:

Om eg så går i dødsskuggens dal,
er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg. (Salme 23,4)

Me var ein del dagar i Jerusalem, og éin av desse dagane brukte me til dagsturen til Wadi Qelt. Me tok buss frå Jerusalem ned mot Dødehavet og gjekk av i krysset der vegen går inn til Mizpe Yeriho.

Foto: Arne Berge 2018

Herfrå gjekk me på sidevegen ned mot Wadi Qelt. Me hadde følge med eit polsk par som hadde same planar som oss. Det var dei som som gav oss det som burde vore ein opplagt tanke, at det både var lettare og meir interessant å gå vidare ned til Jeriko etter klosterbesøket, enn å gå tilbake (og i motbakke) til dette vegkrysset. Ikkje minst sidan gradestokken viste 30 gradar.

Me følgde vegen til den første plassen me kunne sjå klosteret. Her er det plassert eit stort kors. Så gjekk me vidare på åsryggen til eit flott utsiktspunkt. Her såg me klosteret frå denne vinkelen:

IMG_6711
St Georgsklosteret. Foto: Arne Berge 2018

Frå dette utsiktspunktet gjekk me ned igjen til vegen der det er parkeringsplass og sti vidare ned til klosteret. «Stien» var eigentleg ein bratt og smal veg med fast dekke. Det var stadig trafikk med esel fram og tilbake. Ein stad arbeidde ein svartkledd munk saman med nokre arbeidsfolk med å bygga ein mur, – og dei hadde ein liten traktor til disposisjon. Elles var dette eit område for folk som gjekk til fots. Som oss.

Klosteret er ope for gjestar nokre timar kvar føremiddag. Men dessverre var det mange låste dører då me var der. Eg skulle for eksempel gjerne fått sett kyrkja til desse munkane! Dermed er det som sit igjen hos meg som det mest spesielle ved klosteret, den heilt utrulege plasseringa i den tronge ørkendalen. Rett skal vera rett, me fekk koma inn i grotta som ein gamal tradisjon knyter til profeten Elia. Denne tradisjonen seier at det var her Elia var då Gud sende ramnar som gav han mat, sjølv om bibelteksten seier at dette skjedde ved ein bekk aust for Jordan (1 Kong 17,2-6). Wadi Qelt ligg vest for Jordan.

Etter besøket i klosteret gjekk me tilbake til parkeringsplassen ved vegen. Her blei det litt handel som eigentleg var heilt unødvendig, før me gjekk vidare nedover vegen mot Jeriko. Dette stykket var vegen i vesentleg dårlegare forfatning. Den var ikkje lenger vedlikehalden og dimensjonert for turistbussar. Handelen på parkeringsplassen bestod i nypressa og nydeleg granateplesaft og eit kvitt tørkle til hovudet mitt. Palestinarane som dreiv handel der, meinte det var heilt uhaldbart at eg skulle gå vidare med ein heilt vanleg caps.

Som du forstår, valde me ein enkel variant av turen ned Wadi Qelt, i og med at me følgte vegen ned dalen. Ein stad mellom klosteret og Jeriko blei me til og med innhenta av ein bil. Sjåføren stoppa og spurte om alt var ok med oss. Det var det. Men spørsmålet sette me stor pris på, der me var ute og gjekk i ørkenen.

Det er også mogleg å gå på sti gjennom denne dalen. På det neste bildet ser me tydeleg koss stien følgjer den bratte fjellsida. Det ville vera ein meir krevjande tur som måtte vera betre planlagt. Det får bli til ein annan gong!

Wadi Qelt. Foto: Arne Berge 2018

Her har me kome til ein stad med god utsikt over Jeriko nede i Jordandalen. Jeriko er eigentleg ein stor oase, og derfor ein grøn by midt i ørkenen. Byen ligg 250 muh og er den lågastliggjande byen i verda.

IMG_8951
På veg ned mot Jeriko. Foto: Inger Bakke Berge 2018

Etter ei tid kom me ned i bebyggelsen. Det var framleis tidleg på ettermiddagen, og me såg ingen grunn til å ta raskaste veg tilbake til Jerusalem. Me gjekk derfor inn i sentrum av byen. «Velkomen til Jeriko!» var det mange smilande menneske som sa til oss. Etter kafebesøk og nokre kilometers trasking i bygater, tok me taxi til Almog Junction. Der gjekk det ikkje mange minutt før det kom ein buss som kunne frakta oss tilbake til Jerusalem, 1000 høgdemeter opp frå Jordandalen.

Les meir om klosteret her.

One thought on “Ein tur ned Wadi Qelt”

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.