Hinna-konfirmantar 2016

13012747_1100070133390403_4074490670256034759_n

Eg måtte bare ta vare på dette herlege «tullebildet» av årets konfirmantar her på bloggen òg! Som dokker ser, er det ikkje verst å bli boren på gullstol 🙂

Nå i helga skal me ha fem konfirmasjonsgudstenester med til saman 86 konfirmantar. Kateket Kirsti Melangen er den sentrale leiaren av denne delen av kyrkjelydsarbeidet. Eg har gleda av å vera med i samarbeidet, saman med kollega kapellan Eva Vassbø.

Sjå også nettsida Hinna kirke.

Her på bloggen markerer eg helga med ein konfirmasjonssalme som eg sjølv set stor pris på. Salmen er på ein glimrande måte prega både av tru, håp og kjærleik. Men når eg siterer salmen, vil eg også nemna at det ikkje er alle konfirmantane som blei borne til dåpen då dei var små; nokre av ungdomane har denne påsken gått på sine eigne føter fram til døypefonten for å bli døypt.

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Johanne Ur Sæbø