Jødisk bakgrunn for pinsen

I kveld (18.05.2010) begynner den jødiske pinsefesten shavuot. Den komande helga blir pinsehøgtida markert i dei kristne kyrkjene. Men kva er samanhengen mellom den jødiske og den kristne pinsen?

Den enkle samanhengen kan forklarast slik: Den kristne kyrkja feirar pinse på grunn av ei konkret hending som skjedde under feiringa av den jødiske pinsen i Jerusalem få veker etter Jesu død og oppstode der i byen. Eg tenkjer her på det som skjedde då disiplane fekk Den heilage ande frå Gud. Samanhengen mellom den jødiske og den kristne påskehøgtida har altså ei historisk side, som handlar om samanfall i tid. Men det er også ei innhaldsmessig side, som er vel så interessant.

Den som vil gå grundigare inn i den innhaldsmessige sida, kan lesa artikkelen Toraåpenbaring og ostekake: Mer utførlig om jødisk pinsefeiring av Gunnar Haaland, Høgskolen i Oslo (oppdatering 28.05.2012: lenka til denne artikkelen på http://www.prest.no er dessverre ikkje lenger i funksjon).

Gunnar Haaland går grundig inn i temaet. Her tar eg bare med eit lite utdrag som poengterer at det faktisk ikkje er heilt sakssvarande å omtala pinsen som kyrkja sin bursdag.  Denne vanlege uttrykksmåten legg nemleg meir vekt på brotet enn på kontinuiteten i forholdet mellom den første kyrkja og denne kyrkja sine jødiske røter:

Her kan vi oppdage et gammeltestamentlig forbilde for omtalen av pinsen (gjerne i kateketisk sammenheng) som «kirkens bursdag». For på pinsedag lyder ordet om den oppstandne Jesus Kristus, den skremte disippelflokken kommer ut av skapet, og den kristne kirke etableres gjennom dåp av tre tusen troende.

Omtalen av pinsen som kirkens bursdag har imidlertid en slagside: Den betoner bruddet på bekostningen av kontinuiteten. Vi risikerer å gjøre Jesus og hans apostler primært til stiftere av et nytt trossamfunn og en ny religion, mens det teologisk sett snarere forholder seg slik at Jesus oppfyller GTs løfter og apostlene forkynner starten på en ny tidsepoke. Mye kunne vært skrevet om dette; her får vi konsentrere oss om å se på noen paralleller og sammenhenger mellom toraåpenbaringen på Sinai og åndsutgytelsen i Jerusalem.

Eg anbefalar gjerne heile artikkelen for den teologisk interesserte lesar!

Oppdatering pinsen 2018: Eg anbefalar også å lesa Andreas Johansons «prekenverksted» til preiketeksten frå Joh 14,15-21. Her skriv han mykje om den jødiske bakgrunnen for pinsen. Sjå Pinse – ei jødisk høgtid med lang historie.

6 tankar på “Jødisk bakgrunn for pinsen”

  1. Eg kunne tenkt meg ein lengre versjon av din artikkel til kyrkjebladet – til neste år – så du har god tid – om du tek på… 🙂 Det kan vera et tilbod til alle kyrkjeblada i bispedømet vårt, då når du mange – om du tek på… 🙂

  2. Prøver å finne linken om jødisk pinsefeiring, men kommer bare inn på Presteforeningens informasjon om streik. Er artikkelen slettet?

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.