Eit opplegg for pinsefeiring

Pinse – Guds folks fornyingsdag

Israelsmisjonen presenterer i år eit opplegg for pinsefeiring for storfamilien, utvikla av Torkild Masvie (tidlegare leiar av Caspari Center i Jerusalem). Opplegget gjev bakgrunnsstoff for forkynning over Apg 2,1-10 (preiketekst for pinsedag 2011) og eit kreativt forslag til korleis ein saman med barn kan “byggja” Jerusalem og samtidig forklara kva som skjedde der på pinsedagen.

Dette er eit originalt opplegg som eg trur mange prestar, predikantar og trusopplæringsmedarbeidarar vil ha glede av å setja seg inn i. Opplegget byggjer på ei forståing av at pinsen var og er ein jødisk fest som har ei unik tyding for messianske jødar og for kristne. I staden for å presentera pinsedagen som kyrkja sin fødselsdag, vil Torkild heller nytta uttrykket Guds folks fornyingsdag:

Pinsen blir av mange kalt “kirkens fødselsdag”, men det er bedre å kalle pinsen for Guds folks fornyelsesdag. Når vi sier “kirkens fødselsdag” så får vi inntrykk av at en ny gruppe har startet. Men det er egentlig fortsettelsen av det sanne Israel, Guds folk, som blir fornyet på pinsedag. Guds folk i Jerusalem er den dagen bare 120 stk, men de 3000 som blir døpt, opplever en omvendelse tilbake til Han de var omskåret til å tilhøre, og de opplever Den Hellige Ånd som var lovet alt Guds folk i endetiden. (Les meir)

Sjå også tidlegare notat her på bloggen: Jødisk bakgrunn for pinsen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: