Shavuot, jødisk pinsefest

I kveld (08.06.2008) begynner den jødiske pinsefesten Shavuot. Festen varer i eitt døgn i Israel og i to døgn i resten av verda.

Jødane feirar pinse til minne om lovgjevinga på Sinai. I gamal tid var det dessutan ein innhaustingsfest. I vår tid fungerer den som ein vårfest og synagogane blir pynta med blomster og grønt. Shavuot blir feira sju veker (50 dagar) etter påske, og er kalla vekefesten. Ordet pinse kjem frå det greske ordet pentekosté som betyr den femtiande.

Oppdatering 18.05.2010: Les meir om samanhengen mellom jødisk og kristen pinse her.

Den israelske nyhetstenesta Arutz Sheva skriv i dag om festen, og har også med ein del lenker til forskjellige aktuelle nettsider. Dei fortel at jødar over heile verda vil vera vakne i natt og studera Torah’en (Mosebøkene), anten i grupper eller individuelt:

Jews throughout the world will stay awake all night studying Torah in classes, study-pairs, or individually, and tens of thousands are expected to arrive at the Western Wall for sunrise festival prayers. First-fruit ceremonies will take place in many kibbutzim throughout the country. In the Mirkavot Latrun park, thousands of people are expected to take part in the Fruits and Agricultural Equipment Convoy on Sunday.

On Monday, the public Torah reading in synagogues features the Divine revelation of the Ten Commandments, which are the basis for ethical behavior throughout most of the world. (les meir)

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.