Gamalt egyptisk grensefort

Bibelen fortel om ein del kontakt mellom Israel og Egypt, både i fredelege og urolege tider. Bortsett frå Israelsfolket si vandring i ørkenen under leiing av Moses, gjekk nok denne trafikken langs hovudvegen aust/vest i dette området.

National Geographic fortel nå om funnet av det store egyptiske fortet Tharo langs denne vegen, nær grensebyen Rafah. Her har både handelskaravanar og krigarar passert i gamal tid. Sjå artikkelen Giant Fortress’s Remains Found in Egypt.

Mine interesser tilseier at eg også må ta med at Jesus, ifølgje Matteusevangeliet, truleg har passert her som barn. Matteus fortel (Matt 2,13 ff) at Maria og Josef flykta til Egypt etter Jesu fødsel. Bibelforteljinga er kortfatta og seier ikkje noko konkret om reiseruta. Men det skal godt gjerast om dei har kome nokon annan veg inn i Egypt.

Og når dette først er trekt inn, tar eg sjølvsagt også med den koptiske tradisjonen om den heilage familien si reise i Egypt. Eg syns denne tradisjonen er interessant og samla meg ein del stoff om dette på studieturen i Egypt tidlegare i år. Her blir reiseruta skildra med stor overtyding; grensepasseringa inn i landet er til og med datofesta! Kyrkja feirar ein årleg fest på Bashans 24 (1. juni?) til minne om at Jesus passerte grensa til Egypt på denne dagen. Her er ei koptisk lovprising til festen:

Be glad and rejoice, O Egypt, and her sons and all her borders, for there hath come to Thee the Lover of man, He Who is before all the ages.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.