Nattverd

Nattverden er eit sakrament, det vil seia ei heilag handling. Å forretta nattverd i gudstenesta er noko av det største eg gjer som prest. Å gje menneske brød og vin, og å vita at Jesus er til stades i denne handlinga, gjer sterkt inntrykk. Når eg registrerer menneske som ikkje er vant med å koma og delta ved nattverdbordet, gjer det meg ekstra glad og takknemleg.

Nattverden betyr mykje for mange menneske. Av og til kjem det fram tankar om dette i avisintervju med ulike folk. Her er eit eksempel eg nyleg såg i eit stort intervju med forfattaren Edvard Hoem om hans kristne tru. Hoem vaks opp i ein kristen heim, men forlét kristen tru som tenåring og blei politisk revolusjonær. Sidan blei han ein av dei store forfattarane i nyare norsk litteratur. Dei siste åra har han funne tilbake til ei kristen tru og han har mange tankar om dette. Men tilbake til nattverden. Her er eit lite utdrag frå intervjuet:

“Forfattaren brukar å gå i kyrkja fleire gongar i månaden. Det er ei markant endring frå kyrkjeløysa for tretti år sidan.
– Men viss nokon seier til meg at eg har gjort «kuvending», blir eg sint. Dette har vore ein årelang prosess.
Og for nokre år sidan byrja Edvard Hoem å gå til nattverd igjen.
– Det er kanskje det nærmaste eg kjem ei omvending. Men det handlar ikkje om å leggje seg langflat og gje opp alt ein står for. Ein må tre inn i rekka og søke samfunn med det heilage, seier han.
Hoem har stor tru på det fellesskapet av truande som kallast kyrkja.
– Når vi ikkje klarer å tru, klarer kyrkja å tru for oss. Tru er meir enn kva vi sjølv til ei kvar tid kan stå inne for. Det evige håpet lever i Guds kyrkje på jorda.
– Kva skjer etter døden?
– Då kjem vi til himmelen.”

Illustrasjonen er henta frå Konfirmantbibelen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: