Kaldavad 1972

Kaldavad 1972

Det var den sommaren eg var 16 år. Eg var på den første verkeleg lange fjellturen min. Bildet er frå Kaldavad i Dyraheio, ca 1000 m.o.h. Me var fire ungdomar som gjekk ei veke i Ryfylkeheiane. Det blei mange slike turar dei følgjande somrane.

Me overnatta stort sett i turistforeningshytter eller i telt. Då me passerte Kaldavad, var me utanfor løypenettet til STF. Me var på veg til den gamle jakthytta på Breiavad. Overnattinga der var den ultimate villmarksopplevinga for oss.

Eg hadde ikkje skikkelege fjellskor. Skorne eg ber i hendene, var tøysko med tjukk gummisåle. Me kalla dei traktorsko på grunn av dei grove spora i sålene.

Eg fann bildet frå Kaldavad under rydding på loftet. Det er eit godt og viktig minne frå fjellturane i ungdomsåra. Desse turane betydde mykje for meg. Og interessa for fjellet har fylgt meg sidan.

Det har skjedd mykje i Dyraheio i åra etter 1972. Kaldavad er nærast tørrlagt. Jakthytta frå 1892 brann ned i 1988, men det er bygd ny hytte på same staden. Og Undeknuthytta, som var målet for dagsetappen etter Breiavad, har nå vore neddemt i Blåsjø i mange år.

Men Ryfylkeheiane er framleis eit fantastisk fjellområde!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: