Sandvatn, enda ein gong!

24/08/2008

Eg må til Sandvatn minst ein gong årleg! Denne turisthytta er ein av favorittstadane mine i fjellet. Nå i helga var Inger og eg der saman med venner her frå Bryne. Og faktisk traff me fleire andre kjende i løpet av helga, i tillegg til dei me hadde planlagt turen med. Me hadde ei flott helg!

Nå er det høgsesong på dei hyttene som ligg lett tilgjengeleg i fjellet. Me var ca 45 personar på hytta i natt!

Her er eit par avsnitt frå ein tidlegare bloggartikkel, faktisk noko av det aller første eg skreiv her på bloggen (datert januar 2005):

Skal eg ein kort tur på eit par dagar eller ei helg, står Sandvatn øvst på lista mi. Det er ein 3 timars tur inn til hytta frå Lortabu øvst i Hunnedalen. Når eg er framme på hytta, er eg i skikkeleg høgfjellsterreng 910 m.o.h. sjølv om det bare er nokre timar sidan eg var heime på Bryne.

(…)

Noko av det finaste med å gå i fjellet, er at eg kan leggja frå meg så mykje heime. Det gjeld både ting og tang (sekken bør jo ikkje vera for tung) og det gjeld mykje av det som opptar tankane på vanlege dagar. Derfor blir det god tid til å sjå, lytta, tenkja og prata. Det er kanskje det aller mest verdifulle ved denne turformen? (les meir)


Fjelltur

07/08/2005

DyroheioDenne veka (i august 2005) har Inger og eg vore på ein tredagars fjelltur. Det var herleg å koma til fjells igjen, sjølv om det regna ganske mykje desse dagane. Eg har tidlegare skrive om korfor eg syns det er så fint å reisa til fjells i Ryfylkeheiane.

Me køyrde inn anleggsvegen til Blåsjø i Suldal og parkerte ved Oddatjørndammen. Dermed var me midt inne i fjellheimen med ein gong. Blåsjø er ein kjempesvær kunstig innsjø som eg har litt blanda forhold til. På den eine sida har den øydelagt for alltid ein stor del av dei fjellområda som eg gjekk mykje i då eg var ungdom. På den andre sida er vasskraft trass alt meir miljøvenleg enn mange andre formar for kraftutbygging.

Første dagen gjekk me inn til Breiavadhytta. Eg var innom der kvar sommar ein periode i ungdomstida mi. Då stod det ei gamal hytte der, bygd i 1892. Den gamle hytta brann dessverre ned i 1988. Etter dette er det bygd ei ny hytte som står open for alle.  Det var kjekt å vera tilbake og overnatta på denne staden. Du kan lesa om bruken av dette området her.

Neste dag gjekk me til Stranddalen (ca seks timars tur) der Stavanger Turistforening har bygd ny og flott hytte i år. Det er ei betjent turisthytte, det vil bl.a. seia at det blir servert måltid. Tysdag og torsdag er komledagar, og me hadde lagt det opp slik at me kom dit torsdag kveld. Ikkje verst å bli servert ein flott komlemiddag langt inne i fjellet!

Frå Stranddalen gjekk me ned til anleggsvegen ved Øvre Moen (ca to timar). Me hadde følgje med ei dame me blei kjent med på Stranddalen, og ho hadde bil og køyrde oss opp til bilen vår som stod ved Oddatjørndammen. Sjølv om det ikkje var så langt, var det herleg å bli køyrt desse kilometrane.


%d bloggarar likar dette: