Grunnleggjande einskap

Mars 2008: Fr Arnfinn Haram er for tida i Roma og skriv i dag om betydninga av økumenisk tilnærming mellom katolske og ortodokse kristne: Det er verdt å merke seg at den ortodokse, ekumeniske patriarken i Konstantinopel/Istanbul, Bartolomeos, er i byen! For å treffe pave Benedikt. Det er eit svært god tilhøve mellom dei, noko … Hald fram med å lese «Grunnleggjande einskap»

Mars 2008: Fr Arnfinn Haram er for tida i Roma og skriv i dag om betydninga av økumenisk tilnærming mellom katolske og ortodokse kristne:

Det er verdt å merke seg at den ortodokse, ekumeniske patriarken i
Konstantinopel/Istanbul, Bartolomeos, er i byen! For å treffe pave
Benedikt. Det er eit svært god tilhøve mellom dei, noko som i høg grad påverkar det ekumeniske arbeidet. Bartolomeos er svært positiv til tilnærminga mellom den katolske og den ortodokse kyrkja. Ikkje alle ortodokse er samde med han i dette, men eg trur det går den rette vegen – for den katolske kyrkja, er relasjonen til dei ortodokse høgste ekumeniske prioritet. Sett frå katolsk synsstad, er det ein grunnleggjande einskap mellom desse systerkyrkjene, trass det som er ulikt, og trass at den fulle fellesskapen ikkje er på plass. ”Katolsk” og ”ortodoks” er jo på sett og vis to ord for det same. Kyrkja kan eigentleg ikkje vere anten ‘katolsk’ eller ‘ortodoks’ – ho må vere begge deler. (les meir)

I 2003 var patriark Bartolomeus i Norge, på generalforsamling i Konferansen av Europeiske Kirker. Han talte då i Nidarosdomen. Den økumeniske patriarken har altså kontaktar i mange samanhengar:

I dagene 25. juni – 2. juli kommer over 700 utsendinger fra hela Europa til Trondheim. Konferansen av Europeiske Kirker (KEK) arrangerer sin 12. generalforsamling med temaet «Jesus Kristus helbreder og forsoner – Vårt vitnesbyrd i Europa».

Nidarosdomen er stedet for den innledende gudstjenesten torsdag 26. juni. Der deltar Hans Majestet Kong Harald V sammen med statsminister Kjell Magne Bondevik. Predikant er den økumeniske patriarken av Konstantinopel, Bartholomeos.

Det er flott å lesa at den katolske Fr Arnfinn Haram, som tidlegare var luthersk prest, reknar med ein grunnleggjande einskap mellom kristne sysken i ulike kyrkjesamfunn. For å seia det med den nikenske truvedkjenninga: Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje!

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.