Konfirmasjonssalme

Heidi Strand Harboe har skrive ein flott konfirmasjonssalme. Her på Bryne har me den med som solosong kvar gong me har konfirmasjonsgudsteneste. Kanskje er det snart så mange som kan den, at me kan bruka den som salme i gudstenesta? Melodien er skriven av Johanne Ur Sæbø. Eg tillet meg å sitera salmen din, Heidi, på denne konfirmasjonssøndagen!

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

3 svar til Konfirmasjonssalme

  1. Heidi: seier:

    Bare kjekt, Arne!

  2. Anders Magne Tolås Wendel seier:

    flott blogg…
    Veit du kvar eg kan få tak i melodien og teksten på den konfirmasjonssalmen du siterte?

    På førehand takk!
    Anders
    Prest i Meland

  3. Arne seier:

    Hei Anders. Takk for gode ord om bloggen. Du kan ta kontakt direkte med forfattaren Heidi på heidi(at)harboe.no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: