Vegen til Santiago de Compostela

Pilegrim, Frankrike 703Eg har begynt på ei etappevis pilegrimsvandring i retning Santiago de Compostela i Spania. Turen går saman med Inger, kona mi. Me starta i Le-Puy-en-Velay i Frankrike.

Pilegrimsvegen frå Le Puy til Santiago er ca 1500 km lang. Kor mange etappar me vil dela vandringa opp i, veit eg ikkje. Heller ikkje om me nokon gong kjem fram. Men me er altså undervegs. Det er ei herleg form for ferie!

Pr mai 2016 har me kome til Aire-sur-l´Adour og har gått ca 580 km, fordelt på tre turar i åra 2013-2016.

Eg har skrive nokre notat frå notat frå turane her på bloggen:

2013:

2014:

2016:

Her er ei oversikt over dagsetappane våre. Avstandane er tatt frå Michelin-kartboka som me brukar. I tillegg har me med oss Alison Raju si guidebok.

  1. Frå Le-Puy-en-Velay til Saint-Privat-d´Allier. 23,5 km (Dag 1-14: juni-juli 2013)
  2. Frå Saint-Privat-d´Allier til Saugues. 19 km
  3. Frå Saugues til Domaine du Sauvage. 19,5 km
  4. Frå Domaine du Sauvage til Aumont-Aubrac. 27 km
  5. Frå Aumont-Aubrac til Nasbinals. 26,5 km
  6. Frå Nabinals til Saint-Chely-d´Aubrac. 17 km
  7. Frå Saint-Chely-d´Aubrac til Saint-Come-d´Olt. 16 km
  8. Frå Saint-Come-d´Olt til Estaing. 15,5 km
  9. Frå Estaing til Golinhac. 13 km
  10. Frå Golinhac til Conques. 25 km
  11. Frå Conques til Livinhac. 24 km
  12. Frå Livinhac til Figeac. 24,5 km
  13. Frå Figeac til Gréalou. 20,5 km
  14. Frå Gréalou til Cajarc. 10 km
  15. Frå Cajarc til Limogne-en-Quercy. 18 km (Dag 15-20: oktober 2014)
  16. Frå Limogne-en-Quercy til Mas-de-Vers. 21 km
  17. Frå Mas-de-Vers til Cahors. 18 km
  18. Frå Cahors til Lascabanes. 27 km. Me gjekk her ca 22 km på nymerka løype
  19. Frå Lascabanes til Lauzerte. 24 km
  20. Frå Lauzerte til Moissac. 24 km. Her er løypa lenger, truleg ca 27 km
  21. Frå Moissac til Auvillar. 20,5 km (Dag 21-27: mai 2016)
  22. Frå Auvillar til Miradoux. 17,5 km
  23. Frå Miradoux til Marsolan. 24 km
  24. Frå Marsolan til Condom. 26 km. Her gjekk me varianten langs Auvignon-elva utanom La Romieu, ca 20 km
  25. Frå Condom til Tournesols du Gers, 29 km (4 km før Eauze)
  26. Frå Tournesols du Gers til Nogaro. 25 km
  27. Frå Nogaro til Aire-sur-l´Adour. 28 km

 

Kommentarfeltet er stengt.

%d bloggarar likar dette: