Mjølk i Bibelen

Mjølkekartongen fortel meg at dagen i dag (01.06.2007) er Verdas mjølkedag, ein dag då me markerer at mjølk er ein internasjonal drikk som gjer godt for helsa. Teksten på kartongen fortel vidare at dagen er oppretta av FN og blir feira i store delar av verda. I nokre land delar dei ut mjølk og meieriprodukt til gatebarn, mens andre har mjølkeparadar og konkurransar i skulen.

Eg må innrømma at dette var noko eg aldri har høyrt om før. Men la gå, mjølk er både godt og sunt. Så ein internasjonal mjølkedag var ikkje det verste FN kunne finna på.

Eg reknar med at det er fritt fram for alle å markera dagen på sin måte, og då lar eg sjølvsagt denne bloggen markera det med litt stoff om kva me finn om mjølk i Bibelen!

Eit søk på bibelen.no fortel at me kan finna ordet mjølk 54 gonger i Bibelen. Dei fleste stadane handlar det rett og slett om vanleg mjølk. Men i eit par samanhengar blir ordet blir brukt som symbol for noko meir enn sjølve drikken.

Teksten vidare er oppdatert slik at bibelsitata er henta frå Bibel 2011.

Mjølk som symbol på naturressursane i det lova landet

I GT finn me i fleire tekstar uttrykket «mjølk og honning». Ordparet står som symbol på overfloden av naturressursar i landet som Gud hadde valt ut for Israelsfolket. Me møter uttrykket første gongen i 2. Mosebok 33,3 i forteljinga om då folket var på vandring i ørkenen med Moses som leiar. Det var ei lang og slitsom vandring, og staden dei var på veg til, blei skildra av Gud sjølv som eit land som fløymer med mjølk og honning.

Uttrykket kjem igjen i Moses sin avskjedstale til folket, i den viktige teksten i 5. Mosebok 6:

Høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter dei! Då skal det gå deg vel. De skal bli talrike, slik som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg, i eit land som fløymer med mjølk og honning. (5. Mos 6,3)

Mjølk som symbol på den grunnleggjande kristne kunnskapen

I NT finn me eit par tekstar der ordet mjølk blir brukt som symbol for den enkle og grunnleggjande kristne kunnskapen, det som av og til blir kalla «barnelærdomen». Ordet blir då brukt i ein kritikk av kristne som burde ha vore meir mogne enn dei er, og som får høyra at dei framleis treng «mjølk» og ikkje kan ta imot «fast føde». Paulus brukar uttrykket i 1. kor 3,2, men den tydelegaste teksten finn me i Hebrearbrevet:

Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt. (Hebr 5,12-14)

Til slutt: eit godt råd

Til slutt vil eg ta med ein tekst frå Ordtøka i GT. Her er ikkje ordet brukt i overført tyding. Nei, her er det snakk om mjølk som kan bli til smør. Og sjølv om det dreier seg om eit godt råd i ein alvorleg situasjon, syns eg at eg merkar ein humoristisk undertone i formuleringa:

Har du vore dum og gjort deg stor
eller tenkt på det,
så legg handa på munnen!

For trykk på mjølka gjev smør,
trykk på nasen gjev blod,
trykk på vreiden gjev strid. (Ordt 30,32-33)