Tidleg vår i Israel

Foto: Arne Berge 2015
Foto: Arne Berge 2015

Bildet er frå eit område eg kjenner godt frå vandringa langs Jesus trail, nær Golani Junction i Galilea. Men den tidlege våren med ei fantastisk blomstereng med valmuar, gjorde likevel staden ny og annleis.

Det er februar 2015, og eg har nyleg kome heim frå ei veke i Israel og dei palestinske områda. Har opplevd mykje flott, både når det gjeld vennskap og fellesskap, historie og geografi. Eg besøkte mange stadar eg ikkje hadde vore før og har også blitt inspirert til meir friluftsliv og fotturar i den varierte naturen.

Det neste treet viser mandeltre i blomst, eit sikkert teikn på våren i Israel.

Foto: Arne Berge 2015
Foto: Arne Berge 2015