Apostelen Barnabas

Kalenderen fortel at det er apostelen Barnabas sin dag i dag. Barnabas var ein av grunnleggjarane av urkyrkja i Jerusalem. Apostelgjerningane fortel oss indirekte at Barnabas hadde ein viktig posisjon i denne første Jesustruande forsamlinga, – det ser me blant anna av at

  • han var den som hjelpte Paulus til å bli akseptert blant dei truande i Jerusalem (Apg 9,26-28),
  • han var den offisielle utsendinga frå Jerusalem til Antiokia, der den første heidningekristne forsamlinga vaks fram (Apg 11,22),
  • han blei, saman med Paulus, valt til å reisa ut frå Antiokia som misjonær, på den reisa som til vanleg blir kalla «Paulus si første misjonsreise» (Apg 13,2-3).

Barnabas var ein gresktalande jøde frå Kypros. Han heitte eigentleg Josef, eit svært vanleg namn, og fekk det arameiske kallenamnet Barnabas, eit namn som fortel om tenesta hans («trøystarsonen»). Det er Paulus som reknar han som ein av apostlane (1. kor 9,6), med det meiner truleg Paulus at Barnabas hadde fått oppdraget sitt gjennom eit møte med den oppstadne Kristus.

Barnabas får eit flott skussmål av Lukas i Apostelgjerningane: «han var ein god mann, fylt av Heilag Ande og tru» (Apg 11,24). Samtidig legg ikkje Lukas skjul på at Barnabas seinare kom i ein alvorleg konflikt med Paulus, og til slutt skilte lag med han. Det siste me høyrer om Barnabas, er at han saman med syskenbarnet Johannes Markus reiste tilbake til heimstaden sin, Kypros, for å driva misjon der (Apg 15,39).