Paulus på Areopagos

26/05/2019

Notat til Apg 17,22-34, tekst på Treeiningssøndag 16. juni 2019

Areopagos i Athen, sett frå Akropolis. Foto: Arne Berge

Paulus besøkte Athen ca år 50. Bildet viser folk på Areopagoshøgda, ei fjellklippe som tradisjonelt blir knytt til Paulus sin tale i byen. Talen er gjengitt i Apostelgjerningane kap 17, og denne interessante bibelteksten er preiketekst i norske kyrkjer søndag 16. juni 2019.

16 Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han opprørt då han såg at byen var overfylt med gudebilete. 17 I synagogen hadde han samtalar med jødane og med dei som dyrka Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han møtte. 18 Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Han er visst ein som forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda. 19 Så tok dei han med seg og førte han til Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slags ny lære du kjem med? 20 For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.» 21 For verken atenarane sjølve eller utlendingane som bur der, bruker tida si til anna enn å fortelja og spørja nytt.

    22 Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:
«Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.
23 For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk. 24 Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, 25 og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle. 26 Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.27 Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss.28 For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’ 29 Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma. 30 Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. 31 For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.»
32 Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.» 33 Så gjekk Paulus frå dei. 34 Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

I tillegg til denne bibelteksten (dvs vers 22-34 i teksten over), blir det søndag 16. juni lese frå profeten Jesaia og frå Lukasevangeliet:

  • Leseteksten frå Jes 6,1-8 handlar om då Herren kalla Jesaia til profet. Det skjedde gjennom eit syn i tempelet. Jesaia fekk blant anna sjå og høyra serafane som ropa til kvarandre at Herren Sebaot er heilag og at heile jorda er full av hans herlegdom. Dette ropet gjentar me framleis i nattverd-liturgien i kyrkja, – i lovsongen Sanctus.
  • Evangelieteksten frå Luk 24,45-48 kan me kalla Lukas sin versjon av misjonsbefalinga. Den oppstadne Jesus opna forstanden til disiplane så dei kunne sjå samanhengen mellom Skrifta (GT) og det som hadde skjedd med han i påsken. Disiplane blei kalla til å vera vitne for alle folkeslag.

Begge desse lesetekstane har eit universelt sikte; heile jorda (Jes 6) og alle folkeslag (Luk 24). Og dette blir altså denne søndagen «toppa» ved at Paulus sin tale i Athen er preiketekst. Talen er eit viktig eksempel på Paulus si forkynning blant ikkje-jødar.

Møtet med Athen

Viss du kjem til Athen i dag, kan du ikkje unngå å bli fascinert av Akropolis, eit fjellplatå midt i sentrum med fleire imponerande og relativt godt bevarte tempel. Desse templa var allereie 400 år gamle då Paulus kom til byen og blei verande der for å venta på medarbeidarane sine.

Når eg kjem til Athen, er eg først og fremst ein kulturinteressert turist. Eg lar meg fascinera og imponera. Eg studerer templa og andre bygningar og ser på dette som kunst og kultur. Og for meg er det heilt ok å sjå slik på dette. Men eg merkar meg at Paulus reagerte på ein heilt annan måte. Han blei opprørt då han såg at byen var overfylt med gudebilete (vers 16).

Athen var ein viktig og mektig by då templa blei bygd på 400-talet f.Kr. Byen var mindre viktig på Paulus si tid. Då var det Korint som var den raskt veksande storbyen med handel og internasjonale kontaktar rundt i Romarriket. Og Paulus sin misjonsstrategi gjorde derfor at han satsa meir på Korint enn Athen. Men Athen var likevel viktig, på den måten at her levde den greske filosofiske tradisjonen i beste velgåande. Og Lukas har i Apg 17 heldigvis gitt oss del i møtet mellom Paulus og denne tradisjonen som har vore så sentral i vår europeiske kultur.

Paulus nytta ventetida i byen til å samtala med folk i det jødiske miljøet i synagogen og blant filosofisk interesserte athenarar på torget (vers 17), der også Areopagosrådet hadde sine samlingar. I ulike samanhengar forkynte han evangeliet om Jesus og oppstoda (vers 18).

Teksten viser at Paulus ikkje skamma seg over evangeliet, heller ikkje i Athen! I breva sine la han vekt på at evangeliet er for jødar og grekarar. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, også for grekarar (Rom 1,16). Og i møte med den greske kulturen, seier han også at evangeliet er Guds visdom, både for jødar og grekarar (1 kor 1,24).

Det finst mange gode bøker om Paulus si verksemd i Hellas. Eg vil spesielt anbefala denne: Sandvei/Baasland/Sandnes: I Paulus ́ fotspor. Bibel- og kulturguide til Hellas. Verbum forlag 2008.

Talen for Areopagosrådet

Det er vanleg å plassera Paulus sin tale på Areopagoshøgda. Her er det god utsikt opp på Akropolis og ned på torget og byen. Det er likevel ikkje sikkert kva Lukas meiner når han i vers 19 skriv at Paulus blei ført til Areopagos; det kan forstås både geografisk (om høgda) og juridisk (om rådet med samlingsplass på torget). Uansett om talen blei halden på høgda eller på torget, er dette innrykksfulle område under det imponerande Akropolis.

Heilt tilbake til oldkyrkja har det blitt peika på at Paulus, då han blei ført fram for Areopagosrådet, kom i ein situasjon som kan samanliknast med den viktige filosofen Sokrates som levde i Athen på 400-talet f. Kr. Han måtte også forsvara seg, blant anna for å koma med ei ny lære.

Det er Lukas som har formulert talen slik den er gjengitt i Apostelgjerningane. Han viser oss koss Paulus forkynte i ein slik situasjon. Om ikkje dette er eit direkte referat av Paulus si forkynning, er det naturleg å omtala talen som Paulus sine ord. Innhaldet i talen har også klare parallellar i Paulus sine brev:

I Rom 1,20-23 skriver han om Gud som skaper og kritiserer avgudsdyrkelsen. I 1 Tess 1,9-10 gir han et glimt av en grunnleggende forkynnelse for hedninger. Her nevnes omvendelse fra avgudene (jfr Apg 17,29-30), den kommende dom (jfr Apg 17,31a), Jesu oppstandelse (jfr Apg 17,31b). (I Paulus ́ fotspor, side 128).

I Athen blei Paulus utfordra til å seia meir om kva han var så opptatt av. Og den anledninga brukte han på ein glimrande måte. Paulus forkynte her til heidningar. Dette er ikkje tale til jødar eller til dei som dyrka Gud (vers 17). Derfor tok han ikkje utgangspunkt i GT og forkynte Jesus inn i den profetiske samanhengen, slik han gjorde andre stadar. Nei, her tok han utgangspunkt i tankegangen og religiøsiteten som var aktuell for tilhøyrarane, og det var den greske litteraturen og gudeverda. Lukas omtaler tilsvarande forkynning i Lystra (Apg 14).

Innhaldet i teksten

  • Vers 22 f: Ei innleiing som var godt eigna til å skapa interesse hos tilhøyrarane. Dette blei dei nok nysgjerrige på!
  • Vers 24 ff: Paulus forkynner Gud som skapar, og det grunnleggjande skillet mellom skapar og skapning. Han legg også vekt på at skaparen har omsorg for skaparverket og gjev liv og ande til alt. Han har altså eit grunnleggande bibelsk perspektiv, sjølv om han ikkje argumenterer ut frå Skrifta. Han peiker på at Gud ikkje bur i noko tempel, same kor flotte dei er (jfr utsikta opp til Akropolis). Dette svarer til Salomo si bøn ved tempelvigslinga i 1 Kong 8,27 ff. Sjå òg samanhengen med Jes 42,5 og 66,1. Han legg vidare vekt på at skaparen har vist omsorg for skaparverket ved setja inn ordningar og grenser for menneska. Her er det bibelsk bakgrunn å finna i 1 Mos 10,32; 11,9 og 5 Mos 32,8.
  • Vers 27 ff: Skaparen sette ordningar i skaparverket med hensikt: at menneska skulle søka Gud. Og Paulus forkynner at Gud ikkje er langt borte frå ein einaste av oss. I det følgjande brukar Paulus greske referansar for å få fram poenga sine. Han brukar uttrykk frå diktarane Aratos og Kleantes frå tredje hundreåret f. Kr. «Med disse sitatene sier Paulus at menneskene er Guds skapning, og at det er Gud som holder dem oppe. Derfor bør menneskene også vise Gud ære. Det gjøres ikke ved å tilbe avgudsbilder laget av mennesker.» (I Paulus ́ fotspor, side 128).
  • Vers 30 f: På bakgrunn av det han har sagt om forholdet mellom skaparen og menneska, forkynner han her omvending, Jesus («ein mann») og ikkje minst Jesu oppstode. Dette med oppstoda må ha vore sentralt for Paulus, det er også nemnt i avslutninga av vers 18, og han har nok begge stadar utfalda dette meir enn det Lukas refererer.
  • Vers 32 ff handlar om det som skjedde etter talen: Orda om Jesu oppstode vekte ulike reaksjonar. Nokre spotta, andre ville høyra meir. Me høyrer ikkje om nokon forsamling i Athen i ettertid, men det det blir sagt at det var nokre som kom til tru på Jesus. To av desse er namngitte: For det første Dionysios frå Areopagosrådet, altså ein leiande person. Kyrkjehistorikaren Eusebios formidlar på 300-talet ein tradisjon om at Dionysios blei den første biskopen i Athen. Vidare kom kvinna Damaris til tru. Ho var neppe til stades då Paulus talte for rådet, som truleg bare bestod av menn. Det viser at trua spreidde seg i byen. Dette viser også uttrykket «og nokre andre» i avslutninga på vers 34: ein stille og forsiktig omtale av resultata av Paulus si verksemd, men likevel tydeleg på at verksemda bar frukt.

Eg tar også med noko som Per Eriksen har skrive om teksten (Vårt Land 14.10.2005):

Av flere grunner har Paulus» tale på Areopagos blitt stående som et eksempel til inspirasjon og etterfølgelse. Det første er at Paulus våget å møte sin samtids lærde på åpen mark. Det andre er hans vilje til å komme sine tilhørere i møte. Paulus kjente både deres religiøsitet og deres filosofi. Det tredje er hans uredde forkynnelse av evangeliet. Paulus lot det ikke være med et vagt kåseri om det guddommelige, han forkynte den oppstandne Jesus.

Så skal kanskje vi også våge å vandre på torgene, snakke med folk på kafeene, prøve å forstå deres tro og tenkning, lese deres diktere, se filmene, gå i teateret og på fotballkampene. Noen ganger vil vi kanskje rystes, andre ganger finne åpninger for evangeliet. Det vil være noen som trekker på skuldrene og noen som ler. Men kanskje finnes det fortsatt en og annen Dionysos og Damaris som blir kjent med en ukjent gud. Hvis du bare er der.

Forslag til preikedisposisjon:

  1. Fortelja om Paulus i Athen, om templa på Akropolis og om utfordringa Paulus fekk til å tala for Areopagosrådet.
  2. Gjengje delar av hovudinnhaldet i Paulus sin tale.
  3. Paulus talte ut frå tilhøyrarane sin kultur og tankegang. Utfordinga til oss er å møta vår tids kultur og tankegang med frimod og å forkynna Jesus inn i denne samanhengen.

Dette er ei bearbeidd utgåve av det har skrive til denne søndagen på Israelsmisjonens prekenverksted (2019). Delar av notatet bygger på eit tidlegare notat på bloggen (2005).

Advertisements

Rubljov: Treeininga

12/01/2011

Ikonet Den heilage treeininga frå ca 1410 fascinerer også i vår tid. Det er 650 år sidan kunstnaren Andrej Rubljov blei født. Jubileet har ført til fornya fokus på kunsten hans. Eg les for tida ei ny, norsk bok om dette ikonet. Morgenbladet skriv denne veka (papirutgåva 7.-13. januar 2011) om Rubljov: Ikonmaleren som samlet Russland. Stipendiat Caroline Serck-Hanssen (kunsthistorie, UiB) fortel til avisa om korleis ho opplevde å sjå originalen på Tretjakovgalleriet i Moskva:

Den største opplevelsen var at – wow – det er så stort! Mye større enn jeg hadde forestilt meg etter å ha sett avbildninger og kopier. Det andre er at det nærmest lyser av seg selv. Det har en lysintensitet som ingen reproduksjon kan få frem, og virker helt overnaturlig, som om det kommer lys innenfra og ut, sier hun.

Boka eg les er Kjærlighetens hus av biskop Halvor Nordhaug (Verbum 2010). Boka handlar om Rubljov sitt ikon. Nordhaug blir også intervjua av Morgenbladet. På spørsmål om korfor han har skrive bok om biletet, svarar han:

Fordi treenigheten er det sentrale i den kristne tro. Og fordi ikonet til Rubljov gir en vakker, emosjonelt bevegende og intellektuelt innholdsmettet fremstilling av hva det vi [sic!] si å tro på en Gud i tre personer, sier Nordhaug.

Den bibelske bakgrunnen for biletet er forteljinga i 1. Mosebok 18 om då Abraham og Sara fekk besøk av Herren, på ein merkeleg måte omtalt som tre menn (eller englar?):

Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøra midt på heitaste dagen.  Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda og sa: «Herre, dersom du har god vilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din! Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger – sidan de no har lagt vegen om tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!» (1. Mos 18,1-5).

Nordhaug skriv litt om denne forteljinga før han går inn i ulike detaljar i ikonet:

Her er det påfallende at Abraham tiltaler de tre mennene som «Herre». En av dem er altså «Herren». Eller er «Herren» alle tre, siden de nærmest svarer Abraham i kor? Senere i fortellingen leser vi at en av dem fører ordet, og at denne mannen kalles «Herren», mens de to andre beskrives som engler. Her synes det å være noe som ikke helt går opp. (Nordhaug: Kjærlighetens hus, s. 6f).

Eg anbefaler med dette både Nordhaug si bok, Morgenbladet sin artikkel og ikkje minst forteljinga i 1. Mosebok.

Og la deg gjerne bli inspirert til gjestfridom av denne teksten! Sjå kva som står i Hebrearbrevet:

Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. (Hebr 13,2)

Oppdatert 26.05.2018


Treeiningssøndag

03/06/2007

Det er Treeiningssøndag (bokmål: treenighetssøndag) i dag. Eg markerer dagen med å gjengje den nikenske truvedkjenninga, ein viktig tekst med tanke på den felles kristne trua på den treeine Gud: Far, Son og Heilagande.

Sjå også notatet Rubljov: Treeininga om det flotte ikonet Den heilage treeininga.

Her er den nikenske truvedkjenninga:

Vi trur på éin Gud, den allmektige Far, som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt. For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen, og ved Den Heilage Ande og av Maria møy vart han menneske av kjøt og blod. Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus, Leid og vart gravlagd, stod opp tredje dagen etter Skriftene og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom og døma levande og døde, og hans rike skal vera utan ende.

Vi trur på Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen, som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennomprofetane. Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda.

Det er mange tekstar frå Bibelen som har det trinitariske perspektivet med. Eg syns den paulinske velsigninga er flott:

Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle! (2. Kor 13,13)

Sjå og Wikipedia sin artikkel om Den hellige treenighet.


%d bloggarar likar dette: