Trappevegen frå Siloadammen

01/11/2019

Det er diskusjon om alderen på pilegrimsvegen som er under utgraving under Davidsbyen i Jerusalem. Det har lenge vore sagt at den blei bygd av Herodes den store, som døydde i år 4 f Kr. Nå seier ein forskings-rapport at den er bygd ca år 30, altså under Pilatus. Mens den fremste eksperten på tempelhøgda i Jerusalem meiner den er bygd av kong Agrippa II på slutten av 50-talet. Det er funn av myntar som kan daterast nøyaktig som blir brukt i diskusjonen, og ulike forskarar tolkar og vektlegg funna på ulik måte.

Den breie trappevegen var truleg ein viktig pilegrimsveg og den avsluttande etappen for dei som var på veg opp til tempelet. Om den var ferdig bygd på Jesu tid, er altså foreløpig eit ope spørsmål.

Vegen går frå Siloadammen til Robinson´s Arch ved tempelplassen. Det er ein imponerande trappeveg som i dag ligg under jorda, hovudsakleg under gata El-Wad. Det vil truleg gå fleire år før heile vegen kan bli opna for publikum, men under denne vegen går det ein trang avløpskanal (der det også er mange trapper), og den har vore open i nokre år nå. Eg har gått den fleire gonger, seinast i haustferien i år.

National Geographic har nyleg publisert ein artikkel som fortel om vegen og om diskusjonen om datering. Artikkelen er illustrert med eit flott bilde av vegen. Artikkelen fortel også om kritikken frå palestinsk hald mot dette arkeologiske arbeidet, som foregår under det som i dag er eit palestinsk bustadområde.

Road built by biblical villain uncovered in Jerusalem
A long-buried street that led pilgrims to the Jewish Temple 2,000 years ago was commissioned by Roman governor Pontius Pilate. (National Geographic 20.10.2019)

The Gospel Coalition følger opp med ein artikkel som presenterer hovudsynspunkta i artikkelen over, men som også lar Leen Ritmeyer, spesialist på tempelhøgda, sleppa til med ei alternativ datering:

Was the Road in Jerusalem Discovered by Archaeologists Really Built by Pontius Pilate? (The Gospel Coalition 22.10.2019).

Eg avsluttar med eit bilde frå avløpskanalen som altså går under den store trappevegen som er under utforsking.

IMG_8899

Avløpskanalen under trappevegen i Davidsbyen.
Foto: Inger Bakke Berge 2018


%d bloggarar likar dette: