Hole Q12 funne i Qumran

hu170208_caveentrance

I dag har eg fått ei overraskande og interessant nyheit tilsendt: ei pressemelding om funn av hittil ukjent hole i Qumran i ørkenen ved Dødehavet, staden der Dødehavsrullane blei funne. Funnet blir omtalt som det viktigaste i Qumran på 60 år!

Det er The Hebrew University of Jerusalem som kunngjer dette i dag (08.02.2017). Hola blir omtalt som Q12, det vil seia Qumranhole nr 12.

Foto: Casey L. Olson og Oren Gutfeld. Dei har fleire bilde som ligg ved pressemeldinga.

Her er eit utdrag:

Hebrew University Archaeologists Find 12th Dead Sea Scrolls Cave
08/02/2017

Hebrew University archaeologist Dr. Oren Gutfeld: «This is one of the most exciting archaeological discoveries, and the most important in the last 60 years, in the caves of Qumran.» …

Until now, it was believed that only 11 caves had contained scrolls. With the discovery of this cave, scholars have now suggested that it would be numbered as Cave 12. Like Cave 8, in which scroll jars but no scrolls were found, this cave will receive the designation Q12 (the Q=Qumran standing in front of the number to indicate no scrolls were found).

«This exciting excavation is the closest we’ve come to discovering new Dead Sea scrolls in 60 years. Until now, it was accepted that Dead Sea scrolls were found only in 11 caves at Qumran, but now there is no doubt that this is the 12th cave,” said Dr. Oren Gutfeld, an archaeologist at the Hebrew University’s Institute of Archaeology and director of the excavation. “Although at the end of the day no scroll was found, and instead we ‘only’ found a piece of parchment rolled up in a jug that was being processed for writing, the findings indicate beyond any doubt that the cave contained scrolls that were stolen. The findings include the jars in which the scrolls and their covering were hidden, a leather strap for binding the scroll, a cloth that wrapped the scrolls, tendons and pieces of skin connecting fragments, and more.»

Les meir

Oppdatering:

Vårt Land skriv 10.02.2017 om funnet. Avisa legg mest vekt på at skriftrullene frå Q12 truleg forsvann på 1950-talet. Dei har kommentar frå Torleif Elgvin om funnet og plyndringa av hola:

Nytt Qumranfunn vitner om plyndring
Forskere har funnet en ny grotte med spor etter dødehavsrullene.

… Torleiv Elgvin er en av verdens ledende forskere på dødehavsrullene. Han forklarer at tekstene som har vært i hulen i dag sannsynligvis befinner seg i Rockefellermuseet. Disse tekstene ble funnet av beduiner på 50-tallet og har etiketter fra hule nummer fire.

– Man kan selvsagt ikke utelukke at noen av tekstene fra Q-12 fortsatt er på vidvanke. Men jeg regner ikke dette som veldig sannsynlig, sier Elgvin og tar funnet med fatning:

– Funnet er et supplement til mye av det vi allerede vet, men vi lærer nok ikke så mye mer om qumransamfunnet …

(Les meir)

Nytt om Dødehavsrullane 2016

Hole 4, Qumran

Dødehavsrullane er ikkje ferdig utforska. Dei berømte pergamenta med gamle tekstar blei funne for snart 70 år sidan i holer i ørkenen ved Dødehavet, i og rundt Qumran. Men dei er «fortsatt en tekstsamling som utfordrer gammeltestamentlere, nytestamentlere, arkeologer og historikere» (sitat Torleif Elgvin).

Bildet av hole 4, der mange av tekstane blei funne, tok eg i Qumran for nokre år sidan.

Dødehavsrullane inneheld mange ulike typar tekstar: for det første bibeltekstar (GT), for det andre forskjellige tekstar som er utforma av fellesskapet som heldt til i Qumran («Samfunnet», truleg essearar) og for det tredje ulike jødiske tekstar som blei lesne i dette fellesskapet. Samfunnet heldt til i Qumran i første hundreår f. Kr. og første hundreår e. Kr. fram til romarane øydela staden i år 68. Dei var altså der på Jesu tid.

Torleif Elgvin er ein av forskarane som arbeider med desse tekstane. Han har dei siste åra leia eit forskringsprosjekt der ein har undersøkt tekstar og gjenstandar frå Qumran med ny teknologi. Arbeidet er nå presentert på norsk i artikkelen Nye perspektiver på dødehavstekster i Teologisk Tidsskrift 2/2016 og meir grundig i boka Gleanings from the Caves som kjem ut seinare i år.

Eg hadde med meg tidsskriftartikkelen til fjells nå i sommar. Eg kunne ta meg eg god tid; lesinga blei bare forstyrra av eit par koppar kaffi og den flotte utsikta mot Taumevassnuten. Og eg blei ikkje skuffa. Sjølv om eg ikkje har greie på dei avanserte metodane til forskingsteamet, syns eg det var interessant å lesa om arbeidet deira og ikkje minst om koss forskarane tolka dei funna dei har gjort.

Eg la spesielt merke til at pergamentanalysen skal støtta opp om ein teori som seier at essearane var ei ressursrik og talrik gruppering som gjorde seg gjeldande i byar og landsbyar i Judea, altså ikkje ei perifer gruppe som var avgrensa til ørkenen ved Dødehavet. Vidare at analysen av eit linklede som skal ha vore brukt til å pakka inn Tempelrullen, kan tyda på at rullen er plassert i hola (hole 11, tre km nord for Qumran) etter år 70. Men det er også mange andre interessante funn og teoriar som blir presenterte.

Teologisk Tidsskrift har ein introduksjon til Elgvins artikkel, skriven av Hallgeir Elstad og Reidar Hvalvik: Nytt lys over gamle tekster.

Det er elles ganske spesielt at objekta som forskingsprosjektet har arbeidd med, høyrer til i ei norsk samling; Schøyen-samlinga, som skal vera den største private skriftsamlinga i verda!

Eldre enn Bibelen

Eg følgjer forskingsprosjektet  “‘Biblical’ Texts Older than the Bible” med interesse.

Eg set pris på at dei som står bak prosjektet, veit å bruka nettet til å skapa interesse for forskinga. Les meir på facebook og på bloggen deira. Sjå også nettsida til Torleif Elgvin.

NRK hadde nyleg eit oppslag om prosjektet:

Forsker på Dødehavsrullene

Et forskingsteam fra Universitet i Agder skal forske på upubliserte bibeltekster, som viser seg å være eldre enn Bibelen selv. (Les meir)

Lukke til, Årstein og Torleif!