Ny guidebok om tempelhøgda

jerusalem-the-temple-mount-a-carta-field-guide

Denne veka fekk eg tilsendt den rykande ferske guideboka om tempelhøgda i Jerusalem. Eg hadde bestilt boka frå forlaget, slik at eg skulle få den så snart som mogleg. Boka blir omtalt slik:

JERUSALEM—THE TEMPLE MOUNT is the first modern guide  to the Temple Mount for visitors of all religions. (…) The authoritative text of JERUSALEM: THE TEMPLE MOUNT contains priceless information and is richly documented with detailed maps, plans and stunningly evocative reconstructive illustrations. An artistic masterpiece in itself, this important addition to the scant literature on the Temple Mount will be equally appreciated by Jerusalem residents, tourists and armchair travellers.

Eg har så vidt begynt å bla i boka. Ho ser svært interessant ut. Her er mykje informasjon, gode foto og ikkje minst: flotte teikningar i kjent Ritmeyer-stil. Den som vil gjera seg kjent med teikningane hans, kan følga bloggen Ritmeyer Archaeological Design. Eg ser fram til å lesa boka, og ikkje minst til å ha den med meg neste gong eg skal til Jerusalem!

Sist gong eg var oppe på tempelplassen, var på ein studietur i 2013. Då var eg med i ei gruppe som fekk omvisning av ein muslimsk guide, faktisk også inne i Al-Aqsa-moskéen og Klippedomen. Det var ei spesiell oppleving; omvisninga handla bare om islam og muslimsk kulturhistorie, og guiden gav ikkje uttrykk for at han kjente til noko jødisk tempel på staden! Det er i den samanhengen interessant at den forrige guideboka til tempelhøgda, gitt ut av The Supreme Moslim Council i 1925, visstnok tydeleg stadfesta samanhengen tilbake til Salomos tempel (her).

Tempelhøgda er viktig for tre religionar; jødedomen, islam og kristendomen. Her stod Salomos tempel i kongetida (Det gamle testamentet). Her stod Det andre tempelet (Herodes´ tempel) på Jesu tid. Og her var det naturlege sentrum i Jerusalem for Jesus og disiplane, når dei var i byen i samband med dei store høgtidene. I dag er staden prega av muslimsk kultur og arkitektur. Erling Rimehaug skreiv nyleg om staden i Vårt Land, i ein serie om viktige stadar der religionar møter kvarandre: Steiner med hellige spor.

Det er mange kjente bibeltekstar som viser til at Jesus ofte heldt seg på tempelplassen når han var i Jerusalem. Men det er også mange mindre kjente «overgangsavsnitt» som ikkje blir lagt merke til på same måte. Eg skriv dette laurdag før palmesøndag. Derfor tar eg med eit slikt avsnitt som høver godt nå i tida før påske:

Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han. (Joh 11,56-57)

Sjå også tidlegare notat om staden, for eksempel desse: Klippedomen og Vestmuren.

Vatn i Jerusalem i GTs tid

Det er nyleg funne store reservoar for vatn frå gamaltestamentleg tid like ved tempelhøgda i Jerusalem. Funna blei presenterte på ein konferanse i byen i går kveld.

Vatn er viktig. Jerusalem ligg høgt oppe i fjella i ein region med varmt klima. Sikker tilgang på vatn har alltid vore heilt avgjerande. Det har lenge vore kjent at Gihonkjelda i gamal tid var sentral for forsyninga av vatn, både i krig og i fred. Nå er det altså gjort arkeologiske funn som viser at også andre «kjelder» har vore viktige i byen sitt liv.

Funna er gjort i samband med det arkeologiske arbeidet i det gamle avløpssystemet. Det har dei siste åra blitt arbeidd mykje med «hovudvegen» med tilhøyrande avløpstunnel som gjekk ned Tyropoiondalen frå tempelhøgda til Siloadammen. Både vegen (trappa) og avløpstunnelen ligg i dag under bakkenivå.

IAA har lagt ut ei pressemelding om saka:

A Public Water Reservoir Dating to the First Temple Period has been Exposed for the First Time next to the Western Wall (September 2012)

According to Eli Shukron, excavation director on behalf of the Israel Antiquities Authority, “It is now absolutely clear that the Jerusalem’s water consumption during the First Temple period was not solely based on the output of the Gihon Spring, but that it also relied on public reservoirs

(…)

The excavation, during the course of which the reservoir was discovered, is part of an archaeological project whereby the entire drainage channel of Jerusalem dating to the Second Temple period is being exposed. The channel runs north along the City of David spur, from the Siloam Pool to a point beneath Robinson’s Arch. The route of the channel was fixed in the center of the main valley that extends from north to south the length of the ancient city, parallel to the Temple Mount. In his description of Jerusalem in the Second Temple period, Josephus refers to the valley by its Greek name “Tyropoeon”, which scholars believe means “Valley of the Cheese-makers”. Another interpretation identifies the valley with the “Valley of the Decision”, mentioned in the Book of Joel.

It became apparent while excavating the channel that during the construction of this enormous engineering enterprise its builders had to remove earlier structures that were situated along the route of the channel and “pass through” existing rock-hewn installations that were located along it. An extraordinary installation that was exposed in recent weeks is a large water reservoir treated with several layers of plaster, which probably dates to the First Temple period.

The reservoir has an approximate capacity of 250 cubic meters and is therefore one of the largest water reservoirs from the First Temple period to be discovered so far in Jerusalem, and this was presumably a reservoir that was used by the general public

(…)

According to Dr. Yuval Baruch, archaeologist in charge of the Jerusalem Region of the Israel Antiquities Authority, “Upon completion of the excavations along the route of the drainage channel, the IAA will examine possibilities of incorporating the impressive water reservoir in the planned visitors’ path.

Les meir

Modell av tempelhøgda

Tempelhøgda i Jerusalem er viktig både i historisk og aktuelt perspektiv. Eg blir derfor interessert når eg les at ein gamal og interessant modell av tempelhøgda nå er utstilt i Christ Church, sentralt i Gamlebyen i Jerusalem.

Modellen, som er fire meter lang og tre meter brei, blei laga på 1800-talet av arkeologen Conrad Schick, ein av pionerane i arbeidet med Jerusalems arkeologi. Han kunne på den tida undersøkja delar av området som ikkje er tilgjengelege i dag.

Sjå bilete av modellen her: Friends of Conrad Schick

Haaretz skriv om saka:

Tiny model of Temple Mount returns to Jerusalem
140-year-old model on display near Jerusalem’s Jaffa Gate, after spending 138 in Basel, Switzerland.

(…) That’s because since Sunday, Christ Church has been displaying a model of the contentious sacred mount. The work has returned home after nearly a century and a half in Switzerland. (…)

«Every time they dug a hole in the Temple Mount, he ran there to examine it,» said Prof. Haim Goren of Tel Hai Academic College, an expert on Schick’s work. (…)

Like many of Schick’s models, this one had dozens of parts that could be dismantled to show inner, underground areas.

«It’s not only beautiful, it’s also an important research tool, because it was built by a man who visited every pit and understood the topography in a way we can’t fathom,» Gibson said.

Les meir

Eg er ikkje i tvil; neste gong eg er i Jerusalem veit eg kvar eg skal gå!

(via PaleoJudaica)

Klippedomen

Jerusalems 10 på topp #1

Frå tempelplassen, Jerusalem. Foto: Arne Berge 2011

I serien over ti høgdepunkt for den som besøker Jerusalem, har eg nå kome til toppen av lista. Og det er ingen tvil; det er den muslimske Klippedomen, eller Klippemoskéen som den ofte blir kalla, som står øvst på lista.

«10 på topp» – lista har eg funne i eit lite hefte med The Glories of Jerusalem, The Top Ten Sites in the Holy City. Lista er sett opp av bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor.

Utsikta frå Oljeberget er eit klassisk motiv frå Jerusalem. Her står eg på Oljeberget og har byen i bakgrunnen. Tempelplassen med Klippedomen (med gullkuppelen) ligg sentralt i biletet der det er mange trær. Det moderne Vest-Jerusalem ligg i bakgrunnen.

Klippedomen er både vakker og gamal. Bygget stod ferdig i 691, altså mindre enn 100 år etter at islam oppstod som religion på byrjinga av 600-talet. Bygningen er den eldste muslimske heilagdomen i verda. Den ligg sentralt på tempelplassen i Gamlebyen i Jerusalem, på den staden der jødane sitt tempel stod. Oktogonen med kuppel er inspirert av viktige kyrkjebygg frå bysantinsk tid.

Murphy-O’Connor skriv:

The Dome of the Rock is one of the finest monuments of Arab civilization – indeed, of human civilization.

Eg var inne i Klippedomen (og i Al Aqsa, som også ligg på tempel-plassen) i 1996. Etter 2000 har det ikkje vore lov for andre enn muslimar å koma inn i desse heilagdomane. Men det er lov å gå opp på tempelplassen og studera Klippedomen og dei andre bygningane på området på nært hald. Dei som ikkje er muslimar, får koma inn på tempelplassen gjennom Mughrabi-porten via ein provisorisk gangbru som ligg like sør for Vestmuren.

Klippedomen. Foto: Arne Berge 2011

Sommaren 2011 var eg oppe på tempelplassen eit par gonger i løpet av feriedagane i Jerusalem. Først åleine, – og då blei eg ganske raskt og pågåande fanga opp av ein mann som etter litt «forhandlingar» lova å visa meg rundt. Det viste seg at han var meir opptatt av å fortelja om muslimsk tru enn om dei ulike bygningane. Men eg tok ein del bilete og fekk han til å fortelja om kva eg såg. Sidan var eg ein gong til på området, saman med Inger.

Oppdatering 11.02.2013:

Det viser seg at reglane for kven som får koma inn i Klippedomen og Al Aqsa, ikkje er absolutte. 15.01.2013 var eg med i ei gruppe som fekk omvising i dei to viktige muslimske bygga. Det var svært interessant!

Jerusalems 10 på topp

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Vestmuren

Jerusalems 10 på topp #3

Vestmuren. Foto: Arne Berge 2005

Vestmuren kan kallast an icon of contemporary Jerusalem.

Det er Jerome Murphy-O’Connor som omtaler Vestmuren (eller «Klagemuren») slik i si oversikt over Jerusalems 10 på topp:

The Western Wall has become, along with the Dome of the Rock, an icon of contemporary Jerusalem. The bald wall face that mesmerizes tourists and pilgrims alike is in fact a small portion of the retaining wall built in the first century B.C. by King Herod to support the Temple Mount, a portion that for centuries had been the only one set aside for Jewish worship.

Biletet viser dimensjonane ved muren. Dei nederste delane (med størst steinar) er frå Jesu tid.

Staden er absolutt fascinerande for den som kjem dit som turist eller pilegrim. Og samtidig er det altså også ein stad som er i dagleg bruk, nærast som ein synagoge i friluft. For dei faste «brukarane» av staden er det bøn og lesing av heilage tekstar som står i sentrum.

Vestmuren. Foto: Arne Berge

Det første biletet viser eit utsnitt av den venstre og største delen av plassen framfor muren. Denne delen er bare open for gutar og menn. Jenter og kvinner kan koma inntil muren litt lenger til høgre. Det andre biletet viser gjerdet som skil mellom kjønna.

Vestmuren er ein stad der ein kjem tett innpå det jødiske Jerusalem. Samtidig er tempelplassen like over muren den mest symboltunge muslimske staden i byen. Forholdet mellom dei heilage stadane er med og gjer Jerusalem til ei vanskeleg og foreløpig uløyst gåte i ein framtidig fredsprosess i Midt-Austen.

Sjå også: Vestmuren / Klagemuren

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Det er forskaren og forfattaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista eg følgjer i serien. Vestmuren er rangert som nr 3.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Sjå meir stoff om Vestmuren her.

Plasseringa av tempelet i Jerusalem

I dag (07.02.2007) har ein professor ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem offentleggjort nye forsknings-resultat omkring den nøyaktige plasseringa av tempelet i Jerusalem. Nå skal det seiast at det ikkje er nokon lang «flytting» han gjer. Det er vanleg å hevda at tempelet låg sentralt plassert på det som i kristen og jødisk tradisjon blir … Hald fram med å lese «Plasseringa av tempelet i Jerusalem»

020 oktober 2006 202
Tempelplassen. Foto: Arne Berge 2006

I dag (07.02.2007) har ein professor ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem offentleggjort nye forsknings-resultat omkring den nøyaktige plasseringa av tempelet i Jerusalem. Nå skal det seiast at det ikkje er nokon lang «flytting» han gjer. Det er vanleg å hevda at tempelet låg sentralt plassert på det som i kristen og jødisk tradisjon blir kalla tempelplassen, nærare bestemt der Klippemoskeen (med gullkuppel) ligg i dag. Men professor Joseph Patrich meiner at tempelet må ha lege litt annleis plassert enn det som er vanleg å anta.

While scholars have put forth various assessments for the location of the Second Temple in Jerusalem, a Hebrew University of Jerusalem professor says that archaeological remains that have so far been ignored by scholars point to the exact location, which is in a spot that differs from prevailing opinion.

The location identified by Prof. Joseph Patrich of the Hebrew University Institute of Archaeology places the Temple and its corresponding courtyards, chambers and gates in a more southeasterly and diagonal frame of reference than have earlier scholars.

In spotting the Temple in this way, Patrich concludes that the rock, over which the Dome of the Rock mosque was built in the 7th century C.E. is outside the confines of the Temple. The rock is considered by Moslems to be the spot from which Muhammad ascended to heaven and for Jews the place at which the binding of Isaac took place.

(Les heile pressemeldinga med skisse av tempelplassen her)

Store delar av evangelietekstane om Jesu liv er knytt til tempelet og tempelplassen. Dette er ein stad me kan få eit visst inntrykk av også i dag. Frå Oljeberget er det flott utsikt over mot tempelhøgda og Gamlebyen. Den store tempelplassen (ca 450 x 300 meter) ligg der framleis, riktignok er det bare dei nederste delane av murane som er frå Herodes den store si tid. Men tempelet som stod midt på plassen er det ikkje restar av, det blei totalt øydelagt av romarane då dei tok byen i år 70.

Den muslimske Klippemoskeen stod ferdig i 691. I sentrum av denne bygninga kjem klippa fram i dagen, og det er mange tradisjonar knytt til denne staden både i jødisk og muslimsk tenkning. Derfor er det av stor interesse når den nøyaktige plasseringa av tempelet i forhold til denne klippa blir drøfta av arkeologar.

Det er tilfeldig at eg skriv denne artikkelen same dagen som eg har referert frå Jonas Gahr Støre sitt foredrag om religionskonfliktar. Men det er også ein interessant samanheng mellom dei to innlegga. Få stadar i verda er utgangspunkt for ein vanskelegare religiøs konflikt enn tempelplassen i Jerusalem! Derfor finn universitetet i Jerusalem det viktig å avslutta pressemeldinga om Patrichs teori med nokre ord om dette:

Prof. Patrich stressed that his research concerning the location of the Temple is strictly academic in nature, and that political connotations should not be attributed to it.

(via PaleoJudaica)