Pave Shenouda III

19/03/2012

Den koptiske paven Shenouda III døydde laurdag 17. mars. Han hadde då vore ein markant leiar av den koptisk-ortodokse kyrkja sidan 1971.

Eg opplevde den koptiske paven på ei kveldssamling i Markuskatedralen i Kairo på ein studietur i 2008. Det var ei interessant oppleving. Midt i den opphøgde personfokuseringa, la han vekt på å vera nær folket. Kyrkja var fylt av fleire tusen koptarar, og paven svarte på spørsmål frå salen omtrent som ein norsk konfirmantprest. Dei handla om alt frå ekteskapsrådgjeving til spørsmål om bøn og dogmatiske tema.

Pave Shenouda vil bli huska som ein modig kyrkjeleiar. Den koptiske kyrkja har markert seg som ei positiv kraft i samfunnet i hans tid. Så vidt eg forstår, har Shenouda spesielt markert seg gjennom eit sterkt fokus på undervisning av dei kristne i Egypt og gjennom eit sterkt økumenisk engasjement.

I samband med den koptiske julefeiringa i januar i år, refererte eg (her) til pave Shenouda si julehelsing i ei hardt pressa tid: han la hovudvekta på at me skal vera gode mot kvarandre.

Advertisements

Helsing frå pave Shenouda

07/01/2012

Den koptiske kyrkja i Egypt feirer jul i dag, som mange andre ortodokse kristne. Bjørn Olav Hansen har i samband med den koptiske feiringa omsett pave Shenouda III si julehelsing.

Paven i den hardt pressa koptiske kyrkja legg ikkje vekt på den usikre situasjonen koptarane lever under. Han helsar heller med ord om å vera god mot andre!  Les den koptiske paven si helsing her.

(Sjå også Vårt Land sin nettleiarartikkel Gledelig jul! der kommentarane slår fast at koptarane feirer jul i dag 7. januar, jfr også notatet Trettande dag)


%d bloggarar likar dette: