Kraft om Selja

Det er Seljumannamesse i dag, 8. juli. Eg markerer dagen med eit lite notat i skjæringspunktet mellom to av interessene mine; pilegrimsreiser og gamle bøker. Eg fann i går kveld fram Krafts Haandbog over Norge, ei av dei gamle geografibøkene eg har i bokhylla, for å sjå korleis denne boka omtaler klosterruinane på Selja.

Klosteret på Selja

Seljumannamesse er ein gamal merkedag knytt til legenda om den heilage Sunniva og klosteret på Selja ved Stadlandet. Selja er ein viktig stad i den eldste norske kyrkjehistoria og kanskje det første norske pilegrimsmålet. Den som ikkje kjenner historia, kan f eks lesa Wikipedia-artikkelen om Selje kloster.

Bildet viser klosterruinane. Tårnet står igjen etter Albanus-kyrkja. Eg tok bildet då eg var på staden i 2010, på kystpilegrimstur frå Stavanger til Selje.

Historisk-topographisk Haandbog over Kongeriget Norge (1845-1848) er skriven av Jens Edvard Kraft (1784-1853).

Øya Selja heitte på den tida Sælø.  Boka har ein kort omtale av staden i avsnittet om Hove Præstegaard i Sælø Præstegjeld (Nordre Bergenhuus Amt). Ruinane var den gong ennå ikkje restaurert, men dei var tydelegvis kjente og blei sett på som så interessante at dei fortente ein omtale i boka.

… under hvilken Gaard hører Øen Sælø, paa hvilken Ø Kong Olaf Tryggvesen anlagde en Kirke, ligesom Hovedsognets Kirke stod her indtil Aar 1654, da den blev flyttet over til Fastlandet paa Præstegaardens Grund, og paa samme Ø, der er bekjendt af Legenden om den irske Dronning Synneve (Sunniva), var det St. Albanus helligede Kloster, hvoraf endnu Ruiner sees.

Ein fotnote viser til den tids tilgjengelege litteratur om klosterruinane:

See Klüivers Norske Mindesmærker, S. 133-137, hvor der findes en udførlig Beskrivelse med Kart over disse Ruiner, saavelsom Biskop Neumanns Reisebemærkninger i Budstikkens Sjette Aargang, Sp. 567-577, og Sammes Beretning i Tidsskriftet Urda, 1ste Bd. S. 215-217, med Hensyn til to herværende Bjerghuler. Klosteret selv og dets Skjebne omhandles i Langes «Norske Klostres Historie» S. 537-544.

Her er alle notata frå turen:

Ei helg i Selje

Selje var målet for oss som var på pilegrimsreise nordover langs kysten frå Stavanger. Me hadde ei flott helg her på og ved Stadlandet.

På søndagen var me på tur ut til den litle øya Selja som er ein viktig stad for den eldste kyrkjehistoria vår:

  • Øya er knytt til tradisjonen om Sta Sunniva og Seljemennene, som skal ha kome hit i båt frå Irland. Her er den keltiske påverknaden sterk og dette var kanskje det første pilegrimsmålet i Norge, allereie frå omlag år 1000.
  • Vidare var øya eit av dei første bispeseta i landet i hundre år frå 1068 då kong Olav Kyrre delte landet i tre bispedømme. Bispesetet blei flytta til Bergen i 1170, saman med relikviane knytt til Sta Sunniva.
  • Så må det også nemnast at det blei bygd kloster og fleire kyrkjer her på 1200-talet. Nå er det ruinar som gjev eit inntrykk av klosteret, og tårnet frå Albanuskyrkja viser godt igjen i terrenget (sjå bildet).

(I parentes vil eg nemna at det nå visstnok er gresk-ortodokse kristne som ønskjer å starta eit nytt kloster på Selja, – og at dette er nonner frå klosterfellesskapet som eg kjenner frå klosteret i Thiva.)

På laurdagen gjekk me fjelltur over Stadlandet til Dragseidet, der det er sett opp eit kors til minne om kristninga av denne delen av landet. Vidare reiste me med buss ut til Ervik og Vestkapp.

Eg syns det var spesielt flott å koma opp på Vestkapp, det vestlegaste fjellplatået i landet, nesten 500 meter over Stadhavet. Det er mindre enn to månadar sidan eg var på Kapp det gode håp og Cape Point, og desse to kapp-opplevingane (begge i godver!) har gjort eit sterkt inntrykk på meg. Her er det mykje himmel og mykje hav. Det uendelege kjem nær. Og me menneske blir små i slik natur.

Her er alle notata frå turen:

 

Frå Stavanger til Selje

Eg har i kveld kome heim frå ei pilegrimsreise langs kystleia frå Stavanger til Selje. Nokre vil kanskje undra seg over at eg kallar denne turen ei pilegrimsreise, for eg har ikkje gått så mykje. Det har derimot vore ein tur med mykje kollektivtransport (i båt) og kanskje er det rettare å seia at eg har vore på ei reise i pilegrimars kjølvatn. Eg meiner likevel eg har orda mine i behald. For meg betyr det å vera pilegrim for det første at eg er undervegs mot eit (heilagt) mål, for det andre at eg er på ei indre reise som går parallelt med den ytre reisa. Begge desse kriteria har vore til stades på denne turen.

Selje med klosterruinane på den litle øya Selja er ein viktig stad for den eldste kristne historia i landet vårt. Her er det ein sterk tradisjon knytt til legenda om St. Sunniva og Seljemennene. Dette er kanskje det eldste pilegrimsmålet i Norge. Reisa frå Stavanger til Selje kan derfor både sjåast som ein del av ei større reise, fram til Nidaros-domen, og som ei eiga reise med Selje som det endelege målet.

Eg har skrive eit par notat undervegs. Kanskje kjem det meir stoff om turen i tida framover.

Oppdatering: Her er alle notata frå turen: