Påskemåltid med djupe røter

I kveld skal eg vera med og feira eit kristent påskemåltid i bibelsk-jødisk tradisjon. Måltidet inneheld mange symbolske rettar i tillegg til eit godt og sosialt middagsmåltid. Me les tekstar, høyrer historier, syng salmar og feirar nattverd saman.

Eg har vore med og feira dette måltidet tidlegare og ser fram til kvelden som ein viktig del av påskeførebuinga mi. Påskemåltidet er også viktig for meg fordi det formidlar bibelske samanhengar som ikkje er så godt kjent, heller ikkje blant aktive bibellesarar.

Jesus og disiplane var samla til påskemåltid i Jerusalem. Dei feira måltidet etter den orden som det jødiske folket gjennom generasjonar før dei hadde følgt. I dette måltidet var det Jesus tok brødet og vinen og innstifta nattverden. Når me kristne feirar påskemåltid med utgangspunkt i dette bibelsk-jødiske måltidet, er det to store forteljingar som pregar innhaldet i kvelden; både den grunnleggjande påskeforteljinga om då Moses leia israelsfolket ut av Egypt og den grunnleggjande kristne forteljinga om då Jesus sona synda i verda gjennom sin død og si oppstode i påsken.

Måltidet blir også kalla sedermåltidet (hebraisk: seder = orden). Sentralt i måltidet er sju symbolske rettar. Programmet for måltidet følgjer hagaddah (hebraisk: hagaddah = forteljinga, dvs påskeforteljinga) og er bygd opp omkring fire beger vin knytt til livet, frelsa, velsigninga og håpet. Hovudmåltidet kjem mellom andre og tredje beger. Det var det tredje begeret, velsigningsbegeret, Jesus nytta då han innstifta nattverden: Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: Dette begeret er den nye pakta i mitt blod (1. kor 10,25).

Påskemåltidet i kveld skal vera i kyrkja vår her på Bryne. Det er ca 45 påmeldte til kvelden. Eg skal leia måltidet, som blir arrangert av misjonsutvalet i kyrkjelyden. Bryne kyrkjelyd har eit misjonsprosjekt knytt til Den Norske Israelsmisjon og overskotet etter kvelden går sjølvsagt til dette prosjektet. Eit påskemåltid kan feirast i kyrkjelyden eller i heimen, med eller utan nattverd og med få eller mange deltakarar.

Den som vil setja seg inn i feiringa av påskemåltidet, kan finna konkret hjelp her. Du kan gå enda grundigare inn i saka ved å gå til biblioteket og låna boka Åtte dager i Jerusalem av Ole Christian Kvarme.

Jødisk og kristen påske

Etter jødisk kalender er det 14. Nisan i dag (08.04.2009), og frå solnedgang i kveld er det 15. Nisan. Det betyr at denne kvelden er påskeaftan i jødisk samanheng og at påskemåltidet (her) blir feira i jødiske heimar i kveld. Pesach, den jødiske påsken, er først og fremst ei feiring av Exodus, utgangen av Egypt, slik den er skildra i 2. Mosebok. Men det er også ei feiring som inneheld håp om ei komande messiansk tidsalder.

Eg har påskeferie og skal dei neste dagane feira kristen påske. Den kristne påskehøgtida har djupe jødiske røter, samtidig som Jesu død og oppstode i påsken gav høgtida eit nytt innhald.  Eg feirar påske med å delta i gudstenester dei ulike heilagdagane og med å fordjupa meg i påsken sitt innhald. Samtidig er fellesskapet i familien viktig desse dagane. Påskedagen (søndag) då me feirar at Jesus er stått opp, er høgdepunktet i den kristne påsken. Men påskedagen begynner med feiringa av påskenattmessa seint på kvelden påskeaftan (laurdag).

Før påske har eg i år vore med og feira kristent påskemåltid i bibelsk/jødisk tradisjon. Dette er ein relativt ny tradisjon som kjem frå messiansk-jødisk miljø (dei Jesustruande jødane) og som også er tatt i bruk av andre kristne som er opptatt av trua sine jødiske røter. Eg syns dette påskemåltidet er ein fin skikk som får fram fleire sider ved den kristne påskefeiringa. (Her kan du lesa det eg tidlegare har skrive om påskemåltidet på bloggen).

Eg les for tida Meliton av Sardes: Om påsken. Meliton var biskop i Sardes (i dagens Tyrkia) i det 2. hundreåret e. Kr. Påskeboka hans frå 170-talet gir  eit innblikk i påskeforkynninga i oldkyrkja. Oskar Skarsaune har omsett boka og skrive ei interessant innleiing om Meliton og boka hans. I den samanhengen skriv han også om Meliton sitt forhold til dei jødiske røtene for påskefeiringa.

Her er eit avsnitt der Skarsaune skriv litt bakgrunnsstoff om den jødiske påsken:

Men aller først må vi minne om noen viktige data med hensyn til den jødiske påsken. Den jødiske påskefesten bestod helt fra gammeltestamentlig tid av to komponenter (som muligens en gang var to forskjellige fester; det tror i hvert fall mange forskere). For det første er det påsken i streng forstand (hebraisk: pesach, aramaisk: pascha), festen omkring ofringen av påskelammet. Ifølge forskriftene i 2 Mos 12, kapitlet om den første påsken, skal påskelammet ofres på ettermiddagen den 14. dag i den måneden som senere fikk navnet Nisan. Etter solnedgang samme dag skal lammet spises i et familiemåltid. Siden jødene alltid regnet en ny dags begynnelse fra solnedgang, var da neste dag, den 15. Nisan, allerede begynt. Samtidig var 15. Nisan første dag i den andre komponenten i påskefesten, de usyrede brøds høytid, som varte én uke (15.-22. Nisan). Påskelammet kunne bare ofres i tempelet i Jerusalem; når jøder andre steder feiret påske, falt ofringen av påskelammet bort. Det gjorde den også i Jerusalem etter at templet ble ødelagt av romerne i 70 e. Kr. Påskefesten uten slakting av påskelam begynte derfor strengt tatt først etter at 14. Nisan var slutt, med et påskemåltid uten lam. Denne aftenen har siden vært kalt «påskeaften» blant jødene.

Eg syns dette avsnittet om dei to komponentane, var avklarande. Likevel må ikkje dette få oss til å tru at det er to jødiske fester, verken i gamaltestamentleg tid, på Jesu tid eller i vår tid. Det er nettopp komponentar, altså delar av ein heilskap, det dreier seg om. Evangelistane bak dei tre synoptiske evangelia skriv at påskelammet blei slakta den første dagen i høgtida med usyra brød (Matt 26,17, Mark 14,12 og Luk 22,7). Det verkar då som om dei nyttar dette namnet om heile høgtida, frå og med 14. Nisan. Eller at dei i alle høve inkludererer avslutninga av denne dagen (dvs ettermiddagen), då påskelammet skulle slaktast, i høgtida med usyrt brød. Elles pirkar eg her borti eit anna interessant tema, nemleg kva dag i påskehøgtida Jesus døydde. Men det let eg liggja i denne omgangen.

Eg avsluttar med ei av skildringane i NT av Jesu påskemåltid med disiplane, der han gjer noko overraskande og innstiftar eit nytt måltid i ramma av det jødiske påskemåltidet:

Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har fått si fullending i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk. (Luk 22,14-20)

Og slik skriv Paulus om kva nattverdmåltidet betyr:

Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet. (1. Kor 10,16-17)

Påskemåltidet

Det er ei heilt spesiell oppleving å vera med og feira påskemåltid. Når eg seier påskemåltid, meiner eg ikkje eit normalt, godt måltid i påsken. Eg tenkjer på eit spesielt og innhaldsrikt måltid som tar utgangspunkt i det jødiske påskemåltidet, et måltid fylt med tradisjon, liturgi, bibellesing og sosialt fellesskap. Samtidig tenkjer eg, som dei messianske jødane, på eit måltid som også inkluderer trua på Jesus i denne samanhengen.

Les kva Johannes Kleppe i return2sender skriv om dette:

Jeg forbinder påsken med fire beger vin: Livets, Frihetens, Velsignelsens og Håpets beger, som har sin plass i det jødiske påskemåltidet. Påskemåltidet er en stor familiefest der en feirer, og minnes det Gud gjorde da han fridde Israel fra slaveriet i Egypt.

Grunnstammen i det jødiske påskemåltid består av sju symbolretter og fire vinbegre. Gjennom ulike smaksopplevelser, spørsmål og skriftlesning gjenopplever man Guds frigjøring av israelittene fra Egypt. Når de messianske jødene samles til påskemåltid, er det naturlig å innlemme den andre påskens frelseshendelser i det som skjer. Jesu død og oppstandelse fullender den frelsen som det jødiske påskemåltid feirer. – Jeg pleier å si at vi skal feire det påskemåltidet disiplene hadde året etter Jesu død og oppstandelse. For det påskemåltidet kunne umulig være som det gamle.

Oppdatering: Sjå og notata Påskemåltid med djupe røter og Morgenbladet om Hagaddah.

Sjå også manual for feiring av kristent påskemåltid i jødisk/bibelsk tradisjon