Det gode kornet er dei som er born av riket

11/02/2019

Søndagens tekst for såmannssøndagen / Bibeldagen:
Matt 13,24-30

Wheatfield with a Reaper.
Vincent van Gogh, September 1889.
Van Gogh Museum, Amsterdam (Vincent van Gogh Foundation)

Preiketeksten er henta frå Matteus si samling av likningar om himmelriket. Likninga har ei litt anna vinkling på vekstmotivet enn dei andre såmannslikningane til Jesus. Her er såkornet Guds barn, ikkje Guds ord: «Det gode kornet er dei som er born av riket». Det er eit hovudpoeng i teksten at kveiten og ugraset må få veksa side om side til hausten.

Vekstmotivet er eit samlande tema for bibeltekstane denne søndagen, gjerne kombinert med tydinga av trusopplæring. Dei to lesetekstane handlar begge om trusopplæring med utgangspunkt i ein jødisk kontekst.

Eg har skrive om preiketeksten i Israelsmisjonen sitt Prekenverksted. Tekstgjennomgangen er skriven med tanke på dei som skal preike denne søndagen, men andre som vil førebu seg til gudstenesta, kan nok òg ha interesse av den.

Her er bibelteksten:

24 Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. 25 Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. 26 Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. 27 Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ 28 ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. 29 ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. 30 Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’» (Matt 13,24-30)

Bloggen Dwelling in the Word skriv om teksten:

There is a) the potential of the wheat; b) the problem of the weeds; c) the patience of the farmer; and d) the promise of the harvest.

Advertisements

%d bloggarar likar dette: