Dei uskuldige barna sin dag

28/12/2010

Den kyrkjelege tradisjonen markerer 28. desember som Dei uskuldige barna sin dag, til minne om at Herodes den store skal ha drepe mange barn i Betlehem i eit forsøk på å rydda Jesus av vegen. Vårt ord ramaskrik kjem frå denne forteljinga (her).

Josef og Maria var i følgje historia i Matteusevangeliet (2,13-18) blitt varsla av Gud og dei hadde allereie flykta til Egypt.  Eg har hatt glede av å setja meg inn i den koptiske tradisjonen om dette, dvs kva denne historia betyr sett med egyptiske kristne sine auge. Les meir om dette i notata Flukta til Egypt og Theophilus» openberring.


%d bloggarar likar dette: