Pilegrim i Frankrike, pinsen 2016

17/05/2016

IMG_2942

Eg har kome heim frå ein ny etappe med pilegrimsvandring i Frankrike saman med Inger. Me har nå gått dei første 580 km av 1500 km på Vegen til Santiago de Compostella, – eller for å seia det på fransk: Le Chemin de Saint Jacques de Compostelle. Dette året gjekk me sju dagsetappar frå Moissac til Aire-sur-l`Adour, tilsaman ca 170 km. Neste år passerer me kanskje Pyreneane og dermed grensa til Spania.

Ein slik tur består av masse friluftsliv, god mat, kontakt med andre pilegrimar, besøk i opne kyrkjer langs vegen, mange kaffipausar, spennande vertshus og (meir eller mindre) kontakt med vertskapet der me overnatta. Det er ei herleg form for ferie!

Bildet er frå landsbyen Castet-Arrouy ca 10 km før Lectoure. Her var det sett fram kaffi til passerande pilegrimar utanfor eit Gîte (herberge). Skjellet som heng på veggen, er symbol på pilegrimsvegen til Santiago de Compostella.

Eg har skrive små dagboksnotat undervegs. Nokre av desse vil eg bruka som grunnlag for notat her på bloggen i tida som kjem. Eg syns eg har opplevd mykje som er verdt å ta vare på og å dela med andre.

Det har også blitt god tid til å lesa. Me hadde med oss kvar vår roman. I tillegg hadde me med oss Henrik Syse si bok Med andakt. Tekster for mot, håp og tro i hverdagen. Her skriv han nokre fine tekstar om pinsehøgtida. Han legg vekt på at pinsen handlar om Guds nærvær, og det både på gode og vonde dagar.

Ei pilegrimsvandring blir ofte samanlikna med livet sjølv. For på ein slik tur er naturleg nok nokre dagar lette og andre tyngre. Det har både med terrenget og med veret å gjera, og sjølvsagt med kor lange dagsetappar me har planlagt.

Eg er nå i ganske god form etter ei ulukke i august i fjor. Det er eg takknemleg og glad for. Det har derfor vore ekstra godt å kjenna på at eg kunne gjennomføra ein slik tur enda ein gong.

Advertisements

Startpunktet: Le Puy

27/07/2013

Notat frå vandring på Chemin de Compostelle 2013, del 2

Katedralen i Le Puy-en-Velay

Det er tidleg morgon. Klokka er sju og me deltar på pilegrimsmessa i katedralen i Le Puy-en-Velay. 30-40 menneske er samla til gudsteneste med velsigning og utsending, mange av oss har allereie fått på oss turutstyret. Ryggsekken står ferdig pakka i benken ved sidan av meg.

Etter gudstenesta inviterer presten oss fram til Jakobsstatuen. Her presenterer me oss. Ei nonne noterer namn og heimstad for den enkelte pilegrimen, og kor langt me har planar om å gå.

Byen er eit pilegrimsmål i seg sjølv. Katolske kristne har kome hit frå gamal tid på grunn av den svarte madonnaen i katedralen. Eg har kome fordi byen er eit kjent utgangspunkt for vandringa mot Santiago de Compostela på GR65, den merka langdistanseløypa som fører pilegrimar og andre vandrarar i retning Pyreneane.

Oppdatering: Her er oversikt over det eg har skrive frå denne turen og frå seinare turar langs pilegrimsruta til Santiago: Vegen til Santiago de Compostela.

Me hadde ein heil dag i Le Puy før me starta vandringa. Det var me glade for. Det var mykje å sjå og godt å ha tid. Me gjekk i gamle bygater og fekk eit første inntrykk av den lokale kulturen. Me hadde tid til å «utforska» katedralen før me skulle delta på den tidlege pilegrimsmessa. Me var oppe på utsiktspunkta ved den store Mariaskulpturen og i det gamle Mikaelskapellet. Me var til og med innom eit antikvariat! Der hadde dei eit Norgeskart utgitt i Berlin midt på 1800-talet. Eg motstod såvidt freistinga. Det var ikkje tidspunktet for innkjøp som ikkje direkte kunne relaterast til turen eg skulle ut på.

Me var også innom det nye pilegrimssenteret Le Camino. Her er det bokhandel, pilegrimskafe og utstillingar i eit gamalt hus like ved katedralen. Ein del av utstillingsromma er ferdig renovert, og dette er verkeleg gjort med stil. Me fekk blant anna sjå ein flott «scenografi» over pilegrimsvegen frå Le Puy til Santiago. Senteret og utstillingane er opne på dagtid. På kveldstid har frivillige medarbeidarar med vandrarerfaring uformelle pilegrimstreff  (denne sesongen dagleg kl 1730-1930). Dessverre trefte me ingen medarbeidarar som snakka engelsk her, og språklege vanskar gjorde at me møtte opp då dei skulle stenga kl 1930! Me rakk likevel å få kontakt med ein pilegrim som også skulle ut på vandring dagen etter, og som me seinare hadde (litt) kontakt med.

Mikaelskapellet, Le PuyEg syns kanskje Mikaelskapellet (Chapelle St. Michel d’Aiguilhe) frå 900-talet var det mest fascinerande i Le Puy, både fordi det viser koss folk bygde på «umoglege» stadar for over 1000 år sidan, og fordi det historisk er knytt til den eldste kjente pilegrimsturen frå byen til Santiago de Compostela. Dessutan var fjellet kledd med ei utruleg fargeprakt som me ikkje kunne sjå før me kom heilt på nært hald.

Fargeprakt på Chapelle St. Michel d'Aiguilhe, Le Puy-en-Velay

Sjå andre notat frå turen:

1. Pilegrim i Frankrike

2. Startpunktet: Le Puy

3. Kaffi i bollar

4. Kristen kultur i vegkanten

5. Språk-muséet i Figeac


%d bloggarar likar dette: