Paulus om mot og styrke til …

28/02/2009

logo_anno_paolinoMot og styrke er eigenskapar me menneske kan trenga i ulike situasjonar. Ikkje minst når me opplever noko vanskeleg.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det her på bloggen med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Februarsitatet er frå 2. Tessalonikarbrev. Eg gjer denne gongen eit unntak ved utveljinga av sitat. Eg har funne fram til eit sitat som eg personleg knyter til ein spesiell og krevjande dag, sjølv om sitatet vel ikkje er av dei mest kjente. Eg tenkjer likevel at det er eit svært typisk Paulussitat, der han ber for dei han skriv til, samtidig som han får sagt noko viktig om Gud:

Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og eit rikt håp, måtte han gje dykkar hjarte mot og styrkje dykk til alt godt, i ord og gjerning! (2. Tess 2,16-17)

Mitt spesielle minne knytt til denne bibelteksten er at den var utgangspunkt for presten sin tale då faren min (Trygve Berge, 1912-2001) blei gravlagt. Eg huskar at talen traff godt i den aktuelle situasjonen. Bibelteksten og det presten sa i talen, sette ord på trøysta og håpet me har i den kristne trua. Samtidig uttrykte orda noko oppmuntrande og godt til oss som var pårørande og som var i sorg.

Men tilbake til Paulus og bøna hans i 2. Tessalonikarbrev. Apostelen skreiv dette brevet frå Korint til Tessalonika (i dag: Thessaloniki) under den andre misjonsreisa, ca år 50. Det er skrive kort tid etter at han skreiv 1. Tess, og desse to skrifta er truleg dei aller eldste i NT, kanskje med unntak av Jakobs brev.  Noko av bakgrunnen er at den Jesustruande forsamlinga i Tessalonika møtte motgang og vanskar. Det var også uro i forsamlinga omkring læra om Jesu gjenkomst.

Me kan merka oss at Paulus, når han ber om at dei skal få mot og styrke frå Gud, gjev dette ei retning og eit mål. Han ber om at dei skal få guddomelege krefter til alt godt, i ord og gjerning. Han ønskjer at dei skal kunne leva rett og godt, sjølv om dei har det vanskeleg. Me møter Paulus si forkynning om kva som er det gode livet, nedskrive nokre år seinare i eit av dei andre breva i NT:

Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, all god gjerning og alt som fortener ros, legg vinn på det! Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk. (Fil 4,8-9)

Tidlegare sitat:


Paulus om tornen i kroppen

30/08/2008

Det gamle bibelske uttrykket å ha ein torn i kroppen lever framleis i det norske språket, kanskje først og fremst i den gamle formen «tornen i kjødet» (frå bokmålsutgåva 1930). Ingen veit sikkert kva Paulus her siktar til, men det er tydeleg at det er noko som plagar han og som han gjerne skulle vore kvitt. Kanskje tvil og uro? Kanskje ein kronisk sjukdom?

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT.

Augustsitatet er henta frå Andre Korintarbrev (12,7-10):

Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig. Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

Kommentarane frå bibelomsetjarane i NTR 2 til desse versa, gir ein del interessante bakgrunnsopplysningar om uttrykket:

torn i kroppen: Det har vært spekulert uendelig mye over hva «tornen i kjødet», som det het i eldre oversettelser, besto i. Det greske substantivet skólops betegner noe spisst. Det brukes bl.a. om en påle, som noe – også mennesker – kunne spiddes på. Og det brukes om en torn eller en splint. Noen fortolkere mener Paulus anvender ordet i overført betydning, og at det da kan betegne apostelens tvil og anfektelse og åndelige svakhet, andre mener ordet sikter til noe fysisk konkret, for eksempel en eller annen form for sykdom (epilepsi og øyensykdom har vært blant de hyppigste gjetninger). Hvis skolóps sikter til de lidelser Paulus må utholde som apostel i tjeneste for Kristus, kan ordet være brukt om både fysiske og psykiske belastninger som aposteltjenesten førte med seg, jfr skildringen i v. 10.

som skal slå meg: Oversettelse av verbet kolafízå, som kan bety «å slå med knytteneven», jfr Matt 26,67, eller mer generelt «å mishandle». Verbet er i presens og uttrykker dermed det vedvarende: Paulus er gjenstand for konstant mishandling.

Oppdatering: Eg har markert Paulusåret med regelmessig å skriva litt i tilknyting til sitat frå dei paulinske breva i NT. Her er ei oversikt over desse notata:


Anno Paolino Bimillenario

28/06/2008

29. juni er Apostlane Peters og Paulus» dag, eller Persok, for å bruka det gamle norske namnet på merkedagen.

I kveld (28.06) har pave Benedikt opna eit Paulusår som ei markering av 2000-årsjubileet for apostelen. I samband med dette har paven invitert den ortodokse patriarken Bartolomeus til Roma, så dette har eit sus av økumenikk over seg, og det på ganske høgt plan!

Sidan verken den katolske eller den ortodokse kyrkja har nokon einerett på apostlane, heng eg meg på markeringa. Dermed er Paulusåret 2008-2009 offisielt opna, også her på bloggen.

Det er 13 paulinske brev i NT. Her på bloggen vil eg markera året med kjente sitat frå kvart av desse breva, eitt for kvar månad.

Sitatet for juni er henta frå Romarbrevet (1,16):

For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.

Les pave Benedikts undervisning om Paulus.

(via En katolsk weblog, her og her)


%d bloggarar likar dette: