I apostlane sine fotspor rundt Efesos

I går kveld var eg ute og heldt foredrag over temaet I apostlane sine fotspor rundt Efesos. Eg hadde med ein del bilete frå Efesos og dei andre sendebrevsmenighetane, frå Kolossæ og Hierapolis (alt i dagens Tyrkia) og frå den greske øya Patmos. Bakgrunnen for foredraget var dei to turane som eg hadde i dette området i fjor og som eg har skrive ein del om her på bloggen.

Ein grovdisposisjon for foredraget var:

  • Innleiing om Efesos, ein viktig by i Romarriket, og om dei arkeologiske utgravingane der.
  • Efesos som kristen by: Byen er viktig i NT (Apostelgjerningane og breva) og viktig for den første kristne kyrkja (bl a vertskap for det økumeniske konsilet i 431).
  • Paulus i Efesos: Om Paulus som misjonær, om hans to opphald i byen og om opprøret som førte til at han forlét byen.
  • Ringverknadar av Paulus si verksemd i Tyrannusskulen. Eit eksempel: Epafras frå Kolossæ som reiser heim og planter menighetar i Kolossæ, Hierapolis og Laodikea.
  • Johannes i Efesos. Ulike tradisjonar om kva tid han kom dit. Forfølgjing under keisar Domitian. Forvisning til Patmos.
  • Johannes på Patmos. Johannes får sine openberringar som er grunnlaget for Johannes» Openberring.
  • Ein omtale av nokre av sendebrevsmenighetane: Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.
  • Johannes tilbake til Efesos etter Domitians død. Johannes-tradisjonane i Efesos. Apostelens grav i Johannesbasilikaen.

Foredraget blei halde på ei samling for personalet på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø.

Paulus som misjonær

Oppdatering januar 2017: Dette var eit av dei første notata på denne bloggen, skrive i januar 2005. Eg kom tilfeldigvis over det nå, 12 år etter, og ser at eg her skreiv ei slags «programerklæring» for bloggen, som faktisk har vist seg å halda stikk:

Eg liker å reisa til slike stadar som er omtalt i Bibelen. Seinare skal eg skriva om slike reiser og om det eg har opplevd der.

Her er heile bloggnotatet frå 2005:

Paulus var truleg født omtrent samtidig med Jesus. Han var først ein motstandar av dei som trudde på Jesus, men begynte sjølv å tru etter at han møtte Jesus i eit syn utanfor Damaskus ca år 33, ikkje så lenge etter Jesu død, oppstode og himmelfart. Paulus blei snart ein strategisk misjonær i den tidlege kristne kyrkja, og han er ein sentral person i Det nye testamentet. Han reiste mykje og grunnla nye menighetar, først og fremst i det som idag er Tyrkia og Hellas. Eg liker å reisa til slike stadar som er omtalt i Bibelen. Seinare skal eg skriva om slike reiser og om det eg har opplevd der.

Me har to hovudkjelder som gjer at me kan vita noko om Paulus. For det første Apostelgjerningane (Apgj), som er skrive av Lukas. For det andre Paulus sine eigne brev. Apgj gir oversikt, mens breva gir situasjonsbestemt og personleg forkynning og skildring. Sjølv om Apgj gir oversikt, er ikkje skriftet ein biografi i moderne forstand. Lukas er mest opptatt av å skriva om enkelthendingar og enkelttalar, og gir dette relativt stor plass.

Generelt kan me seia at Paulus la hovudvekt på å etablera misjon i det som den gong var storbyar, truleg fordi dei var viktige senter for kommunikasjon og handel. Efesos, Filippi, Tessaloniki og Korint er eksempel på slike byar.

Det var nokre viktige forutsetningar som gjorde det muleg å driva misjon i Romarriket. Det greske språket var fellesspråk, som engelsk er det idag. Romarane hadde bygd opp eit godt kommunikasjonsnett og det var relativt trygge forhold for dei mange reisande langs dei romerske vegane. Derfor var det eit ganske «internasjonalt miljø» i byane rundt i Romarriket, og Paulus var ein av dei mange som var på reisefot.

Me er vant med å dela Paulus si reiseverksemd i tre misjonsreiser og ei siste reise til Roma. Det er dei reisene som er omtalt i Apgj, og dei foregjekk i perioden ca år 45-60. I tillegg var han truleg på nye reiser i Hellas ca år 65. Lukas gir forresten inntrykk av at Paulus stadig var på reisefot, men han var nok lenger på kvar plass enn det inntrykket Apgj gir.

Paulus har fått stor betydning for den kristne trua. Viktige tema i hans forkynning finn me i bibelavsnitt som framleis betyr mykje for oss som er kristne. F eks når han skriv slik om grunnlaget for å vera kristen: «For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.» (Efesarbrevet 2,8).