Filips grav i Hierapolis

IMG_1529
Apostelen Filips grav. Foto: Arne Berge 2019

Eg var nyleg på studietur i Vest-Tyrkia, og ein av stadane me besøkte, var Hierapolis / Pamukkale. Eg hadde vore her eit par gonger før, men det var så langt tilbake som i 2005. Etter den tid er det her gjort eit arkeologisk funn som eg syns er svært interessant; i 2011 blei apostelen Filips grav funnen i ein kyrkjeruin nær Filips martyrium, staden der han etter tradisjonen blei korsfesta.

Filips martyrium og gravkyrkje ligg i bakkane ovanfor det romerske teateret i den gamle byen Hierapolis.

Den kristne misjonen nådde tidleg fram til Lykosdalen med dei tre nabobyane Hierapolis, Laodikea og Kolossai. Allereie på 50-talet, ca 25 år etter Jesu død og oppstode, er byane omtalt i Kolossarbrevet (Kol 4,12-13). Epafras hadde truleg møtt den kristne trua hos Paulus i Tyrannusskulen i Efesos (Apg 19,8-10). Epafras blir av nokre kalla Lykosdalens «apostel».

Det er likevel apostelen Filip som først og fremst blir knytt til den tidlege kyrkja i Hierapolis. Han kom kanskje hit på slutten av 60-talet eller på 70-talet, og tradisjonen seier at han blei martyr ved å bli korsfesta opp-ned i år 80.

Ruinane etter bygningen som blir kalla Filips martyrium, har lenge vore kjent. Fagfolk rekna også med at sjølve grava var innanfor denne ruinen. Men i 2011 fann arkeologer grava i ein kyrkjeruin like nedanfor martyriet.

Les Biblical Archaeology Society sin omtale av funnet og staden: Tomb of Apostle Philip Found.

NRK viste i desember 2011 ein dokumentar om funnet av grava. Her kjem det fram at norske arkeologar var aktivt med i utgravingane. Les NRKs omtale av programmet: Se NRKs unike bilder fra apostelen Filips grav.

For dei spesielt interesserte: Det omtalte seglet med bilde av Filip mellom grava og martyriet, er interessant. På informasjonstavla på staden (på eitt av bilda under) og i Biblical Archaelogy Society sin omtale av funnet, blir det oppgitt at det er frå 6. hundreår. Men Virginia Museum of Fine Arts, som har originalen, oppgir at det er koptisk og frå 8. hundreår! Her er det noko eg ikkje forstår!

IMG_1515
Steinbenkane i gravkammeret. Foto: Arne Berge 2019
IMG_1527
Apostelen Filips martyrium. Foto: Arne Berge 2019

Eg tar også med teksten på eit par av informasjonstavlene på staden, med omtale gravkyrkja og martyriet.

IMG_1513
Informasjonstavle, Filips gravkyrkje. Foto: Arne Berge 2019
IMG_1519
Informasjonstavle, Filips martyrium. Foto: Arne Berge 2019

Sjå også: Dei sju byane i Johannes openberring

Apostelen Filips grav

NRK sendte i går eit interessant program i serien Schrödingers katt om funnet av apostelen Filips grav i Hierapolis i Tyrkia.

Eg var i Hierapolis i 2005 og såg då ruinane etter Martyrion (biletet), pilegrimskyrkja som skal ha stått der Filip blei korsfesta. Nå er det like nedanfor Martyrion funne ein kyrkjeruin som er bygd opp omkring ei romersk grav. Arkeologane meiner å ha gode indisium på at dette er Filips grav.

Biletet viser Martyrion på ein bakketopp, prosesjonstrappa opp til martyrkyrkja og området nedanfor der grava nå er gravd ut.

Sjå TV-programmet her. Det interessante programmet fortel også om andre sider ved Hierapolis» si historie og om kalksteinsklippene som har gitt staden det moderne namnet Pamukkale («Bomullsslottet»).

Her er NRKs omtale av programmet:

Se NRKs unike bilder fra apostelen Filips grav
Gravstedet til Apostelen Filip, en av Jesus sine 12 disipler, ble funnet i Tyrkia tidligere i år. Norske forskere deltok under den arkeologiske utgravingen i Hierapolis i det sørvestlige Tyrkia.

NRK Schrödingers katt har fått tilgang til opptak i dette strengt bevoktede utgravingsområdet, og har som det første filmteam i Europa tatt del i utgravningene sammen med norske og internasjonale forskere.

Les meir

Eg kan jo også ta med Hierapolis er nemnt éin gong i NT:

Epafras, som er ein av dykkar eigne, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan bli ståande, fullmogne og fullt overtydde om heile Guds vilje. Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei som er i Laodikea og Hierapolis. (Kol 4,12-13)

Tankar frå ei tyrkisk strand

Eg har hatt nokre ganske innhaldsrike dagar her i Tyrkia. Har i dag kome fram til ein herleg stad ved Egeerhavet, med strand og utsikt utover over til Samos, ei av dei greske øyane. Her har eg nå i ettermiddag og kveld slappa av på Club Hotel Grand Efe etter mykje reising og mange inntrykk. … Hald fram med å lese «Tankar frå ei tyrkisk strand»

Eg har hatt nokre ganske innhaldsrike dagar her i Tyrkia. Har i dag kome fram til ein herleg stad ved Egeerhavet, med strand og utsikt utover over til Samos, ei av dei greske øyane. Her har eg nå i ettermiddag og kveld slappa av på Club Hotel Grand Efe etter mykje reising og mange inntrykk.

Eg har vore i storbyen Istanbul, som er ein møtestad mellom aust og vest både historisk og religiøst. Vidare har eg vore på ein rundreise til stadar knytt til den eldste kyrkja si historie på stadar som nemnt i Apostelgjerningane, Paulus sine brev og i Johannes Openberring. Og eg har hatt store naturopplevingar, som i Pamukkale.

Først var eg i Istanbul, ein by med over 12 millionar innbyggjarar. Der såg eg på mange historiske monument både frå den tida byen var kristen og frå muslimsk tid. Byen var i over 1000 år den viktigaste kristne byen i verda, frå den blei hovudstad i det austromerske riket i 330 til muslimane inntok byen i 1453.

Istanbul har geografisk sett ei heilt spesiell plassering. Den ligg dels i Europa, dels i Asia! Dei fleste historiske stadane ligg i den europeiske delen av byen, og det var der eg budde. Men ein kveld tok eg ferja over til den asiatiske sida. Båtturen tok 15 minutt og kosta 5 kroner. Så det er ikkje så langt frå Europa til Asia som ein skulle tru!

6a00d8341cb87053ef00e54f3a70b88833-640wi

Dei to siste dagane har eg vore i Vest-Tyrkia, med utgangspunkt i Izmir. Her skal eg vera eit par dagar til. Eg har reist ein rundtur til fleire av dei sju byane som fekk «sendebrev» frå apostelen Johannes, gjengjevne i Johannes» Openberring kap 2-3.

Desse byane er i dag veldig forskjellige. Nokre stadar er dei i dag moderne byar med bare større eller mindre historiske minnemerke frå romersk tid (dvs nytestamentleg tid). Andre stadar kom eg til spanande arkeologiske utgravingsområde som gir eit godt inntrykk av koss byen var den gong. Og enda andre stadar fekk eg sjå utmark med historiske bygningsrestar som stakk opp av jorda her og der, altså stadar som bare ropar etter arkeologar som har tid og pengar til å grava dei ut! Eg har vore og sett Smyrna (= Izmir), Sardes, Filadelfia, Laodikea og Efesos. Eg har opplevd det same som eg tidlegare har opplevd andre stadar i bibelske område; eg får eit nytt perspektiv på bibeltekstane når eg får sjå stadane dei er knytt til, og lærer meir om historia til desse stadane. Det neste biletet viser ruinen etter Johanneskyrkja i Filadelfia (frå ca 600 e.Kr.) med ein moske i bakgrunnen.

6a00d8341cb87053ef00e54f3a5f498833-640wi.jpg

Efesos har eg foreløpig bare sett såvidt. Det er den største og mest interessante av stadane. I morgon står dei arkeologiske utgravingane der på programmet mitt. Byen var, i tillegg til å vera ein av byane som fekk sendebrev frå Johannes, også ein av dei viktigaste byane for Paulus. Han budde her i to og eit halvt år og dreiv misjon med utgangspunkt i byen. Dessutan er fleire av breva i NT skrive til dei første kristne i denne byen (Efesarbrevet, 1. og 2. Timoteusbrev) og fleire av dei andre breva er truleg skrivne av Paulus mens han var der. Så Efesos har ein stor plass i NT!

Elles har eg i dag hatt ei naturoppleving av dei sjeldne: I byen Pamukkale er det eit fjell som består av kalksteins-terrassar, danna gjennom tusenvis av år av rennande, mineralrikt vatn frå varme kjelder. Pamukkale betyr «bomullsslottet» og det er eit passande namn. Fjellet er krittkvitt og viser på lang avstand. Det ser eigentleg ut som om det er dekka av snø. Eg gjekk ned denne fjellsida i og ved rennande og varmt vatn. På biletet sit eg med beina i ein bekk med varmt kjeldevatn som renn ned eit krittkvitt fjell med kalksteinsavleiringar. Staden er unik i verdssamanheng, og den er med på UNESCO World Heritage List.

6a00d8341cb87053ef00e54f4e7cab8834-640wi

Det er spesielt å reisa i eit land som eingong var ein viktig del av den kristne kulturen, og som nå er nærast totalt avkristna. Det er trist, og gir grunn til mange tankar. Eg kjenner eg treng tid til å fordøya opplevingane! Konstantinopel var hovudstad i det bysantinske riket, som var eit stort og viktig kristent rike. Hovudkyrkja i byen var Hagia Sophia, den heilage visdomen si kyrkje, som seinare blei omgjort til moske og som nå er museum. Og byane som fekk alvorlege og utfordrande sendebrev frå Johannes på Patmos, er i dag meir eller mindre utan kristne menneske. Det er heldigvis nokre kristne igjen i Tyrkia, men dei er ikkje mange. Offisielt er det religionsfridom, men kyrkjene strever med å halda på posisjonen sin. Mange kristne flyttar visstnok frå landet for å få eit enklare liv.

Men biletet er ikkje bare mørkt, sett frå ein kristen synsstad. Det finst evangeliske kristne som er her fordi dei opplever at Gud har sagt dei skal vera her. Dei arbeider i det stille, og håper og trur at arbeidet i framtida skal gje vekst gjennom huskyrkjer i tyrkiske heimar. Det er godt å vita om desse, og det er viktig at me som er kristne i vesten er med og ber for dei som slik har ei viktig og spesiell teneste.