kategoriar
Den norske kyrkja Kyrkjehistorie

Steinkorsa i Eivindvik

Det er mange gamle steinkors her på Vestlandet. Sjølv om Rogaland har svært mange av desse, er det interessant også å sjå nokre av korsa som står lenger nord langs kysten.

I dag har eg fått sjå nærare på to av dei flottaste av desse korsa. Eg tenkjer på korsa i Eivindvik. Korsa er truleg frå perioden 950 – 1050 og dei har nok ei eller anna tilknyting til den eldste tingstaden for Gulatinget. Truleg låg tingstaden mellom dei to korsa.

Dei to korsa har litt ulik form; det eine blir kalla eit anglisk kors, det andre eit keltisk kors. Begge er såleis tydelege teikn på den kyrkjelege kontakten med dei britiske øyane i den eldste kristne tida.

Det er flott å sjå slike kors og å læra om historia til stadane der dei står. Begge korsa i Eivindvik er uskadde og dei står på den autentiske staden der dei først blei sette opp.

Det keltiske korset står like ved porten inn på kyrkjegarden. Det har rette korsarmar og karakteristiske halvsirkelforma ”armholer”. Det angliske korset står i ein bakke med utsikt over bygda og fjorden. Denne korsforma har runde bogar mellom korsarmane. Det er interessant at dette korset står plassert akkurat så langt oppe i bakken at sola skin på heile korset sjølv på den mørkaste dagen i året.

Tidlegare Stavangerbiskop Fridtjov Birkeli er framleis ein autoritet når det gjeld dei gamle steinkorsa. Han meiner at det angliske korset er det eldste av dei to korsa i Eivindvik og at det truleg er frå Håkon Adelsteinsfostre si tid.

Birkeli viser i boka Norske steinkors i tidlig middelalder kor stor tyding dei over femti steinkorsa på Vestlandet har for forståinga av den første misjonsverksemda i Norge. I innleiingskapitlet i boka skriv han slik:

Det er innlysende at bak reisingen av nettopp disse steinkorsene står motiver og impulser som er kommet til Norge utenfra. Og når liknende steinkors så å si ikke eksisterer ellers i hele Skandinavia, må man søke etter impulsenes opphav enten på kontinentet eller på de britiske øyer. Kan det tenkes en tid i Vest-Norges forbindelse med disse deler av Europa, da det av en eller annen grunn var naturlig å reise steinkors nettopp der og ikke ellers i Skandinavia? Kan det videre tenkes at en her rører ved problemer som skiller kristen misjon vestfra fra misjonen fra kontinentet?

(Fritdjov Birkeli: Norske steinkors i tidlig middelalder, s 34)

Tilslutt nokre ord om den utruleg flotte lokale kulturformidlinga eg møtte i Gulen. Dei lokale representantane for kyrkja og kultursektoren gjorde ein strålande innsats. Dei gav oss kunnskap og var stolte av kva bygda deira hadde å by på. Dette gjaldt både den kyrkjelege tradisjonen om steinkors, kyrkjebygg og prost Dahl, og den meir almene historia om Gulatinget. Dette siste ikkje minst då me besøkte tusenårsstaden.

Her er alle notata frå turen:

 

kategoriar
Jæren Kyrkjehistorie

Kristkrossen på Njærheim

Kristkrossen, Njærheim

Kristkrossen på Njærheim i Hå kommune er ein av dei gamle steinkrossane her på Vestlandet. Krossen blir datert til ca år 1000, og ein teori er at den er sett opp på ein tidlegare heilagstad, evt gravstad, for å markera overgang til den nye trua.

Krossen står inne på ein gamal kyrkjegard, der Njærheimkyrkja låg frå den eldste kristne tida og fram til 1834.

Arkeologiske Museum i Stavanger har følgjande omtale av staden:

Njærheim kyrkjegard var ein av tre kyrkjestader i Hå prestegjeld i mellomalderen. Kyrkjegarden er orientert aust-vest og er kring 70 x 40 m stor, men noko innsnevra i vestre delen. Han er avgrensa av ein steinmur med ein port i det nordaustre hjørnet. Tidlegare var porten midt på nordre langside. Kyrkja stod omlag midt på kyrkjegarden til ho blei riven i 1834. Fleire steinar i bakken markerer kor kyrkja har stått. På kyrkjegarden er det ingen minne att etter dei gravlagde i dag.

(…)

Sør for kyrkjetufta står ein steinkross av fylittskifer, som er 1,5 m høg og 0,7 m brei over armane. Han blir kalla «Kristkrossen» og skal ha stått på same staden i uminnelege tider. Eit kileforma merke nedst på krossen kan vera ei etterlikning i stein av ein prosesjonskross. Dette merket finst også på minnekrossen over Erling Skjalgsson og ein av steinkrossane frå Tjora kyrkjegard i Sola. Slike krossar er truleg frå byrjinga av 1000-talet. (Les meir)

I dag (2. påskedag 2009) har eg vore med på ei lokal pilegrimsvandring ved havet her på Jæren. Me starta med ei enkel gudsteneste i Stefanuskyrkja på Nærland og gjekk via Håtangen til Kristkrossen på Njærheim.

(Oppdatering 2015: Jæren prosti legg framleis opp til slike pilegrims-vandringar på 2. påskedag. Nå er Stefanuskyrkja avvigsla og vandringa begynner med friluftsgudsteneste utanfor den tidlegare kyrkja.)