Undersjøisk kyrkjeruin i Nikea

09/09/2018

IMG_4557Her står eg ved Izniksjøen i Tyrkia på eit bilde frå 2005. Under vatnet her ligg staden der kyrkjemøtet i Nikea blei halde i 325. Nå les eg at det nyleg er oppdaga ein kyrkjeruin ute i vatnet, 2-3 meter under overflata og bare 50 meter frå land. Det er den russiske nettstaden rt.com som skriv om dette. Dersom det er korrekt, er det mest utruleg at kyrkjeruinen ikkje er funnen før!

Archeologists find one of Christianity’s most important sites & plan to open underwater museum

A chance discovery by a team of archeologists in Turkey may have revealed one of the most significant sites in the history of Christianity after years of fruitless searching. And they’re now planning an underwater museum.

Les meir

(via facebooksida til Holy Scriptures Forum – Forum for hellige skrifter)

Det var ei veldig spesiell oppleving å stå på stranda i Iznik den gongen. Gruppa frå Bryne kyrkjelyd hadde truvedkjenninga og kyrkjemøtet i 325 som tema for besøket i byen, sjølv om me veldig godt visste at den endelege utforminga av Nicenum først skjedde på konsilet i Konstantinopel drøyt 50 år seinare.

Den tyrkiske guiden som me hadde med oss, visste sjølvsagt ikkje noko om kyrkjeruinen. Det me høyrde om, var det gamle sentatspalasset som hadde lege her, og som nå låg under sjøen. Det blei sagt at murane me ser ut i vatnet, var restar etter dette palasset som var staden for kyrkjemøtet. Det treng sjølvsagt ikkje vera nokon motsetnad her. Saman med eit palass kan det godt ha vore ei kyrkje, og den har i så fall naturleg nok vore viktig når biskopar frå den verdsvide kyrkja samla seg til møte.

Les også denne artikkelen som eg skreiv etter turen:

Nikea

Biskopane som kom saman i Nikea på forsommaren 325, hadde nok mykje å snakka om! For ei kjensle av fridom dei må ha kjent på! For første gong kunne leiarane for dei kristne kyrkjelydane rundt i Romarriket samlast ope, og det til og med på invitasjon frå keisaren!

Kristendomen var på dette tidspunktet nyleg blitt lovleg religion i den austre delen av det romerske riket. Det var keisar Konstantin som hadde skapt dei grunnleggjande endringane og som nå kalla saman alle biskopane til konsil i Nikea. Forskarane fortel at det var om lag 250-300 biskopar som deltok på møtet. Dei fleste kom frå det austlege middelhavsområdet. Det var nok ei ganske spesiell forsamling. Mange av dei var prega, både med indre og ytre sår, etter tida med forfylging og undertrykking.

Denne artikkelen vil ta deg med til den tyrkiske byen Iznik …

Les meir

Her er nokre fleire bilde frå staden:

IMG_4555

Izniksjøen. Foto: Arne Berge 2005

IMG_4558

Ved Izniksjøen. Foto: Arne Berge 2005

IMG_4560

Izniksjøen. Foto: Arne Berge 2005

Relatert notat: Historisk kyrkje blir moské (2011) og «Eg skal i Oldkyrkja i kveld» (2007).

Oppdatering:

Her er meir stoff om funnet av kyrkjeruinen:

Advertisements

Historisk kyrkje blir moské

20/11/2011

Hagia Sophia i Nikea (i dag: Iznik)

Hagia Sophia, Nikea. Foto: Arne Berge 2005

I Tyrkia er dessverre den historiske kyrkjeruinen etter Hagia Sophia i Nikea nyleg gjort om til moské.

Staden har ei tyding i kyrkje-historia ved at det sjuande og siste økumeniske konsilet var samla her i 787.

Eg hadde ei flott oppleving då eg besøkte staden i 2005. Les om besøket i kyrkja og byen Iznik i notatet Nikea. Mens me var samla i kyrkjeruinen oppstod ideen til studiegruppa Oldkyrkja som framleis eksisterer på Bryne.

Hagia Sophia i Nikea blei bygd på 500-talet av keisar Justinian. I 1331 blei den gjort om til moské og i 1920 blei den museum. Og nå er den altså gjort om til moské igjen.

Les om saka på AsiaNews.it: Erdogan’s religious acrobatics: Nicaea council church back to being a mosque

(via BiblePlaces Blog)


«Eg skal i Oldkyrkja i kveld»

07/06/2007

Denne artikkelen har eg skrive til Luthersk Kirketidende (nr 11, 2007). Avsnittet om Iznik/Nikea byggjer på det eg tidlegare har skrive om byen her på bloggen.

– ”Eg skal i Oldkyrkja i kveld”. Den dagen eg høyrde denne kommentaren frå ei kvinne i kyrkjelyden, forstod eg at studiegruppa vår rett og slett har fått namnet ”Oldkyrkja”. Dette er eit festleg namn, spesielt med tanke på at me i Bryne kyrkjelyd i over 25 år har drive eit ungdomsarbeid som heiter ”Ungkyrkja”!

Det heile begynte på ein kyrkjelydstur til Tyrkia i 2005. Hovuddelen av turen gjekk i apostlane sine fotspor i Efesos-området. Men me hadde også noko kyrkjehistorisk stoff om oldkyrkja og det bysantinske riket på programmet, med besøk i Iznik (Nikea) og Istanbul (Konstantinopel). I ettertid er det først og fremst besøket i det gamle Nikea som har skapt noko nytt i kyrkjelyden vår. Der og då kom ideen: kva om me kunne starta ei studiegruppe når me kjem heim til Bryne? Nokre av turdeltakarane hadde kome på sporet av noko dei ville vita meir om!

Då gruppa frå kyrkjelyden var i Iznik, hadde me samlingar i kyrkja Hagia Sophia og på stranda ved Izniksjøen. Hagia Sophia var samlingsstad for det sjuande og siste økumeniske konsilet i 787. Restane av kyrkja, som i si tid blei gjort om til moske, står nå som ein vakker og stille ruin i ein liten park i sentrum av byen. Og Senatspalasset, som romma det første kyrkjemøtet i 325, ligg i dag under vatn i Izniksjøen. Kultur- og naturforholda har verkeleg endra seg i løpet av ein periode på mest 1700 år, men begge stadane gav oss eit sterkt inntrykk av autentisitet.

Begge stadane las me den nikenske truvedkjenninga, vel vitande om at den ikkje blei ferdigformulert før i Konstantinopel i 381. Men eg var vel ikkje så langt frå sanninga då eg sa at kyrkjemøtet i 325 la mykje av grunnlaget for den flotte vedkjenninga? Og tankane gjekk; på den eine sida opplevde turdeltakarane at dei var i ein utkant i verda. På den andre sida sette dei ord på undringa over at denne byen var viktig nok til å vera vertskap for to av dei sju konsila i oldkyrkja! Her arbeidde høgt skolerte teologar med formuleringar om korleis kyrkja skulle forstå Bibelen, formuleringar som sidan har prega heile den verdsvide kyrkja. Me opplevde sterkt at me i vår tid er avhengige av arbeidet som desse tidlege kyrkjeleiarane gjorde. Deira finslipte formuleringar har sidan alltid vore forståingsnøkkel til inkarnasjonen sitt mysterium.

Ei tid etter turen inviterte nokre av turdeltakarane til den første samlinga i ei studiegruppe som også eg blei med i. Engasjementet deira smitta, og det blei faktisk slik at dei måtte setja grense for kor mange som kunne vera med. Gruppa arbeider med boka 21 kirkefedre av Peter Halldorf. Me har ei samling i månaden, og alle førebur seg med å lesa eit kapittel om ein av kyrkjefedrane. Ofte finn enkelte av deltakarane også fram anna stoff om den aktuelle personen. Så brukar me kvelden til å samtala om det me har lese. Me er opptekne av kyrkjefedrane sine liv og deira tankegang, og me blir også stadig fascinert av korleis Peter Halldorf trekkjer trådane til vår tid og gjer kyrkjefedrane aktuelle for oss. Samtidig er det mykje som undrar oss og som gjer at me får lyst til å finna ut meir.

Gruppa bruker Bøneboka som andaktsbok og me opnar samlingane med å lesa nokre bøner og (sjølvsagt!) den nikenske truvedkjenninga. Kveldane blir også avslutta med bøner frå Bøneboka.

Eg trur kyrkjefedrane og oldkyrkja blir opplevd som eit meir aktuelt tema i dag enn for få år sidan. Mi oppfordring til andre kyrkjelydar og andre prestar er å setja historia vår på dagsorden! Ver gjerne kreative! Det treng ikkje starta med ein kyrkjelydstur til Tyrkia, men for oss var det ein slik tur som sette det heile i gang.

Eg vil også seia noko om min rolle som prest i denne samanhengen. På turen til Tyrkia var eg ein av reiseleiarane, men i gruppa er eg nå ”bare” ein av deltakarane. Gruppa består av tolv personar med svært ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, og eldsjelene som blei sette i brann i Nikea, har framleis både det organisatoriske og innhaldsmessige ansvaret. Alle har sitt å bidra med, og sjølvsagt har eg den faglege bakgrunnen med meg inn i fellesskapet.

Det er godt for ein kyrkjelyd å ha medlemer som har interesse for kyrkja sine røter. Og for mitt eige vedkomande vil eg seia det er eit privilegium å vera med i denne studiegruppa. Kveldane ”i Oldkyrkja” er inspirerande. Dei utfordrar meg både som prest og som menneske.


Nikea

13/02/2006
IMG_4555

Murrestar i Izniksjøen der kyrkjemøtet i Nikea blei halde i 325. Foto: Arne Berge 2005

Biskopane som kom saman i Nikea på forsommaren 325, hadde nok mykje å snakka om! For ei kjensle av fridom dei må ha kjent på! For første gong kunne leiarane for dei kristne kyrkjelydane rundt i Romarriket samlast ope, og det til og med på invitasjon frå keisaren!

Kristendomen var på dette tidspunktet nyleg blitt lovleg religion i den austre delen av det romerske riket. Det var keisar Konstantin som hadde skapt dei grunnleggjande endringane og som nå kalla saman alle biskopane til konsil i Nikea. Forskarane fortel at det var om lag 250-300 biskopar som deltok på møtet. Dei fleste kom frå det austlege middelhavsområdet. Det var nok ei ganske spesiell forsamling. Mange av dei var prega, både med indre og ytre sår, etter tida med forfylging og undertrykking.

Denne artikkelen vil ta deg med til den tyrkiske byen Iznik, byen som tidlegare heitte Nikea. Her blei det første økumeniske konsilet, eller kyrkjemøtet, halde i 325. Og dette møtet blei svært viktig for utviklinga av den kristne kyrkja. Den truvedkjenninga som me kallar ”den nikenske”, fekk rett nok ikkje sin ferdige form på dette møtet. Men grunnlaget blei lagt her og vedkjenninga blei endeleg vedtatt på det neste store konsilet, i Konstantinopel i 381.

Det første biletet viser stranda ved Izniksjøen. Her låg senatpalasset der kyrkjemøtet blei halde i 325. Det andre biletet viser ruinen etter kyrkja Hagia Sofia, der eit seinare konsil var samla i 787.

Iznik / Nikea

Den historisk interessante byen Iznik er i dag eit spennande turmål nokre få timars reise frå Istanbul, 85 km frå storbyen Bursa. Iznik ligg vakkert til ved breidda av Izniksjøen. Byen har i dag ca 45.000 innbyggjarar.

Det er ein by med lange historiske tradisjonar. Det var ein av Alexander den stores generalar, Lysimachus, som gav byen namnet Nikea ca 300 f.Kr. Romarane tok seinare byen og bygde dei fem km lange og ti meter høge bymurane som framleis er godt synlege. Under det bysantinske riket, som oppstod på 300-talet e.Kr., blei Nikea vidareutvikla og i denne tida blei det òg bygt mange kyrkjer.

Byen har vore hovudstad både for det selsjukkiske tyrkiske riket og for det bysantinske keisardømet. Dette siste skjedde då den kristne byen Konstantinopel i 1204 utruleg nok blei tatt av vesteuropearar under det fjerde korstoget. Då måtte den bysantinske keisaren trekkja seg tilbake til Nikea og forsterka bymurane der for å vera trygg. Keisaren flytta tilbake til Konstantinopel først i 1261. Seinare blei Nikea, då under namnet Iznik, ein viktig by i det muslimske ottomanske riket. Men etterkvart mista byen si tyding og den er nå ein litt avsidesliggjande stad. Frå den muslimske tida har Iznik vore mest kjent for sine keramiske fliser som mellom anna prydar Den blå moské i Istanbul.

Hagia Sofia

Hagia Sophia i Nikea

Foto: Arne Berge 2005

I ein fredeleg park midt i byen ligg ruinane etter den gamle kyrkja Hagia Sofia. Kyrkja var bygd av keisar Justinian på 500-talet i det som kan kallast gullalderen til det bysantinske riket. Den fekk det same namnet som hovudkyrkja i Konstantinopel, ”Den heilage visdomen si kyrkje”. Kyrkja blei gjort om til moské i 1331 då muslimane overtok området. Seinare er den gjort om til museum. Det einaste som er igjen av utsmykkinga i den bysantinske kyrkja er nokre restar av golvmosaikken (biletet) og eit Kristusbilete.

IMG_4550

Golvmosaikk, Hagia Sofia i Iznik. Foto: Arne Berge 2005

Senatspalasset

Men Konstantin sitt kyrkjemøte er altså 200 år eldre enn kyrkjeruinen. Keisaren samla biskopane til konsil i Senatspalasset, ein stad som i dag dessverre ligg under vatn i Izniksjøen. Det næraste me nå kjem staden, er ein strand der gamle murar forsvinn ut i sjøen. Me må bare akseptera at naturforholda har endra seg over ein periode på mest 1700 år.

Dei sju økumeniske konsila

I oldkyrkja blei det halde sju slike kyrkjemøte eller økumeniske konsil. Alle blei haldne i byar som i dag ligg i Tyrkia: Nikea 325, Konstantinopel 381, Efesos 431, Kalkedon 451, Konstantinopel 553, Konstantinopel 680 og Nikea 787. Nikea var altså vertskap både for det første og det som skulle bli det siste økumeniske konsilet. Dette siste møtet blei halde i kyrkja Hagia Sofia.

Hovudtema i 325 var kva det vil seia at Jesus Kristus er guddommeleg. Arius, ein prest i Alexandria i Egypt, hadde kome med formuleringar som dei fleste biskopane opplevde som ein trussel mot ekte kristendom. Det enda òg med at Arius blei fordømt av dette kyrkjemøtet.

Hovudtema i 787 var ein strid om det var rett å nytta ikonar i kyrkja, og eventuelt å æra desse. Var dette avgudsdyrking? Den såkalla ikonoklastiske striden hadde rast sidan 726 då keisar Leo gjekk til frontalangrep mot bruken av ikonar. Møtet i Nikea enda med ein siger for dei som ville ha ikonar i kyrkjene, men striden blussa seinare opp igjen, og ikonvenene vann sin endelege siger først i 843.

Denne striden om ikonane har elles hatt utruleg mykje å seia for utviklinga i den ortodokse kyrkja. Kyrkja i vest (den katolske kyrkja) hadde eit anna utgangspunkt og kom aldri opp i ein slik strid. I vest nytta ein ikonar og forsvarte dei som kjempa ikonane si sak i austkyrkja, men ein såg meir på desse bileta som eit pedagogisk hjelpemiddel enn som eit uttrykk for det guddommelege nærveret.

Etter 787 blei det ikkje halde fleire slike økumeniske konsil. Store delar av den austlege kyrkja låg nå i område som sidan 600-talet hadde vore under muslimsk kontroll. Kanskje var det blitt vanskelegare å reisa? Eller kanskje tida gav nye utfordringar? Tanken bak konsila var at dei var for heile kyrkja og nettopp i dette låg tyngda i desse møta.

Tilbake til Hagia Sofia

Den stille kyrkjeruinen i sentrum av dagens Iznik er ein god stad for refleksjon. På eit vis kjennest det som ein er i ein utkant i verda. Men denne byen var viktig nok til å vera vertskap for to av dei sju konsila i oldkyrkja!

Her arbeidde høgt skolerte teologar med formuleringar om korleis kyrkja skulle forstå Bibelens ord om Jesus som Guds Son. Dei formuleringane som blei til i denne byen, har sidan prega heile den verdsvide kyrkja. Me byggjer på det intellektuelle arbeidet som desse tidlege kyrkjefedrane gjorde. Dei finslipte formuleringane deira har sidan alltid vore ein viktig forståingsnøkkel til mysteriet i den kristne trua.

Den nikenske truvedkjenninga

Vi trur på éin Gud, den allmektige Far, som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.

Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen. Ved han er alt skapt. For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen, og ved Den Heilage Ande og av Maria møy vart han menneske av kjøt og blod. Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus, Leid og vart gravlagd, stod opp tredje dagen etter Skriftene og fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Faderen, skal koma att i herlegdom og døma levande og døde, og hans rike skal vera utan ende.

Vi trur på Den Heilage Ande, som er Herre og gjer levande, som går ut frå Faderen og Sonen, som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen, og som har tala gjennomprofetane. Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda.

Originalversjonen av denne artikkelen stod i papirutgåva av Jærbladet 23. desember 2005. Etter avtale med avisa publiserer eg ei bearbeidd utgåve her på bloggen. Eg har bl a endra innleiing og avslutning, slik at artikkelen ikkje lenger er knytt spesielt til julehøgtida.


%d bloggarar likar dette: