Den sjuarma lysestaken

den-sjuarma-lysestaken-2Det er mange som har lysestake med sju lys i vinduet nå i adventstida. Eg syns det er ein flott tradisjon.

Heime hos meg står den elektriske lysestaken i kjøkkenvinduet. Der viser den best frå vegen utanfor. Inne i stua har me i tillegg ei sjuarma lysestake for levande lys (biletet). Dette er ein jødisk menorah som me har kjøpt i Jerusalem.

Ein slik sjuarma lysestake er i dag eit heilt vanleg jødisk symbol, faktisk eit av dei viktigaste symbola i jødisk samanheng. Men dei fleste jødar vil aldri tenna staken, slik me kristne gjer! I tradisjonell jødisk kultur skal lysestaken stå utent inntil den messianske tida kjem. For Jesus-truande jødar og for kristne av alle andre folkeslag, er derimot den tente sjuarma lysestaken eit frimodig teikn på at Messias har kome og at han er nær.

Det er mange flotte Messiasprofetiar i GT, f eks denne frå profeten Jesaia:

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. (Jes 9,2)

Den sjuarma lysestaken har bakgrunn i GT. Det var Moses som fekk beskjed om å laga ein lysestake etter at han hadde motteke dei ti boda på Sinai. I 2. Mos 25,31-40 kan me lesa klare instruksjonar til Moses om koss lysestaken skulle sjå ut. Gjennom jødane si historie i gamaltestamentleg tid var denne lysestaken («Guds lampe») alltid brennande, først i tabernaklet, seinare i templet.

detalj-fra-titusbuen-foto-wikipediaMen i år 70, då Jerusalem blei øydelagt av romarane, blei lysestaken tatt som krigsbytte med til Roma. Den som har sett Titusbuen på Forum Romanum i Roma, har sett eit gamalt romersk relieff som viser dette, sett med romerske auge (foto: Wikipedia). Sidan har den sjuarma lysestaken som brann i tempelet i Jerusalem vore borte.

På denne bakgrunn er det forståeleg at ein tent sjuarma lysestake skapar meir undring i Israel enn her i vår kultur. I Immanuelkyrkja i Tel Aviv har dei ein slik menorah ståande som det sentrale symbolet på altaret. Dei tente lysa vitnar om trua på Jesus som kom som Messias for det jødiske folk og for alle folkeslag på jord. Dei skapar undring for jødar som kjem innom, og fungerer i denne samanhengen betre som symbol på Jesus enn eit kors ville ha gjort.

For oss som trur på Jesus, kan lysestaken vera eit godt symbol på at Han er den Messias som GT vitnar om. I kyrkja vår her på Bryne tenner me derfor den sjuarma lysestaken mens me les profetiar frå GT, når me har lysmesse i adventstida.

Den sjuarma lysestaken er med og framhever den kristne trua sine jødiske røter. For meg peiker den på Jesus. Derfor gleder eg meg over at det lyser sjuarma lysestakar i vindua i mange heimar i desse dagane. Om ikkje folk veit sikkert korfor dei har tent desse stakane, vitnar dei likevel om Han me feirar i jula!

Dette notatet er skrive i adventstida 2008