Larnaca-erklæringa

10/02/2016

Messianske jødar og palestinske kristne var i januar 2016 samla på Kypros og arbeidde seg fram til ei felles erklæring om einskapen i trua på Jesus og om å møta kvarandre med respekt og ønske om forsoning.

I kveld var eg på ei samling med medarbeidarar i Den Norske Israelsmisjon der denne erklæringa blei presentert. Det er oppmuntrande at det finst slike initiativ for forsoning i ein region som er prega av mange konfliktar.

Her er pressemelding om saka og teksten i The Larnaca Statement (via Come and See).

Eg tar med eit lite sitat som viser tonen i dokumentet. Etter ei skildring av typiske narrativar frå dei to sidene i konflikten (pkt 3.1), skriv dei desse kloke orda:

In spite of our different views, we commit ourselves to listen to one another, to learn from and respectfully challenge the narrative of the other, to critically evaluate our own narrative and to work towards an inclusive, bridging narrative.

 

 

 

Advertisements

Sabbat i Jerusalem

09/04/2005

Ulike former for gudstenestefeiring!

Det er laurdag kveld (09.05.2005), og eg sit på ein internettkafe i sentrum av Vest-Jerusalem for å få bloggen litt oppdatert. Sabbaten er over nå, og byen vaknar til liv etter eit døgn med lite trafikk og folk ute. Sabbaten varer frå solnedgang fredag kveld til solnedgang laurdag kveld.

Eg har opplevd mykje dette døgnet. Eg har vore på gudsteneste i to ulike messianske menighetar (jødar som trur på Jesus), eg har vore og sett på koss dei ultra-ortodoske jødane feirar sabbat midt på natta i bydelen deira, Mea Shearim. Og eg avslutta sabbaten med å gå på ei vanleg jødisk gudsteneste i ein synagoge.

Imorgon er det sundag, då skal eg til Betlehem og møta palestinske kristne både til gudsteneste og samtale, og eg skal gå i Fødselskyrkja og sjå staden der Jesus blei født. Eg gleder meg til dagen i morgon!

Det er 20 menighetar av jødar som trur på Messias her i Jerusalem. Nokre har gudsteneste fredag kveld, då sabbaten startar. Andre har gudsteneste laurdag føremiddag eller ettermiddag.

Fredag kveld var me på ei russisk-språkleg karismatisk gudsteneste som varte tre timar! Me hadde headset med simultan-omsetjing til engelsk, så sjølv om slett ikkje alt blei omsett fekk me med oss det viktigaste. Eg og Bulcsu, den eine av dei ungarske prestane eg er saman med, hadde helsingar til forsamlinga. Me kunne nynna med på lovsongen deira, dei russiske transparentene hadde eg ikkje så mykje nytte av. Men eit par av lovsongane kjente eg heimefrå og eg kunne vera med og syngja på norsk.

Laurdag morgon var me på gudsteneste i ein menighet der alt blei sagt både på engelsk og hebraisk. Eg må seia at denne gudstenesta gav meg mykje meir, både pga det språklege men ikkje minst fordi pastoren deira hadde ein utruleg interessant bibelundervisning. Han var ein flink kommunikator og ikkje minst gjekk han veldig djupt inn i den bibelteksten han preika over. Eg fekk etterpå høyra at dette var den messianske menigheten som var enklast å koma inn i for folk som var i Jerusalem for ein periode, f eks studentar. Det var ca 200 til stades på gudstenesta, og svært mange av dei var i alderen 20-40 år.

Seint fredag kveld gjekk me ut for å oppsøkja det ultraortodokse kvarteret Mea Shearim. Dei jødane som bur her, er dei som går i spesielle svarte klær og med skinnhattar. Me fann ein synagoge der det var ein såkalla hassidisk fest. Det var ingen tvil når me nærma oss huset, me høyrde den spesielle songen deira og det var masse svartkledde ungdomar som stod utanfor. Det var vel eit par hundre samla til denne spesielle formen for sabbatsfeiring, dei fleste under 25 år gamle, men heile spekteret fraa 15 – 70 åringar var representert. Dei var først i ein sal der dei eldste sat rundt bord i midten og dei andre stod rundt, delvis på eit tribunesystem som rundt ein idrettsarena. Det var taktfast song. Langs veggene stod det mat og drikke, og det var stadig trafikk ut og inn. Så var dette plutseleg slutt, og dei forflytta seg inn i sjølve synagogen for å dansa ringdansar. Dei danna store ringar mellom bord og stolar, og dansa ein veldig spesiell form for ringdans. Songen var utan ord, bare nynning, og med ein suggererande rytme. Det heile utvikla seg i nærast ekstatisk retning for ein del av deltakarane. Det heile var slutt kl 01, då gjekk ein del heim og resten fortsatte festen i synagogen. Me gjekk heimover, men tok ein runde så me fekk sett heile hovudgata gjennom Mea Shearim først. Det var masse folk ute og gjekk, alle kledd i dei spesielle kleda til dei ultraortodokse jødane – svarte frakker, svære svarte skinnhatter eller andre formar for hattar. Det var ein spesiell stemning.

I ettermiddag då eg var med på ein vanleg synagogegudsteneste, var det ei heilt annleis forsamling. Det var i ei vanleg synagoge, ikkje ein ultraortodoks. Folk kom fint kledd, men i vanlege klede. Det vil seia at alle har noko på hovudet, anten hatt eller kippa, den litle kalotten. Eg har kjøpt ein slik som gjer at eg kan gå inn i synagogar. Her er det for øvrig bare mennene som er med på gudstenesta. Kvinnene kan venta utanfor, vera heime eller vera på eit galleri i ein del synagogar (ikkje i den eg var i idag). Dei tok fram skriftrullen med GT, og rabbien kalla fram ein mann frå salen for å lesa, akkurat som då Jesus var i synagogen og fekk ordet for å lesa frå den heilage skrifta (Luk 4,16 ff):

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Dette budskapet er framleis svært aktuelt i dette landet!

Som de forstår, sabbaten her i Jerusalem har vore innhaldsrik. Eg har lært ein del om det jødiske samfunnet, og eg har møtt to menighetar av jødar som trur på Jesus. Det var vore ein flott sabbat!


%d bloggarar likar dette: