Det gjorde inntrykk!

Møtet med det israelske og palestinske bibelselskapet (sjå her) var flott! Det gjer inntrykk å sjå israelarar og palestinarar sitja saman på scenen og snakka med kvarandre om utfordringane som er knytt til å leva i denne urolege delen av verda. Dei tre gjestene frå bibelselskapa delar trua på Jesus og dette knyter dei saman på ein sterk måte.

Temaet for kvelden var forsoning. Hovuddelen av møtet var lagt opp som ein samtale mellom dei tre. Det dei formidla, utgjer eit viktig supplement til det me elles får høyra om situasjonen i Israel og dei palestinske områda. Dei fortalde om gleder og sorger ved å vera kristne i denne regionen, og dei fortalde om motstand og forfølging frå både jødiske og muslimske grupperingar. Dei kunne også oppleva motstand frå kristne miljø fordi dei ikkje vil dempa og ufarleggjera verksemda si.

Desse gjestene, som altså er messianske jødar og palestinske kristne, trur at vegen til forsoning mellom menneske går gjennom at menneska først blir forsona med Gud. Derfor vil dei gjerne dela den kristne trua med menneske av både kristen, muslimsk og jødisk bakgrunn. Og dei gjer det på ein svært konkret måte: ved å spreia Guds Ord gjennom nytestament, biblar og annan litteratur med bibelsk innhald.

Møtet var leia av generalsekretær Stein Mydske i Det Norske Bibelselskap. Karin Riska, som i fleire år har arbeidd for det palestinske bibelselskapet i Jerusalem, var også med og bidro med tolking.

Som avslutning på kvelden las Stein Mydske denne teksten frå NT:

Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til! Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! (2. Kor 5, 17-20)

Det israelske og palestinske bibelselskapet

I desse dagar (september 2008) er det besøk her i Norge frå det israelske og det palestinske bibelskapet. Denne helga er utsendingane her i Stavanger-distriktet, neste veke reiser dei vidare til Bergen og til Oslo/Austlandsområdet. Tema for møta dei skal delta på dei næraste dagane er: I forsoningens tjeneste blant palestinere og israelere.

Eg har tidlegare truffe desse folka i Israel, og veit at dei har eit viktig budskap og mange interessante historier å fortelja. I morgon kveld vil eg på møtet i Stavanger for å lytta til dei.

Desse gjestene frå Midt-Austen arbeider med å spreia Bibelen blant kristne, jødar og muslimar i ein krevjande situasjon i Israel og dei palestinske områda. På mange måtar kan me seia at dei lever under «dobbelt eld» ved at dei står saman som kristne søsken, midt i striden mellom jødar og muslimar:

  • Victor Kalisher, messiansk jøde, har arbeidd i Bibelselskapet i eitt år nå etter at han kom frå databransjen. Han har vakse opp i Jerusalem som andre generasjons messiansk jøde.
  • Andy Ball, messiansk jøde, har bakgrunn som gullsmed, men har dei siste 20 åra drive bibelbutikk i Tel Aviv.
  • Labib Madanat, kristen palestinar, kjem frå Jerusalem. Han var tidlegare generalsekretær for det palestinske bibelselskapet og er nå utviklingsdirektør for begge desse bibelselskapa. Han stod svært nær Rami Ayyad som blei martyr på Gazastripen for snart eit år sidan. Labib kjem til Norge først om nokre dagar, så eg får ikkje møtt han i denne omgangen.
  • Nashat Fellemon, kristen palestinar frå Jerusalem, leier i dag det palestinske bibelselskapet.

Her finn du brosjyre for besøket deira i Norge.

Møta blir arrangert i eit samarbeid mellom Frikyrkja, Bibelselskapet og Israelsmisjonen.