Magdalasteinen på utstilling

16/05/2017

Magdalasteinen blir nå vist fram på ei utstilling i Roma. Temaet for utstillinga, som opna i går, er menorahen (den sjuarma lysestaken).

Scholars and archaeologists contend it is the oldest carved image of the Second Temple’s seven-branched menorah ever found, and the first menorah image to be discovered in a Jewish religious context.

Magdalasteinen blei funnen i 2009 under arkeologiske utgravingar i det gamle Magdala ved Gennesaretsjøen. Nå står ein flott kopi på staden der den blei funnen (bildet).

Magdala 2015

Foto: Arne Berge 2015

I notatet Synagogen i Magdala har eg skrive om denne synagogen i eit nytestamentleg perspektiv.

Nå (15. mai – 23. juli 2017) blir altså Magdalasteinen for første gong stilt ut offentleg. Her er ein interessant artikkel om steinen og om utstillinga:

Magdala Stone, known as Jewish-Christian ‘crossroads,’ gets its public debut

Described as one of the most significant archaeological finds in modern Israel, the Magdala Stone, unearthed in 2009 near the shores of the Sea of Galilee, has been unveiled to the public for first time as part of a joint exhibition on the history of the menorah May 15-July 23 between the Vatican Museums and the Jewish Museum of Rome.

(…)

The Magdala Stone, which was found inside the synagogue, offers scholars and archaeologists significant insight into 1st-century Jewish life and the Second Temple era in Jerusalem.

The stone is believed to be one of the earliest artistic depictions of the Second Temple, according to the Magdala Center. It is believed the artist who made the stone likely saw the Second Temple.

“The stone has the highest number of symbols of the Temple ever found together in one object,” Solana said.

The long side of the stone depicts the side of a building with pillared archways, with a three-dimensional design to create the illusion that it appeared in the Temple. The back of the stone also depicts a pillared structure, with two wheels above a geometric shape, illustrating fire.

“Presumably, the front and sides of the stone carvings represent the Second Temple in Jerusalem, and the back side depicting wheels and fire represents the Holy of Holies,” according to the Magdala Center.

Among all its features, the stone’s menorah depiction has arguably produced the most intense excitement among archaeologists. Scholars and archaeologists contend it is the oldest carved image of the Second Temple’s seven-branched menorah ever found, and the first menorah image to be discovered in a Jewish religious context.

Les meir

(via PaleoJudaica)


Menorah, Jerusalem ca 600

09/09/2013

hu130909_mazar2Det er i dag kunngjort eit spennande funn av ein gullmedaljong med jødisk symbolikk, bl a ein menorah. Funnet er gjort på området like sør for tempelplassen i Jerusalem.

(Foto: Ouria Tadmor / Copyright: Eilat Mazar).

Medaljongen skal vera frå bysantinsk tid, dvs byens kristne periode. Arkeologane knyter funnet til dei urolege tidene omkring 614, då persarane øydela mykje i byen.

Det er sjeldan kost å finna ein gjenstand med så tydeleg jødisk symbolikk frå denne perioden i Jerusalems historie.

Kunngjeringa kjem frå The Hebrew University of Jerusalem:

Ancient Golden Treasure Found at Foot of Temple Mount
“Ophel Treasure” includes gold medallion with Menorah, Torah and Shofar etchings

Bildet under er frå det aktuelle arkeologiske utgravingsområdet. Det blei tatt på studieturen i januar 2013, då eg hadde ein interessant runde i dette området saman med Karl Olav Sandnes.

Frå Ophel, sør for tempelplassen. Foto: Arne Berge 2013

Frå Ophel, sør for tempelplassen. Foto: Arne Berge 2013


Synagogefunnet i Magdala

04/12/2010

Oppdatering: Eg besøkte denne synagogen for første gong i februar 2015, og skreiv etterpå dette notatet her på bloggen: Synagogen i Magdala.

Det følgjande er skrive i desember 2010:

I fjor blei det gjort interessante arkeologiske funn i Magdala ved Gennesaretsjøen. Det blei funne restar av ein bygning som truleg er ein synagoge frå 1. hundreår. Det blei også funne ein stein med ein menorah, noko som er svært spesielt i eit så gamalt funn.

Viss denne synagogen er frå tida omkring år 30, er det svært sannsynleg at dette var ein stad Jesus var innom. Men er det naturleg å seia at dei som brukte synagogen truleg var slike som følgte han?

Jweekly.com publiserte denne veka ein artikkel som fortel om bakgrunnen for funnet og samanhengen med Notre Dame i Jerusalem:

Who is the go-to guy for the inside story on a rare Second Temple–era synagogue discovered last year in Magdala, Israel?

That would be Father Eamon Kelly, vice chargé of the Pontifical Institute Notre Dame of Jerusalem Center. The ruins of the synagogue were found on land owned by the center. Kelly spoke about the significance of the discovery on Dec. 1 at the Dominican School of Philosophy & Theology in Berkeley.

Believed to date back 2,000 years, the synagogue is only the seventh Second Temple–period synagogue uncovered and the oldest ruins found in the area. In the center of the 1,292-square-foot building, workers discovered a stone engraved with a seven-branched menorah. That footed stone dates back to before 67 C.E., which makes it the oldest engraved menorah, older even than the menorah carved on the Titus Arch in Rome, which had previously been deemed the oldest.

(…)

The discovery of the Magdala synagogue occurred after the center, a Christian guesthouse in Jerusalem operated by the Legionaries of Christ, decided to build a hotel and visitor center near the Sea of Galilee. They chose to build in Magdala, said to be the home of Mary Magdalene, about 100 miles north of Jerusalem.

Before the complex could be built, however, the government required that there be an archaeological investigation on the site. The dig, directed by Dina Avshalom-Gorni and Arfan Najar of the Israel Antiquities Authority, began in July 2009. One month later, workers uncovered the first remains of the synagogue.

Archaeologists have since unearthed pottery, coins and frescoes that have retained their vivid colors through the centuries. Magdala was one of several Galilean towns where Christians often shared the synagogues with Jews. The synagogue may have been destroyed during a Jewish revolt against Roman rule between 66 A.D. and 70 A.D.

(…)

Since the discovery, the Israel Antiquities Authority has given the Notre Dame of Jerusalem Center permission to build the hotel and visitor center, with a projected opening date of July 2012. New construction plans add an ecumenical chapel on the spot where the ancient synagogue was found.

In addition to the synagogue’s historical significance to Jews, Kelly sees it as a possible moment of interfaith harmony, telling an Irish newspaper that “there is a high probability that the people from this synagogue were followers of Jesus and may have witnessed his miracles firsthand.”

Les meir

Eg har kome over artikkelen via PaleoJudaica, som kommenterer den siste påstanden slik:

That last comment is wild speculation, but it’s nice to have the background to the discovery anyway.

Sjå også tidlegare notat om funnet her og her.


Svensk sjuarma lysestake?

27/11/2010

Vårt Land har i dag (papirutgåva 27.11.2010) eit stort oppslag om dei elektriske sjuarma lysestakene som me har i vindua i adventstida. Journalisten har vore på jakt etter opphavet til denne skikken og har spurt ei rekkje fagfolk innan teologi, kunsthistorie, jødedom, folkeminnegransking mm.

Han finn relativt raskt ut at den sjuarma lysestaken kan knytast til den jødiske menorahen og finn også til slutt ut at den elektriske varianten er svensk. Den blei «oppfunnen» av Oscar Andersson på 1930-talet.

Når eg i dag hentar fram adventsstaken for at den skal lysa i tida fram mot jul, tenkjer eg likevel mest på samanhengen med den sjuarma lysestaken som har røter i Bibelen.

Eg syns også det er interessant å tenkja gjennom den markerte forskjellen mellom jødane sitt forhold til menorahen (som dei ikkje tenner) og vår kristne tradisjon med ein tent sjuarma lysestake. Eg har lært av dei Jesustruande messianske jødane at ein tent sjuarma lysestake er eit tydeleg Messiassymbol.

Sjå tidlegare notat her på bloggen: Den sjuarma lysestaken.


Den sjuarma lysestaken

13/12/2008

den-sjuarma-lysestaken-2Det er mange som har lysestake med sju lys i vinduet nå i adventstida. Eg syns det er ein flott tradisjon.

Heime hos meg står den elektriske lysestaken i kjøkkenvinduet. Der viser den best frå vegen utanfor. Inne i stua har me i tillegg ei sjuarma lysestake for levande lys (biletet). Dette er ein jødisk menorah som me har kjøpt i Jerusalem.

Ein slik sjuarma lysestake er i dag eit heilt vanleg jødisk symbol, faktisk eit av dei viktigaste symbola i jødisk samanheng. Men dei fleste jødar vil aldri tenna staken, slik me kristne gjer! I tradisjonell jødisk kultur skal lysestaken stå utent inntil den messianske tida kjem. For Jesus-truande jødar og for kristne av alle andre folkeslag, er derimot den tente sjuarma lysestaken eit frimodig teikn på at Messias har kome og at han er nær.

Det er mange flotte Messiasprofetiar i GT, f eks denne frå profeten Jesaia:

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. (Jes 9,2)

Den sjuarma lysestaken har bakgrunn i GT. Det var Moses som fekk beskjed om å laga ein lysestake etter at han hadde motteke dei ti boda på Sinai. I 2. Mos 25,31-40 kan me lesa klare instruksjonar til Moses om koss lysestaken skulle sjå ut. Gjennom jødane si historie i gamaltestamentleg tid var denne lysestaken («Guds lampe») alltid brennande, først i tabernaklet, seinare i templet.

detalj-fra-titusbuen-foto-wikipediaMen i år 70, då Jerusalem blei øydelagt av romarane, blei lysestaken tatt som krigsbytte med til Roma. Den som har sett Titusbuen på Forum Romanum i Roma, har sett eit gamalt romersk relieff som viser dette, sett med romerske auge (foto: Wikipedia). Sidan har den sjuarma lysestaken som brann i tempelet i Jerusalem vore borte.

På denne bakgrunn er det forståeleg at ein tent sjuarma lysestake skapar meir undring i Israel enn her i vår kultur. I Immanuelkyrkja i Tel Aviv har dei ein slik menorah ståande som det sentrale symbolet på altaret. Dei tente lysa vitnar om trua på Jesus som kom som Messias for det jødiske folk og for alle folkeslag på jord. Dei skapar undring for jødar som kjem innom, og fungerer i denne samanhengen betre som symbol på Jesus enn eit kors ville ha gjort.

For oss som trur på Jesus, kan lysestaken vera eit godt symbol på at Han er den Messias som GT vitnar om. I kyrkja vår her på Bryne tenner me derfor den sjuarma lysestaken mens me les profetiar frå GT, når me har lysmesse i adventstida.

Den sjuarma lysestaken er med og framhever den kristne trua sine jødiske røter. For meg peiker den på Jesus. Derfor gleder eg meg over at det lyser sjuarma lysestakar i vindua i mange heimar i desse dagane. Om ikkje folk veit sikkert korfor dei har tent desse stakane, vitnar dei likevel om Han me feirar i jula!


%d bloggarar likar dette: