kategoriar
Tankar

Historia og menneskenaturen

Dagens sitat:

– Di meir eg tenkjer på fortida, dess mindre ser eg at ho vil læra oss noko om framtida. Den fremste innsikta eg har fått, er at historia er spesifikk. Men det er jo også det som gjer henne så interessant. Menneskets natur blir opplyst av å studera historia – sjølv om me ikkje kan fiksa menneskets natur gjennom historiestudium.

Det er den amerikanske forfattaren og kritikaren Daniel Mendelsohn som uttaler dette til Stavanger Aftenblad i dag (papirutgåva 25.09.10). Han har denne veka deltatt på litteraturfestivalen Kapittel 10 i Stavanger. Temaet har vore hukommelse. Sjølv liker eg best å ha eit litt meir positivt syn på kva me kan læra av historia, – men eg høyrer kva han seier. Og kanskje har han rett.

Mendelsohn har skrive suksessboka Forsvunnet (2006, på norsk i -09) der han har arbeidd med Holocaust. Han peiker på følgjande viktige poeng i det same intervjuet:

Holocaust er så stort at ein lett kan mista det enkelte mennesket av syne. Men det er altså viktig å hugsa at alt dette skjedde med 6.000.000 enkeltmenneske.

kategoriar
Bibelen Forkynning

Et meisterverk om Mennesket

Bare et menneske, og likevel et menneske! Støv, og likevel en som Gud har gitt den største ære! (Sigmund Mowinckel)

Salme 8 er ein av dei flottaste salmane i Det gamle testamentet si salmebok. Denne vakre teksten får fram det kontrastfylte i at me menneske har ein uendeleg verdi og ei stor gudgjeven oppgåve, samtidig som me er så uendeleg små i den store samanhengen. Eg vil seia at Salme 8 er eit meisterverk om Mennesket.

Her er er eit utdrag av salmen i den nyaste omsetjinga, Bibelselskapet si prøveomsetjing som er lagt ut på nettet:

Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,

kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det?

Du sette han lite lågare enn Gud
og krona han med herlegdom og ære.

Du sette han til herre over det dine hender har skapt,
alt la du under hans føter:

småfe og storfe i samla flokk,
dei ville dyr på marka,

fuglen under himmelen og fiskane i havet,
alt som ferdast på havsens stigar.

Herre, vår herre,
kor herleg ditt namn er over heile jorda! (Salme 8, 4-10)

Denne teksten er preiketekst i Den norske kyrkja i dag (10. søndag etter pinse 2009). I samband med dette fann eg fram ei gamal GT-utgåve som eg har i bokhylla mi, der den norske salmespesialisten Sigmund Mowinckel (1884-1965) har omsett og kommentert Salmane.

Mowinckel skriv blant anna slik om Salme 8:

Dikterens utgangspunkt er naturiakttagelsen: stjernehimmelens velde, som vender tanken til skapelsen og til skaperen, til hans kamp og seier over sine fiender i ophavet, og til det skapte kosmos, som blev resultatet av seieren. Fra Guds velde og majestet går tanken til dikterens og menneskets litenhet: et intet mot Gud! Men likevel, mennesket er ikke bare støv, det er også utrustet med en majestet og makt som er av næsten guddommelig art; skaperen har gitt det en guds makt over alt det skapte! Bare et menneske, og likevel et menneske! Støv, og likevel en som Gud har gitt den største ære! Slik blir menneskets ringhet og storhet et nytt bevis på Guds overjordiske og ufattelige underfullhet og herlighet! – En av de originaleste og mest personlige av alle salmene. Dikteren taler på hele menighetens vegne, se v. 2 og 10; men det er hans egen personlige oplevelse og religiøse grunnkjensle han gir uttrykk for – han vet at de andre deler hans syn. – Mer enn de fleste andre hymner klinger denne universalistisk og almenmenneskelig, just fordi den begynner med Gud selv og uttrykker det personlig oplevde forhold til Gud; det nasjonale – at denne herlige Gud er Israels Gud – klinger bare svakt med i innledningens og avslutningens «Jahve vår herre».

(Det gamle testamentet, oversatt av S. Michelet, Sigmund Mowinckel og N. Messel, bind IV Skriftene, 1. del, Oslo 1955, side 37)