Evangeliet etter Matteus?

Kven har eigentleg skrive dei ulike delane av Bibelen? Det er eit stadig tilbakevendande spørsmål i forskinga.

Matteusevangeliet har ingen opplysningar om kven som er forfattar av skriftet. Ein gamal kyrkjeleg tradisjon seier at evangeliet er skrive av tollaren Matteus i Kapernaum (Matt 9,9). Derfor har skriftet frå gamalt av hatt namnet Evangeliet etter Matteus. Men svært mange forskarar vil seia at det er usannsynleg at denne tollaren (som blei Jesu disippel) skreiv evangeliet.

I dag kom eg over ein blogg som viser at det i ein del nyare kommentarar i større grad enn tidlegare likevel blir opna for at Matteus kan vera forfattaren av evangeliet:

The authorship of Matthew in recent commentaries

(…) What intrigues me, aside from the move to an earlier dating of the gospel, is a (re)turn to establishing Matthew the tax-collector and disciple of Jesus as the author of the gospel. This is not exactly argued for explicitly, but as a possibility.

(…)

Anyway, if I can make some tentative conclusions, I think a trend is emerging within Matthean scholarship towards a renewed case for naming the apostle Matthew as the author of the gospel, but this is occurring through some subtle shifts in language. While there has been no real change in available evidence or argumentation (aside from the preference for an earlier dating), we find a peculiar move from the somewhat negative “unlikely” to the more optimistic “possibility”. In other words, while previous scholars cautiously took a cup half-empty approach, more recent scholars feel able to turn the same or similar conclusion into a cup half-full approach. Although the evidence cannot support the authorship of the apostle Matthew with certitude, it remains a distinct possibility. But, of course, this has pretty much always been the case – just as any number of potential authors remain possible. And this is why I would’ve thought the best conclusion, based on the available evidence, is for an anonymous author. So what might this subtle shift in language really be about?

Les meir

Innlegget er skrive av ein Robert Myles (som eg ikkje kjenner noko til) på bloggen Auckland Theology, Biblical Studies, et al. Eg fann den via sist utgåve av Biblical Studies Carnival.

Tradisjonen som peiker på Matteus som forfattar, går tilbake til ein tekst frå ca 130 av biskop Papias i Hierapolis (dagens Pamukkale i Tyrkia). Han opplyser at Matteus skreiv ned Jesu ord og gjerningar på hebraisk. Papias sitt skrift finst ikkje i original, men er gjengjeve i Eusebius si kyrkjehistorie (III.39).

Sjå også det tidlegare bloggnotatet Evangelisten Matteus.

Evangelisten Matteus

Matteus – den skriftlærde jøden med sans for kyrkja

Det står ikkje noko i Bibelen om kven som er forfattar av Matteusevangeliet. Men det finst ein gamal tradisjon i kyrkja som knyter evangeliet til disippelen Matteus, tollaren frå Kapernaum (9,9). Derfor har evangeliet heilt frå det 2. hundreår blitt kalla ”Evangeliet etter Matteus”. I dag meiner dei fleste forskarar at det er lite sannsynleg at denne disippelen skreiv evangeliet. Eg omtalar likevel evangelisten som Matteus, sjølv om me ikkje veit sikkert kven han var.

Nå i helga hadde eg eit innlegg om evangelisten Matteus på ei temagudsteneste i Bryne kyrkje. Gudstenesta var den første av fire som tar for seg evangelistane og deira vitnemål om Jesus. Overskrifta over gudstenesta var Matteus – den skriftlærde jøden med sans for kyrkja. «Bestillinga» frå gudstenesteutvalet var å seia noko om kva som er særpreget ved Matteusevangeliet. Dessutan noko om den utfordringa til medarbeidarskap som me finn i dette evangeliet. Her er ein skriftleg versjon av talen. Bibeltilvisingane som berre inneheld tal, viser til Matteusevangeliet.

Kom, sa Jesus. ”Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar.” Det sa Jesus då han kalla sine første disiplar, i følgje Matteusevangeliet (4,19).

Gå, sa Jesus. ”Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar.” Det var det siste Jesus sa før himmelfarten, óg det i følgje Matteusevangeliet (28,19).

Matteus var opptatt av at det å følgja Jesus og det å vera sendt av Jesus, er to sider av same sak. Det dreier seg om å høyra til i Jesu kyrkje, den kyrkja som Jesus ville byggja.

Det første og viktigaste som eg vil peika på som typisk for Matteus, er at han er svært godt kjent med Det gamle testamentet.

Det kan me blant anna sjå av koss han gjennom heile evangeliet bevisst vil visa lesaren at det som skjer i Jesu liv, var ei oppfylling av løfter som Gud hadde gitt gjennom profetane i GT.

Allereie i opninga av evangeliet, viser han oss dette: Jesus er den Messias (Kristus) som er omtalt i løftene i GT (1,1). Han høyrer heime i jødisk tradisjon og har røter som går tilbake til David og Abraham.

For å underbygga at Jesus er Messias, utvikla Matteus ei spesiell form for sitat frå GT, det me kallar oppfyllingssitat eller refleksjonssitat.

Eg vil gje eit par eksempel, – evangeliet inneheld mange fleire:

  • Ein engel fortel Josef om Jesus før fødselen: 1,18-23. Merk vers 22: ”Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten …”
  • Ved starten av Jesu offentlege verksemd, fortel Matteus at Jesus flyttar frå Nasaret til Kapernaum ved Gennesaretsjøen: 4,12ff. Merk vers 14: ”Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaia …”

Ei anna sak som seier oss noko om Matteus og hans forhold til GT, har med språk å gjera.

Matteusevangeliet er skrive på gresk, dei lærde seier til og med at evangeliet er skrive på god gresk. I det første hundreåret fanst GT på to språk; Den hebraiske bibelen og den greske omsetjinga, Septuaginta. Sjølv om Matteusevangeliet har blitt til i eit greskspråkleg miljø, siterer evangelisten normalt frå den hebraiske teksten når han siterer frå GT. Dette til forskjell frå Lukas, som normalt siterer frå Septuaginta.

Det finst faktisk óg ein teori om at Matteus-evangeliet først blei skrive på hebraisk (eller arameisk), og ikkje på gresk som resten av NT. Bakgrunnen er ein tekst frå ca 130 e. Kr., den same teksten som knyter evangeliet til disippelen Matteus. Biskop Papias i Hieropolis (dagens Pamukkale i Tyrkia) skreiv at disippelen Matteus nedteikna Jesu ord på hebraisk. Men det er usikkert om dette viser til det evangeliet me kjenner, eller til ei tidlegare samling Jesusord.

Måten evangelisten Matteus brukar GT på, gjer at me kan kalla han «ein jødisk teolog». I dag ville ein Jesustruande jøde kanskje seia «ein messiansk teolog». Eller med eit uttrykk me kjenner frå Jesu tid, rett og slett «ein skriftlærd».

Me er vant med at ordet skriftlærd blir brukt i negativ omtale av Jesu fiendar, for eksempel i uttrykket ”dei skriftlærde og farisearane” (sjå f eks 5,20). Derfor er det spesielt å leggja merke til at ordet faktisk også er brukt i positiv samanheng hos Matteus (13,52 og 23,34). Nokre har peika på at me i 13,52 kanskje til og med finn eit diskret «visittkort» etter forfattaren, i eit uttrykk som er spesielt for dette evangeliet:

… kvar skriftlærd som har fått opplæring om himmelriket, (er) lik ein husherre som hentar fram nytt og gammalt av det han har samla.

Ordrett står det på gresk noko slikt som: ”kvar skriftlærd som er blitt gjort til disippel for himmelriket”.

Dei skriftlærde var på Jesu tid ei gruppe lærarar som hadde ansvar for å leggja ut lova i det jødiske samfunnet. Dei blei kalla «rabbi». Dei levde ikkje av å vera skriftlærde, men hadde eit handverk ved sidan av. Eg har lese at dei fleste skriftlærde truleg var farisearar, men at ikkje alle farisearar var skriftlærde.

Det er slett ikkje sikkert at evangelisten nokon gong blei rekna som ein skriftlærd. Men det er ingen tvil om at han var ein jøde som kjente skriftene i GT svært godt og som var opptatt av å visa den nære samanhengen mellom løfta i GT og historia om Jesus.

Enda eit trekk som viser kor forankra Matteus var i ein jødisk, for ikkje å seia rabbinsk tankegang: Der dei andre evangelistane gjengir Jesu forkynning om Guds rike, omskriv Matteus dette med himmelriket. Dette viser ei særleg pietetsfull haldning til jødiske tradisjonar, der ein var forsiktig med å uttala Guds namn og heller brukte ulike omskrivingar.

Ein annan ting som skil Matteus frå dei andre evangelistane, er at han skriv om kyrkja og kyrkjelyden.

Når han gjer det brukar han ordet ekklesia, som ikkje er brukt av dei andre evangelistane. I den viktigaste teksten (16,18) peiker Jesus på Peter som den første kristne leiaren: ”Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje.” (Ordspel på gresk: Petros – he petra).

Heilskapen i evangeliet viser at det er blitt til i ein kyrkjelyd som bestod av menneske med jødisk og ikkje-jødisk bakgrunn, altså ein stad der det nye Gudsfolket levde i trua på Jesus som Messias.

Dei fleste forskarar vil seia at evangeliet truleg blei til i Antiokia på slutten av det første hundreåret. Antiokia var ein viktig by i den første kyrkja. Her blei dei Jesustruande for første gong kalla kristne (Apg 11,26). Kyrkjelyden bestod av menneske med jødisk og ikkje-jødisk bakgrunn, og den var også eit miljø med brytningar mellom jødisk og ikkje-jødisk Jesustru.

Den skriftlærde Matteus var på mange måtar ein redaktør då han skreiv sitt evangelium. Forskarane meiner likevel at evangelia ikkje blei til ved eit skrivebord, men ved levd liv i forkynning og undervisning med fokus på Jesus.

Når me ser på Matteus som redaktør, kan me sjå fleire særtrekk ved han. For eksempel desse:

  • Evangeliet har ein formanande / oppmuntrande vinkling både på taler, likningar og fortellingsstoff
  • Evangeliet er redigert slik at fem lange talar (f eks Bergpreika) vekslar med forteljingsstoff gjennom heile Matteusevangeliet
  • Det universelle perspektivet (vismennene i Matt 2 og misjonsbefalinga i Matt 28)

Matteus formidlar at Jesus ville ha ei kyrkje av medarbeidarar.

Å vera medarbeidar i Jesu kyrkje er å følgja Jesus og å vera sendt av han. Dette var Matteus opptatt av. Det gjeld for oss alle, for vanlege menneske som deg og meg. Måten Jesus ville bruka Peter på som medarbeidar, gjer dette tydeleg. Matteus viser oss den store spennvidda i Peter sitt liv som disippel. Han fortel at Peter var fjellet som Jesus ville byggja kyrkja på, like før Jesus blei nøytt til å seia til Peter: ”Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall.” (16,18 og 16,23).

Eit eksempel på koss Matteus framheva etterfølginga, er forteljinga om då Jesus gjekk på vatnet.

Markus 6,45 ff fortel historia om då Jesus kom gåande på vatnet midt på natta og om kor redde disiplane blei. Så kom Jesus opp i båten til dei, og vinden stilna.

Når Matteus etterpå tar med denne historia, tar han med eit tillegg; at Peter óg ville gå på vatnet (14,28 ff). Også då sa Jesus: Kom! Og Peter gjekk ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. Men då han såg kor hardt det bles, blei han redd og tok til å synka. Peter fekk erfara noko om å følgja Jesus på hans ord, og han vekk erfara at trua sine motkrefter nok ein gong øydela for han.

Jesu ord om etterfølging og om å vera sendt, er viktige for oss som i dag er hans kyrkje. Matteus hjelper oss som kristne til å ha rett fokus: Jesus!

Me får hjelp til å tolka sendinga med vår tids ord og vår tids forståing i Stavanger bispedømme sin nye strategi for perioden 2011-2014:

Vi er sendt av den treeinige Gud for å dela evangeliet om Jesus Kristus i ord og handling.

Dette er uttrykk for ei ny økumenisk misjonstenking, jfr Lausannebevegelsen sitt store møte i Cape Town hausten 2010 der dette var heilt sentralt. Me er ein del av Guds misjon på jorda. Me har eit oppdrag. Me er sendt av han. Misjon er ikkje noko me driv, det er noko Gud driv. For oss gjeld det å melda oss på det Gud gjer!

Denne tankegangen er sterkt forankra i Matteusevangeliet. Kyrkja er Jesu kyrkje som han byggjer. Misjonsbefalinga viser oss i klartekst at me er sendt, med eit oppdrag.

Den enkelte av oss har del i denne sendinga. Å vera disippel er å vera med i Guds store misjon i verda; å gjera alle folkeslag til disiplar. Det gjeld folk i lokalmiljøet vårt og det gjeld folk i alle andre delar av verda.

Eg har óg lyst å peika på at Matteus utfordrar oss spesielt på det som er vårt misjonsprosjekt i Bryne kyrkjelyd; å driva misjon blant jødar. Oppfyllingssitata / refleksjonssitata i Matteusevangeliet minner oss om dette spesielle ansvaret: Jesus er den Messias som GT handlar om. Dette er eit viktig bodskap å gje tilbake til det jødiske folket. Return to sender! Det er flott at Bryne kyrkjelyd er med på dette!

Kom, sa Jesus. ”Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar.” Gå, sa Jesus. ”Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar.”

Då Matteus skreiv evangeliet, var han opptatt av å få fram at det å følgja Jesus og det å vera sendt av Jesus, er to sider av same sak. Det dreier seg om å høyra til i Jesu kyrkje. Det gjeld óg for oss!

La oss derfor lytta til denne skriftlærde jøden med sans for kyrkja, lytta til hans utfordringar og oppmuntringar til å leva i teneste, til å følgja Jesus og til å la seg senda av Jesus.

Flukta til Egypt

Bibelforteljinga om Den heilage familie (Maria og Josef med barnet Jesus) si flukt til Egypt, har blitt ny og levande for meg i 2008. Eg  var med på ein studietur til Kairo for snart eit år sidan og opplevde då kor mykje denne teksten faktisk betyr for egyptiske kristne i dag.

For oss kan denne teksten vera ei påminning om at forteljingane om Jesu barndom ikkje bare handlar om eit barn i ei krubbe, men også om ei dramatisk flukt.

Her er dei aktuelle versa i Matteus-evangeliet:

Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

(…)

Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israelslandet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israelslandet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear. (Matt 2,13-15 og 19-23)

Teksten seier ikkje noko om kor lenge den heilage familie var i Egypt, heller ikkje noko om kvar i Egypt dei søkte tilflukt. Men her har det vakse fram ein rik tradisjon blant egyptiske kristne. Tradisjonen fortel at dei var i Egypt i tre år og seks månadar, vidare at dei reiste rundt i Nildeltaet og opp til Øvre Egypt. Delar av turen gjekk i båt på Nilen. Det finst mange forteljingar om underfulle ting som skjedde på reisa deira rundt i landet. Desse forteljingane blir knytt til spesielle stadar, som dermed har blitt heilage og utgangspunkt for pilegrimstradisjonar.

old-cairo1Biletet viser eit skilt ved nedgangen til Abu Serga (St. Sergiuskyrkja) i Koptisk Kairo. Under altaret i denne kyrkja er det ei krypt der den heilage familie i følgje tradisjonen budde ein periode.

Tilbake til bibelteksten frå Matteusevangeliet. Professor Stephen J. Davis ved det evangeliske teologiske seminaret i Kairo peiker på to viktige observasjonar i denne teksten:

  • Forteljinga om flukta er nøye knytt til evangelisten sin bruk av GT. Flukta og tilbakereisa blir forstått som ei oppfylling av profetiar frå GT. Nøkkelteksten er sitatet frå Hos 11,1:  Frå Egypt kalla eg son min. I den opphavlege konteksten hos profeten, er dette ei utsegn om exodus, utferda frå Egypt under Moses. Men evangelisten nytolkar teksten, og let den vera ein profeti om at Jesus, Guds Son, måtte flykta til Egypt og koma tilbake derifrå.
  • Forteljinga om flukta legg vidare stor vekt på geografi. Matt 2 er fylt av geografiske namn: Betlehem, Egypt, Israelslandet, Galilea og Nasaret. Kapittelet tar oss med på ei reise til kjente geografiske stadar. Egypt får eit viktig fokus knytt til den gamaltestamentlege tradisjonen om at landet både var ein stad for eksil og for tilflukt.

Me kan også ta med oss ei bøn, skriven av den danske presten Holger Lissner med utgangspunkt i bibelteksten om flukta til Egypt:

Herre Jesus Kristus! Vi takker deg for at du ikke forble i din himmelske urørlighet, men gikk inn i vår sårbarhet og kom oss til hjelp i vår angst og smerte. Vær hos oss når vi trues av mørke makter og ikke vet hvor vi skal flykte hen. Vis oss at for deg er natten klar som dagen, og at du har veier der vi ingen sti kan se. Herre, du er vårt håp. For deg er alt mulig, du som er ett med din himmelske Far i kraft og ånd fra evighet og til evighet. (frå Svein Ellingsen: Og lyset skinner i mørket. Juletiden dag for dag)

Oppdatering: Les meir om kjeldene til kunnskap om flukta i notatet Theophilus» openberring.