Mariakonserten

Eg ser for meg at Maria var ei sterk kvinne og ei god mor. Ho følgde Jesus frå fødsel til død gjennom eit uvanleg og dramatisk liv. Ho var også trufast mot han etter hans død og oppstode, og ho var med i det første kristne fellesskapet i Jerusalem. Maria sitt kall var å vera Jesu mor, – og ho følgde kallet. Gjennom dette er ho eit førebilete for oss.

Verknadshistoria etter Maria er omfattande,  både i kunst- og kulturhistoria. Den apostoliske truvedkjenninga nemner henne med namn, og dermed blir Maria-namnet framleis nemnt i kvar gudsteneste, også i vår norske folkekyrkje. «Eg trur på Jesus Kristus (…) fødd av Maria møy». Kanskje veks det i dag fram ei forståing som gjer Maria viktigare enn tidlegare, også i vår lutherske samanheng?

(frå innleiinga mi i konsertprogrammet)

Denne helga blei Mariaprogrammet som eg har arbeidd med dette året, framført i konsertar i fire kyrkjer i Stavanger, Sandnes og på Jæren. Sjølv fekk eg med meg to av konsertane. Eg var godt nøgd etter fredagskvelden i St. Petri. Og konserten i Hana søndag kveld var ei enda større oppleving!

Programmet var delt i tre delar:

  • Marias liv fram til Jesu fødsel
  • Marias liv saman med Jesus
  • Marias liv etter Jesu død og oppstode

Dette var sett saman av lystenning, song, musikk, bibellesing og forteljing. Eg hadde valt ut bibeltekstane, bearbeidd enkelte av dei for å setja dei inn i ein samanheng, og skrive fem pilegrimsforteljingar som handla om å reisa i Marias fotspor i vår tid. Dessutan var eg med i regi og scenografi saman med Elisabeth Barstad, som stod bak konserten. Dette siste skal eg på ingen måte ta hovudæra for; eg opplever at Elisabeth og hennar medarbeidarar gjorde det meste av arbeidet med dette.

Pilegrimstekstane var skrivne på bakgrunn av reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Det var musikk av Almquist, Bach/Gounod, Max Reger, Hildegard von Bingen, Steinar Eielsen, Per Sigmund Rettedal med fleire, i tillegg til eigne komposisjonar av Elisabeth Barstad og Eddie Andresen.

Bibeltekstane var utdrag og bearbeidingar frå Matt 1 og 2, Luk 1 og 2, Joh 2 og 19, Apg 1 og 11. I tillegg til bibeltekstane hadde me med eit utdrag av forteljinga om Marias barndom frå Jakobs Protevangelium.

Kunstnarane som framførte konserten var:

  • Elisabeth Barstad, tekstformidling og fløyte
  • Ingeborg Barstad, sopran
  • Eddie Andresen, slagverkinstrument
  • Kristin Sembsmoen (sopran), Merethe Rage Aasvold (sopran), Øygynn Ebenhard (alt) og Kirsten Bakke (alt), – vokalgruppe frå Concentus

Dessutan deltok Ingvild Berger med lystenning og små samanbindande kommentarar. Prosjektansvarleg var Randi Garathun-Hansen.

For meg har dette vore eit spennande prosjekt å få vera med på. Takk til alle dei medverkande! Ein spesielt stor takk til Elisabeth og Randi!

Maria i ord, toner og lys

Maria, plakat

Kven var eigentleg Maria, Jesu mor? Eg har dette året vore med og førebudd eit konsertprogram om henne. Dette blir nå presentert slik:

I en ny, vakker og stemningsfull forestilling, gjennom ord, toner og lys, ønsker vi å skape et bilde av Maria. Vi håper du får en opplevelse du kan gjemme i hjertet ditt.

Mitt bidrag har blant anna vore å velja ut tekstar frå Bibelen og tradisjonen. I tillegg har eg sjølv skrive ein del tekstar til programmet, formulert som små pilegrimsforteljingar frå nokre av dei stadane som blir knytt til Maria: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Tekstane vil bli framført på ein konsert med flott song og musikk. Elisabeth Barstad er svært sentral i prosjektet. Ho vil stå for tekstformidling og spela fløyte. Elles er desse kunstnarisk medverkande:

  • Ingeborg Barstad, sopran
  • Eddie Andresen, slagverkinstrument
  • Vokalgruppe frå Concentus: Kristin Sembsmoen, Merethe Rage Aasvold, Øygunn Ebenhard og Kirsten Bakke. Det er spesielt kjekt å gjera dette saman med Kirsten, som er svigerinna mi.

Nå kan me snart invitera til konserten, som vil bli halden i kyrkjer i Stavanger, Sandnes og på Jæren:

  • Fredag 16. nov kl 20 i St. Petri kirke
  • Laurdag 17. nov kl 18 i Nærbø kyrkje
  • Søndag 18. nov kl 13 i Sola ruinkirke
  • Søndag 18. nov kl 20 i Hana kirke

(Oppdatering 11. november: tidspunktet for konserten laurdag kveld er nå korrekt!)

Billettar kan kjøpast på www.billettservice.no eller i kyrkja før konsertstart.