Sju av Nordlands underverk

Lofotkatedralen

Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Eg har nå prøvd å rydda opp, sletta og ta vare på dei beste bileta.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.

Midnattssol

Sommarminne frå Nordland VI

sol 1

Eg syns midnattssola er fascinerande. Her sit eg i strandkanten og nyt sola og havet. Klokka er 00.48. For å få denne utsikta, reiste me seint på kvelden litt nordover frå Reipå Camping ved Ørnes. Det blei ein svært vellukka nattleg ekspedisjon. Ei stor mengde mygg var det einaste som trakk opplevinga ned eit par hakk. Staden ligg for øvrig heilt vest i Gildeskål kommune (heimbygda til Elias Blix, – så fekk eg til ære for BlixBlog så vidt fletta diktaren inn i denne Nordlandsserien).

sol 2

Den flottaste opplevinga med midnattssola hadde me kanskje på Eggum «på yttersida» av Lofoten. Me slo opp teltet i strandkanten og var oppe lenge. Her var det ikkje mygg. Kameraet fortel at biletet blei tatt tidleg om morgonen, ca kl 02.30. «Du skal ikkje sova burt sumarnatta!»

hode

Her ved Eggum står skulpturen Hode som ein del av Skulpturlandskap Nordland. Det er vanskeleg å skildra denne skulpturen skikkeleg, den må rett og slett opplevast! Frå ein vinkel ser den ut som ein heilt vanleg byste av eit mannshovud på ei søyle. Men går du rundt den, skiftar den form 16 gonger, og frå ein annan vinkel står faktisk hovudet opp-ned! Her ser eg nærare på dette utrulege kunstverket. (Les meir)

ruinkyrkja

Den siste kvelden i Lofoten sykla me ein liten midnattstur til nordsida av Røstlandet for å sjå på denne kyrkjeruinen. Klimaet er barskt på Røst, og det har ikkje vore lett å få nokon kyrkje til å stå over lengre tid. Tidleg på 1800-talet prøvde ein seg med denne steinkyrkja, men heller ikkje den blei gamal. I år 1900 var ho i så dårleg stand at ho måtte tas ut av bruk, og treverket blei brukt andre stadar. Tilbake står dei spesielle murene som ein vakker kyrkjeruin.

For meg er midnattssola eit fenomen eg opplever og lar meg fascinera av. Men like fascinerande er det jo å sjå at dei som bur der nord, f eks malar huset eller vaskar bilen midt på natta!

Heile serien: