Kraft om Selja

08/07/2014

Det er Seljumannamesse i dag, 8. juli. Eg markerer dagen med eit lite notat i skjæringspunktet mellom to av interessene mine; pilegrimsreiser og gamle bøker. Eg fann i går kveld fram Krafts Haandbog over Norge, ei av dei gamle geografibøkene eg har i bokhylla, for å sjå korleis denne boka omtaler klosterruinane på Selja.

Klosteret på Selja

Seljumannamesse er ein gamal merkedag knytt til legenda om den heilage Sunniva og klosteret på Selja ved Stadlandet. Selja er ein viktig stad i den eldste norske kyrkjehistoria og kanskje det første norske pilegrimsmålet. Den som ikkje kjenner historia, kan f eks lesa Wikipedia-artikkelen om Selje kloster.

Bildet viser klosterruinane. Tårnet står igjen etter Albanus-kyrkja. Eg tok bildet då eg var på staden i 2010, på kystpilegrimstur frå Stavanger til Selje.

Historisk-topographisk Haandbog over Kongeriget Norge (1845-1848) er skriven av Jens Edvard Kraft (1784-1853).

Øya Selja heitte på den tida Sælø.  Boka har ein kort omtale av staden i avsnittet om Hove Præstegaard i Sælø Præstegjeld (Nordre Bergenhuus Amt). Ruinane var den gong ennå ikkje restaurert, men dei var tydelegvis kjente og blei sett på som så interessante at dei fortente ein omtale i boka.

… under hvilken Gaard hører Øen Sælø, paa hvilken Ø Kong Olaf Tryggvesen anlagde en Kirke, ligesom Hovedsognets Kirke stod her indtil Aar 1654, da den blev flyttet over til Fastlandet paa Præstegaardens Grund, og paa samme Ø, der er bekjendt af Legenden om den irske Dronning Synneve (Sunniva), var det St. Albanus helligede Kloster, hvoraf endnu Ruiner sees.

Ein fotnote viser til den tids tilgjengelege litteratur om klosterruinane:

See Klüivers Norske Mindesmærker, S. 133-137, hvor der findes en udførlig Beskrivelse med Kart over disse Ruiner, saavelsom Biskop Neumanns Reisebemærkninger i Budstikkens Sjette Aargang, Sp. 567-577, og Sammes Beretning i Tidsskriftet Urda, 1ste Bd. S. 215-217, med Hensyn til to herværende Bjerghuler. Klosteret selv og dets Skjebne omhandles i Langes «Norske Klostres Historie» S. 537-544.

Relaterte notat:

Advertisements

Ei helg i Selje

08/06/2010

Selje var målet for oss som var på pilegrimsreise nordover langs kysten frå Stavanger. Me hadde ei flott helg her på og ved Stadlandet.

På søndagen var me på tur ut til den litle øya Selja som er ein viktig stad for den eldste kyrkjehistoria vår:

  • Øya er knytt til tradisjonen om Sta Sunniva og Seljemennene, som skal ha kome hit i båt frå Irland. Her er den keltiske påverknaden sterk og dette var kanskje det første pilegrimsmålet i Norge, allereie frå omlag år 1000.
  • Vidare var øya eit av dei første bispeseta i landet i hundre år frå 1068 då kong Olav Kyrre delte landet i tre bispedømme. Bispesetet blei flytta til Bergen i 1170, saman med relikviane knytt til Sta Sunniva.
  • Så må det også nemnast at det blei bygd kloster og fleire kyrkjer her på 1200-talet. Nå er det ruinar som gjev eit inntrykk av klosteret, og tårnet frå Albanuskyrkja viser godt igjen i terrenget (sjå bildet).

(I parentes vil eg nemna at det nå visstnok er gresk-ortodokse kristne som ønskjer å starta eit nytt kloster på Selja, – og at dette er nonner frå klosterfellesskapet som eg kjenner frå klosteret i Thiva.)

På laurdagen gjekk me fjelltur over Stadlandet til Dragseidet, der det er sett opp eit kors til minne om kristninga av denne delen av landet. Vidare reiste me med buss ut til Ervik og Vestkapp.

Eg syns det var spesielt flott å koma opp på Vestkapp, det vestlegaste fjellplatået i landet, nesten 500 meter over Stadhavet. Det er mindre enn to månadar sidan eg var på Kapp det gode håp og Cape Point, og desse to kapp-opplevingane (begge i godver!) har gjort eit sterkt inntrykk på meg. Her er det mykje himmel og mykje hav. Det uendelege kjem nær. Og me menneske blir små i slik natur.

Her er alle notata frå turen:

 


Kinna-kyrkja

08/06/2010
Interiør, Kinna-kyrkja

Kinna-kyrkja. Foto: Arne Berge 2010

Me hadde mange flotte opplevingar på pilegrimsreisa vår langs kysten frå Stavanger til Selje. Eit av dei absolutte høgdepunkta var besøket på Kinn, ei øy med åtte fastbuande langt ute mot havet utanfor Florø. Den gamle kyrkja frå 1100-talet er heilt spesiell, og her blei me tatt imot på ein måte som gjorde inntrykk!

Heile kyrkja er eit klenodium. Det mest spesielle med den er nok lektoriet, eit galleri over kordøra. Lektoriet er truleg frå 1200-talet og har vore nytta i liturgisk samanheng, til song og lesing, kanskje også til kunngjeringar. Figurane som er skorne ut i fronten på lektoriet er Jesus og dei tolv apostlane som sit på tronstolar (Matt 19,28), med ein engel ytst på kvar side.

Framme i koret er det tre store kvinnefigurar i tre; det er Sta Barbara, Sta Katarina og Maria Magdalena. Desse figurane kom truleg hit på i løpet av dei siste hundre åra før reformasjonen, og dei var då plasserte i det sentrale feltet i altartavla. Det spesielle er at dei fekk bli ståande der i meir enn 150 år etter reformasjonen! I 1703 blei dei flytta frå altartavla. Nå står dei i eit altarskap på sørsida oppe i koret. Elles syns eg også det er spesiellt at Sta Katarina av Alexandria, den helgenen som er knytt til Katarinaklosteret i Sinai, har funne vegen her til ei øy ytst på vestlandskysten.

Kinna-kyrkja

Kinna-kyrkja. Foto: Arne Berge 2010

Naturen utanfor kyrkja er mektig. Her ligg storhavet rett utanfor, Her er den spesielle fjellformasjonen Kinnaklova. Eg hadde ein verdifull time for meg sjølv på benken som står ved kyrkja. Og mens eg var der ved kyrkja, flaug ei havørn rett over meg!

Her er alle notata frå turen:

 


Steinkorsa i Eivindvik

28/05/2010

Det er mange gamle steinkors her på Vestlandet. Sjølv om Rogaland har svært mange av desse, er det interessant også å sjå nokre av korsa som står lenger nord langs kysten.

I dag har eg fått sjå nærare på to av dei flottaste av desse korsa. Eg tenkjer på korsa i Eivindvik. Korsa er truleg frå perioden 950 – 1050 og dei har nok ei eller anna tilknyting til den eldste tingstaden for Gulatinget. Truleg låg tingstaden mellom dei to korsa.

Dei to korsa har litt ulik form; det eine blir kalla eit anglisk kors, det andre eit keltisk kors. Begge er såleis tydelege teikn på den kyrkjelege kontakten med dei britiske øyane i den eldste kristne tida.

Det er flott å sjå slike kors og å læra om historia til stadane der dei står. Begge korsa i Eivindvik er uskadde og dei står på den autentiske staden der dei først blei sette opp.

Det keltiske korset står like ved porten inn på kyrkjegarden. Det har rette korsarmar og karakteristiske halvsirkelforma ”armholer”. Det angliske korset står i ein bakke med utsikt over bygda og fjorden. Denne korsforma har runde bogar mellom korsarmane. Det er interessant at dette korset står plassert akkurat så langt oppe i bakken at sola skin på heile korset sjølv på den mørkaste dagen i året.

Tidlegare Stavangerbiskop Fridtjov Birkeli er framleis ein autoritet når det gjeld dei gamle steinkorsa. Han meiner at det angliske korset er det eldste av dei to korsa i Eivindvik og at det truleg er frå Håkon Adelsteinsfostre si tid.

Birkeli viser i boka Norske steinkors i tidlig middelalder kor stor tyding dei over femti steinkorsa på Vestlandet har for forståinga av den første misjonsverksemda i Norge. I innleiingskapitlet i boka skriv han slik:

Det er innlysende at bak reisingen av nettopp disse steinkorsene står motiver og impulser som er kommet til Norge utenfra. Og når liknende steinkors så å si ikke eksisterer ellers i hele Skandinavia, må man søke etter impulsenes opphav enten på kontinentet eller på de britiske øyer. Kan det tenkes en tid i Vest-Norges forbindelse med disse deler av Europa, da det av en eller annen grunn var naturlig å reise steinkors nettopp der og ikke ellers i Skandinavia? Kan det videre tenkes at en her rører ved problemer som skiller kristen misjon vestfra fra misjonen fra kontinentet?

(Fritdjov Birkeli: Norske steinkors i tidlig middelalder, s 34)

Tilslutt nokre ord om den utruleg flotte lokale kulturformidlinga eg møtte i Gulen. Dei lokale representantane for kyrkja og kultursektoren gjorde ein strålande innsats. Dei gav oss kunnskap og var stolte av kva bygda deira hadde å by på. Dette gjaldt både den kyrkjelege tradisjonen om steinkors, kyrkjebygg og prost Dahl, og den meir almene historia om Gulatinget. Dette siste ikkje minst då me besøkte tusenårsstaden.

Her er alle notata frå turen:

 


%d bloggarar likar dette: