Men okse der og asen stod

Men okse der og asen stod,
og asen stod,
og så den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Dette er det fjerde verset i Et barn er født i Betlehem (Norsk Salmebok nr 27). Den kjente julesongen er eigentleg ein gamal latinsk salme frå 1300-talet, Puer natus in Betlehem. Grundtvig omsette den til dansk i 1820. Vår julesong er ei fornorsking av Grundtvigs tekst.

Men kvar kjem tradisjonen om desse dyra frå? Juleevangeliet fortel om gjetarar med dyr ute på Betlehemsmarkene, men nemner ikkje nokon dyr på fødestaden. Nå er det sjølvsagt ikkje utenkjeleg at det var dyr der, sidan det blir fortalt at Maria la sin førstefødde i ei krubbe. Men bibelteksten seier altså ikkje noko om dette.

Så vidt eg kjenner til er dyra som omkransar Jesusbarnet, første gong nemnt i Pseudo-Matteus eller Matteus´ barndomsevangelium, eit apokryft evangelium av ukjent opphav (les meir):

And on the third day after the birth of our Lord Jesus Christ, the most blessed Mary went forth out of the cave, and entering a stable, placed the child in the stall, and the ox and the ass adored Him. Then was fulfilled that which was said by Isaiah the prophet, saying: The ox knows his owner, and the ass his master’s crib. (Isaiah 1:3) The very animals, therefore, the ox and the ass, having Him in their midst, incessantly adored Him. Then was fulfilled that which was said by Abacuc the prophet, saying: Between two animals you are made manifest. In the same place Joseph remained with Mary three days. (Pseudo-Matteus 14)

Relatert stoff:

Krubba i juleevangeliet: Om herberget som blei borte frå juleevangeliet, om Jesus blei født i fattigdom, om den bibelske bakgrunnen for krubba om barnet «som blei sveipt».

Josef fortel: Min variant av Josef sine opplevingar ved Jesu fødsel.

Krubba i juleevangeliet

Eg er heime etter å ha forretta ved tre gudstenester nå på julaftan (2006). Først to familiegudstenester med masse barn til stades, og så ei meir stille og «vaksen» gudsteneste til slutt. Det er flott å vera i kyrkja ein slik dag. Her kjem folk i alle aldrar og feirar Jesu fødsel. «Nå vandrer fra hver en verdenskrok, i ånden frem, i ånden frem, et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem, mot Betlehem.»  Ca 1200 menneske har vore til gudsteneste i Bryne kyrkje i dag. Og i morgon er det høgtidsgudsteneste, der me også reknar med meir folk enn vanleg.

Kyrkja er pynta til fest, – nye folk har tatt ansvar og gjort det på sin flotte måte. Og nytt av året var også ein stor stall med krubbe og høy, som barna kunne koma fram og setja seg inn i.

Men først og fremst er julaftan feiringa av at Gud blei menneske, i eit lite barn i ei krubbe. Derfor tar eg med litt stoff om juleevangeliet her på bloggen i kveld. Det er mange interessante detaljar i denne bibelteksten, og utruleg mange trådar som kan trekkjast til andre bibeltekstar. I dag vil eg skriva litt om krubba som Jesus blei lagt i.

(Julemiddagen er snart klar, gjestene har kome og storfamilien på 12 skal snart gå igang med den meir private delen av feiringa. Heldigvis hadde eg skrive dei følgjande tankane tidlegare i dag.)

Juleevangeliet (Luk 2,1-20) kan delast i tre hovuddelar:

  1. Jesu fødsel (v 1-7)
  2. Bodskapen (v 8-14)
  3. Reaksjonen (v 15-20)

Sentrum i teksten er det som står i vers 11:

«I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.»

Lukas fortel at den nyfødde frelsaren blei lagt i ei krubbe. Det kan faktisk verka som om det var svært viktig for han å få fram kvar Jesus blei lagt. Krubba er med i alle dei tre hovuddelane av teksten (v. 6, 12 og 16). Og Lukas er nøye med skildringa; barnet blei sveipt og lagt i ei krubbe, fordi dei ikkje fann husrom nokon stad.

Me kan leggja merke til at Lukas verken nemner herberget eller stallen! Det mykje omtalte herberget, der det ikkje var ledig rom, har nå også forsvunne ut av den nyaste norske omsetjinga av Bibelen. Ordet som tradisjonelt har vore omsett med «herberge», er katalyma. Det brukest til vanleg om gjesterommet i eit privathus, eit rom som ofte låg i andre etasje over staden der dyra var. Og dyra var ikkje i ein norsk stall, men i eit rom i huset eller i ei grotte i tilknyting til huset.

Eg har høyrt mange forklaringar og utleggingar om korfor Maria og Josef ikkje fann husrom nokon stad. Men dette skriv faktisk ikkje Lukas noko om. Slike innleggingar i teksten skapar sjølvsagt liv i dei mange dramatiseringane av juleevangeliet (og dette er noko eg likar å vera med på!), men akkurat nå vil eg heller sjå på kva teksten faktisk seier og den bibelske bakgrunnen for dette.

I adventstida i år har eg arbeidd med The Birth of the Messiah av Raymond E. Brown. Dette er ein svær kommentar og eg har ikkje hatt tid til å lesa heile boka (eg kjøpte den på antikvariat i Tel Aviv i haustferien). Eg tar i det følgjande med nokre tankar som eg har funne hos Brown (s 418 ff).

Jesus født i fattigdom?

Han poengterer at krubba i juleevangeliet slett ikkje treng vera eit teikn på at Jesus var født i fattigdom i forhold til den tids levestandard, men at ho først og fremst er ei underleg og oppsiktsvekkjande plassering av eit nyfødt barn og derfor eit teikn for gjetarane.

Ei anna sak er at Jesus blei født «i fattigdom» då han, som Guds evige Son, lét seg føda inn i vår verd som eit vanleg menneske. Her er eit par bibelsitat som seier noko om dette:

Han var i Guds skapnad (…)
men han gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
(Fil 2,6-7)

De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike. (2. kor 8,9)

Bibelsk bakgrunn for krubba?

Jes 1,3 er ein viktig bakgrunn for krubba i juleevangeliet:

Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.

Lukas si forteljing opphevar denne domen over Israel, seier Brown. Gjetarane blir sendt til krubba for å finna Herren som er ei kjelde til glede for heile Israelsfolket. Dei finn barnet i krubba og dei byrjar å prisa Gud. Med andre ord; Guds folk har begynt å kjenna «krubba åt herren sin».

Eit barn som er sveipt

Kanskje det manglande husrommet (Luk 2,7) kan ha ein samanheng med orda i Jer 14,8, adressert til Israels herre og frelsar?

… kvifor er du som ein gjest i landet,
lik ein ferdamann som berre stoggar for ei natt?

Brown peiker på at Israels herre og frelsar nå ikkje kjem som ein framand som treng husrom/herberge for ei natt. Sveipinga kan vera eit teikn på at Israels Messias ikkje er eit utskot i folket, men tvert imot at barnet blir tatt i mot på ein omsorgsfull og passande måte.

I Visdommens bok 7,3 ff står desse orda, tillagt kong Salomo:  «Da jeg kom til verden, begynte jeg å puste den samme luft som alle andre. Jeg ble lagt på den samme jord, og som hos alle andre nyfødte var min første lyd et skrik. Jeg ble reivet og stelt med, for slik begynner også kongen livet. Inngangen til livet er ens for alle; utgangen likeså.» (Visdommens bok er ei av dei apokryfe bøkene som er med i nokre bibelutgåver. Dette er jødiske skrift frå tida mellom GT og NT. Du finn dei, dessverre bare på bokmål, på www.bibelen.no viss du merkar av feltet «inkl de deuterokanoniske bøker».)

Brown avsluttar omtalen av krubba med å visa til ein artikkel av Giblin der biletet blir samanfatta slik: Jesus er født i Davids by, ikkje i husrom/herberge som ein framand, men i ei krubbe der Gud stadfestar at folket er hans folk. Og sveipinga svarar til hans kongelege rolle.