Frå Egypt kalla eg son min

Notat til dagens tekst: Matt 2,13-18

Matteusevangeliet fortel at Josef og Maria flykta med barnet Jesus til Egypt.

Denne teksten har alltid vore svært viktig for dei koptiske (egyptiske) kristne. Det betyr mykje for deira identitet at Jesus var i Egypt som barn.

Det er ein vanleg tankegang blant kristne i Egypt at landet gjennom Jesu nærvere blei ein del av Det heilage landet.

Uttrykket Frå Egypt kalla eg son min (Matt 2,15), som evangelisten Matteus har henta frå Hos 11, er naturleg nok eit populært bibelvers i Egypt.

Dei koptiske kristne er den største kristne minoriteten i Midt-Austen. Dei står midt i ei vanskeleg tid og fortener all vår omsorg og forbøn.

Les tidlegare notat her på bloggen:

Turen til Egypt

Eg har i dag (21.01.2008) sett gjennom bileta mine frå studieturen til Egypt. Eg sit igjen med mange gode minne og nokre gode bilete. Eg vil nå prøva å gje ei oversikt over noko av det eg har opplevd.

Turen 1Programmet dei første dagane var knytt til det gamle Egypt. Og her kjem verkeleg ordet gamal til sin fulle rett. Det dreier seg om 5000 års kulturhistorie! Her er ei slik mengde med arkeologiske utgravingar at det i denne samanhengen sjølvsagt bare blei snakk om ei innføring i stoffet.

Dette er historie eg har høyrt om sidan eg var liten, og det var rett og slett ei utruleg flott oppleving å koma dit og få sjå nokre av funna og bygningane.  Me besøkte gamle graver med fantastiske relieff frå dagleglivet, imponerande pyramidar i Sakkara og Giza og sjølvsagt den spesielle Sfinxen (biletet). Dessutan hadde me omvisning på det egyptiske museet med vekt på funna frå Tut-ankh-Amon si grav.

Turen 2Dei neste dagane var knytt til det muslimske Egypt. Kairo er byen med 1000 moskear og med ein svært sentral posisjon i den islamske verda i dag. Gjennom forelesingar, byvandringar og moskebesøk lærte me om den muslimske historia i Egypt, om muslimsk arkitektur og om ulike mosketypar. Biletet er frå Sultan Hasan-moskeen.

Dessutan møtte me dagens islam f eks gjennom besøk og samtale i Al-Azharmoskeen som blir rekna som det viktigaste teologiske senteret for sunnimuslimane. Ei oppvisning med intens sufidans stod forresten også på programmet!

Hovudinnhaldet i turen var likevel å bli kjent med det kristne Egypt. Det er ca 10 % kristne i landet. Dei fleste høyrer til den koptisk-ortodokse kyrkja (koptisk = egyptisk), mens ein mindre del høyrer til forskjellige katolske eller evangeliske kyrkjesamfunn.

Turen 3Dette blei verkeleg eit inspirerande møte med eit livskraftig kyrkjeliv, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Det historiske blei ivaretatt gjennom besøk i fleire gamle kyrkjer og stadar med stor tyding for den lokale kristne tradisjonen. Dei som kjenner meg, veit at eg syns dette er svært interessant. Biletet viser fasaden i Mu’allaqa-kyrkja, kanskje den viktigaste av dei historiske kyrkjene i Kairo.

Me fekk også eit glimt inn i noko som gjorde uutsletteleg inntrykk; livet i Søppelbyen der fattige menneske bokstavleg talt lever og arbeider i søppelet. Mange av desse er kristne, og me fekk høyra om arbeidet som blir drive for dette folket i dei spesielle Holekyrkjene i området.

På flyet heim sat eg og tenkte på det eg hadde høyrt om søndagsskulerørsla som gjennom det 20. hundreåret har fornya den koptiske kyrkja radikalt. Plutseleg såg eg ein inspirerande parallell til vår trusopplæringsreform! Søndagsskulane deira har verkeleg nådd ut til breidda av den kristne befolkninga, i alle aldrar. I dag sit det barn av søndagsskulen i alle dei leiande stillingane i kyrkja. Og sjølv om dei er svartkledde og gamle, er dei framleis opptatt av barn og unge sin plass i kyrkjelivet! Ein biskop me besøkte, biskop Youannes, sa det slik: «Ei kyrkje utan ungdom er ei kyrkje utan håp. Ein ungdom utan kyrkje er ein ungdom utan håp.»

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest for meg når eg nå ser tilbake på turen.  Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft. Me får besøk av han i Stavanger bispedøme i september 2008. Det gleder eg meg til.

Oppdatering: Interessa for Egypt etter denne studieturen har ført til nokre notat her på bloggen. Sjå kategorien Egypt.