Kultfunn frå kong Davids tid

09/05/2012

Det er gjort viktige arkeologiske funn av kultiske gjenstandar frå kong Davids tid i utgravingane i Khirbet Qeiyafa. Dette kom fram under ein presentasjon i Jerusalem i går.

Khirbet Qeiyafa ligg i Ela-dalen ca 30 km sørvest for Jerusalem, eit område som er omtalt i forteljinga om David og Goliat i 1. Sam 17,2-3. Tidlegare bibelomsetjingar kalla staden «Terebintedalen».

Hebrew University archaeologist finds the first evidence of a cult in Judah at the time of King David

Discovery has implications for our understanding of Solomon’s Temple

Prof. Yosef Garfinkel, the Yigal Yadin Professor of Archaeology at the Institute of Archaeology at the Hebrew University of Jerusalem, announced today the discovery of objects that for the first time shed light on how a cult was organized in Judah at the time of King David. During recent archaeological excavations at Khirbet Qeiyafa, a fortified city in Judah adjacent to the Valley of Elah, Garfinkel and colleagues uncovered rich assemblages of pottery, stone and metal tools, and many art and cult objects. These include three large rooms that served as cultic shrines, which in their architecture and finds correspond to the biblical description of a cult at the time of King David.

This discovery is extraordinary as it is the first time that shrines from the time of early biblical kings were uncovered. Because these shrines pre-date the construction of Solomon’s temple in Jerusalem by 30 to 40 years, they provide the first physical evidence of a cult in the time of King David, with significant implications for the fields of archaeology, history, biblical and religion studies.

Les meir

Les ein interessant kommentar til funnet på BiblePlaces Blog.

Eg skreiv første gong om utgravingane i Khirbet Qeiyafa her (2008). Sjå også oppfølging frå 2010 her.

Advertisements

David si borg i Jerusalem?

11/08/2008

Jerusalems #6

I den eldste delen av Jerusalem er det dei siste åra grave fram nokre imponerande og svært gamle murar. Desse murane var alt 200 år gamle då kong David gjorde Jerusalem til hovudstad i riket sitt ca 1000 f.Kr.!

Det er i dag mange fagfolk som seier at dette truleg har vore delar av støttemurane til kongeborga som er nemnt i GT:

«Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. (…) David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen.» (2. Sam 5,7 og 9).

Dei gamle murane blir kalla The Stepped-Stone Structure. Dei ligg i Davidsbyen, i området sør for tempelplassen. Om det ikkje kan seiast sikkert at dette er restar frå Sionborga, er det i alle høve eit spennande funn som viser at Jerusalem inneheldt mektig arkitektur i så gamal tid, altså i tida før og under Davids overtaking av byen.

Eg har tidlegare skildra ein tur i Davidsbyen i samband med haustferien i fjor, og eg har også anbefalt nettsida City of David. I denne omgang tar eg dette stoffet fram fordi The Stepped-Stone Structure er rangert som nr 6 på lista over Jerusalems 10 på topp. Eg håper eg gjennom denne serien kan inspirera fleire til å utforska Jerusalem, som eg meiner er blant dei aller mest interessante og viktige byane i verda.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


%d bloggarar likar dette: