Gjestebloggar: Paulus

21/02/2009

Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.

Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.

Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.

Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Kjærleiken tek aldri slutt.
Profetgåvene skal bli borte,
tungene skal teia
og kunnskapen forgå.

For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

Men når det fullkomne kjem,
skal det som er stykkevis, ta ende.

Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

No ser vi i ein spegel, i ei gåte,
men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis,
men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.

(Henta frå 1. korintarbrev kap. 13, i samband med at dette er preiketekst i kyrkja i morgon, søndag før faste. Sjå også her)


Paulus om kjærleiken

31/07/2008

Tru, håp og kjærleik. Samansetninga av desse tre orda er eit kjent uttrykk, og dette uttrykket er ofte, f eks i smykke, symbolisert med eit kors, eit anker og eit hjarte. Det er henta frå den teksten som blir kalla kjærleiken sin høgsong, eit flott avsnitt i Bibelen.

Me er inne i eit Paulusår, og eg markerer det med eit kjent sitat kvar månad, eitt frå kvart av dei tretten Paulusbreva i NT. Julisitatet er henta frå Første Korintarbrev (utdrag frå kap 13):

Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. (…) Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Les gjerne heile kapittel 13 i Første Korintarbrev. Det er ein flott tekst! Skildringa viser oss den fullkomne kjærleiken, den guddommelege kjærleiken. Den kjærleiken som me er heilt avhengige av. Samtidig kan denne kjærleiken vera eit sterkt og viktig ideal for oss. Og me kan også merka oss at skildringa av den fullkomne kjærleiken passar veldig godt som ei skildring av Jesus!

Oppdatering: Eg har markert Paulusåret med regelmessig å skriva litt i tilknyting til sitat frå dei paulinske breva i NT. Her er ei oversikt over desse notata:


%d bloggarar likar dette: