Forventninga sin adventssøndag

Adventsblogg 8. desember

Her er ein kortversjon av preika eg hadde i dag på 2. søndag i adventstida i Hillevåg kirke.

Det står skrive i Evangeliet etter Johannes:

1 Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! 2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? 3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen. (Joh 14,1-4)

Advent

Advent handlar om at Jesus kjem til oss. Han kom som broren vår då han blei født i Betlehem. Han kjem til oss i dag. Han skal ein gong koma igjen så me kan vera der han er. Andre søndag i adventstida blir kalla forventninga sin adventssøndag. Det dreier seg om forventningar til Jesu kome ut frå alle desse tre perspektiva. Mange av oss har forventningar til jula som ligg framfor oss. Men 2. søndag i adventstida handlar eigentleg meir om forventningar knytt til Jesu nærvær, nå og i det evige livet.

Tru som tillit

Dagens tekst taler til meg om tru som tillit. «Tru på Gud og tru på meg!» sa Jesus. Avsnittet er henta frå ein situasjon der Jesu næraste venner var prega av uro og redsel. Så begynner Jesus å tala om tru som tillit. Det er som han seier til dei, så sterkt han kan: Dokker kan stola på meg!

I min Fars hus er det mange rom

Jesus teiknar eit varmt og godt bilde for oss: Det er eit Farshus som ventar. Det er målet for livet. Dette er ein av dei bibeltekstane der det evige Guds rike blir teikna som ein bolig. Eit hus. Og her står det at Fars hus har mange rom.

Bildet fortel oss om ein stad med plass for alle Guds barn. Der er det rikeleg med plass. Der treng ingen stå utanfor. Dette er ein tekst som opnar dører, ikkje ein tekst som lukkar dører.  Jesus gir oss opne rom, han fortel om ein romslighet hos Gud. NT-forskaren Hans Kvalbein sa ein gong i eit avisintervju om denne teksten: ”Det blir Guds store gjestfrihet som står igjen som budskapet i det Jesus sier.” (VL 19.04.2002)

Eg har lese at det greske ordet som betyr bolig eller rom (monæ), har betydningsnyansar i retning eit herberge, ein vegkro og ein kvilestad for påfyll, altså ein midlertidig bolig. Men evangelisten sprenger grensene for kva ordet kan bety. Her betyr det ikkje ein midlertidig bolig, men ein bolig for varig opphald! Dette greske ordet er faktisk bare brukt to gonger i heile NT, og begge gongene er i dette kapitlet i Johannesevangeliet. Presten Sjur Isaksen har peika på at i vår tekst (vers 2) blir det brukt om ein bevegelse nedanfrå og opp, om å flytta inn i ein varig bolig i Guds nærhet. Litt seinare i kapitlet, i vers 23, blir ordet brukt om den motsette bevegelsen; om at Gud kjem ned og tar varig bolig hos menneske som elskar han. Bildet framhever i begge tilfelle tryggleiken i det varige og fullkomne fellesskapet med Jesus.

Uro

Jesu ord om at han skal koma og henta oss så me skal vera der han er, har gitt håp og trøyst til mange menneske, både i møte med ein krevjande kvardag og i møte med døden. Orda var opprinneleg tala inn i ein vanskeleg situasjon for disiplane. Dei kjente på stor uro for kva påskedagane i Jerusalem skulle føra til. Og Jesus seier med ettertrykk til dei: Lat ikkje hjartet dykkar uroast!

I bokmålsomsetjinga har Bibelselskapet vald ei litt anna vinkling (her må eg i parentes bemerka at i Hillevåg kirke las eg bibelteksten på bokmål). Her står det: La ikke hjertet bli grepet av angst. Eg trur ordet angst gjennom bokmålsomsetjinga har fått for stor vekt i denne samanhengen. Eg forstår grunnteksten som denne taler meir om forvirring og uro. Me skal huska at angst er eit sterkt ord medisinsk sett, og sånn sett eit ord me gjerne kan vera forsiktige med å bruka. Eg som ikkje sjølv har kjent på angst, forstår i alle høve ikkje djupna i dette. Men uro og redsel i ulike situasjonar, det er ein allmen-menneskeleg erfaring. Me kan jo også merka oss den verkeleg gamle bokmålsomsetjinga, den klassiske omsetjinga frå 1930. Her stod det: «Eders hjerte forferdes ikke!» Uansett kva ord me brukar på den indre uroen, – Jesus vil gje tryggleik og livsmot til oss, midt i kvardagen vår. Og han er Frelsaren som faktisk har opna huset med dei mange romma for oss.

Han vil visa veg

Jesus opnar rom, han lukkar dei ikkje. Han snakkar om eit hus med mange rom og god plass. Samtidig fortel han at han sjølv vil vera den trygge vegvisaren fram til dette huset og denne gode plassen. Å tru er å vera undervegs saman med han, i tillit til han. Og der han er, er det godt å vera.

Jesus lar oss ikkje leita oss gjennom livet i blinde. Han går framføre og viser veg. Han har gått opp kursen i førevegen. Det er nok mange andre òg som kan læra oss noko om å leva eit godt liv. Men Jesus har alltid meir å gje enn andre me kan lytta til og følgja. Det er fordi han er Guds Son, den fullkomne, og samtidig tenaren som kjenner vår menneskelege verd fullt ut. Like etter det som er vår tekst i dag, seier han dei kjente orda: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.

I kristen tru blir målet i nokre samanhengar kalla ”ein evig heim”. Det er eit spanande uttrykk. Det seier oss at å nå fram til det evige liv hos Gud er å koma til ein fullkomen og god heim. Ein bolig med mange rom. Opne rom. Trygge rom. Her er det plass for deg! I dag på forventninga sin adventssøndag blir me minna om å ha forventningar til Jesus. Han er nær oss kvar dag i livet. Eg er med dokker alle dagar så lenge verda står, sa han. Og han vil også vera nær oss i det evige livet, i Fars hus med mange rom.

Pilegrimssøndagen

Det er 4. søndag i påsketida i dag (13.04.2008). Denne søndagen kan godt kallast pilegrimssøndagen, då det er eit sterkt element av det å vera undervegs i fleire av bibeltekstane som er knytt til dagen. Det tradisjonelle kyrkjeårsnamnet på dagen er Jubilate, eit teikn på at påsketida (som me framleis er inne i) er ei jubeltid.

Eg hadde ein god start på dagen med å høyra eit intervju med Svein Tindberg i NRK. Han fekk Jesusforteljinga under huda gjennom ei rein litterær tilnærming til bibelteksten. Det er verkeleg ei historie om å vera undervegs og å vera åpen for å sjå nye sider ved livet.

Sjølv har eg vore prest i Klepp kyrkje i dag. Eg var hyra inn som vikar i det som var kyrkja mi nokre år på 80- og 90-talet. Preiketeksten var Joh 14,1-11 og i preika konsentrerte eg meg om det eg syns er to høgdepunkt i teksten. Pilegrimsaspektet er med i begge desse høgdepunkta:

  • I huset til Far min er det mange rom (v 2). Det er interessant at det greske ordet (moné) som er omsett med rom, kan bety kvilestad, herberge.
  • Jesus seier: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg (v 6). Her er vegen det sentrale pilegrimsmotivet. Det er også sentralt i pilegrimstankegangen å ha eit mål for vandringa, og målet her er altså ein kvilestad i Guds nærleik.

Eg syns Jesus er både inkluderande og ekskluderande i denne teksten.

Han er inkluderande ved å invitera folk til å vera undervegs saman med han på veg til eit hus med mange rom og god plass. Dette er ein tekst som opnar dører, ikkje ein tekst som lukkar dører. Jesus gir oss opne rom, han fortel om ein romslighet hos Gud.

Men han er også ekskluderande på ein måte som kan provosera svært mange, når han seier Ingen kjem til Far utan gjennom meg. I kontrast til ein populær tankegang der den enkelte gjerne vil formulera si tru og sin religion sjølv, seier Jesus at han er den einaste vegen som fører heilt fram til Gud. Dette held eg fast på, samtidig som eg syns det er rett å seia

  • at sjølv om det er bare ein veg til Gud, er det mange vegar til tru på Jesus. Kvart menneske sin veg til tru kan sjåast som ei unik vandring, og i mange tilfelle også som eit mysterium.
  • at eg som kristen kan vera open for at det også kan vera mykje godt i annan religiøs og filosofisk tankegang. Den greske arven frå Athen har gjeve vår kultur utruleg mykje viktig og verdifullt. Den austlege religiøsiteten kan ha verdifull kunnskap i seg. Men det er vår kristne tru at Jesus har meir å gje enn alt dette! Det er bare han som opnar vegen heilt fram til vår himmelske Far.

Kvart av orda vegen, sanninga og livet inneheld ei heil verd, dette er bilete med eit innhald som me aldri blir ferdige med. I tilknyting til Thomas a Kempis sine tankar, kan me seia det slik: utan vegen kan me ikkje gå, utan sanninga kan me ikkje forstå, utan livet kan me ikkje leva.

Oppdatert 10.05.2019