Norsk-jødisk religionsbok frå 1941

Religionsboka, DMT 1941. Foto: Arne Berge 2016
Religionsboka, DMT 1941. Foto: Arne Berge 2016

Eg har kome over ein skatt; ei norsk-jødisk religionsbok frå 1941. Eg fekk tak i boka i eit antikvariat. Den såg ikkje særleg verdifull ut ved første augekast. Men då eg bladde i den, blei eg veldig fascinert. Og då eg seinare fann ut at verken Jødisk Museum i Oslo eller Det Mosaiske Trossamfund (DMT) kjende til boka, blei skatten verkeleg verdifull for meg. Boka er truleg eit unikt dokument frå den jødiske historia i Norge.

Religionsboka er skriven med skrivemaskin. Kvart enkelt maskinskrive ark er klipt ut og limt inn i ei kladdebok. Eg reknar med at DMT då den blei skriven, må ha hatt fleire eksemplar av læreboka. Men det kan faktisk virka som om dette eksemplaret er det einaste som er blitt bevart.

Eg håper at kompetente personar vil arbeida med dei mange spørsmåla som funnet av boka reiser. Eigentleg er den vel eit forskingsprosjekt verdig. Eg har i alle høve kome fram til at det ikkje var rett at den skulle bli ståande i ei ”tilfeldig” bokhylle på Bryne. Tidlegare denne veka var eg derfor i Oslo og gav den 75 år gamle boka tilbake til DMT.

Eg kjem tilbake med meir stoff om boka, – og om det interessante møtet med leiinga i DMT. (Oppdatering: Religionsboka er unik!).

Bildet under viser overrekkinga av boka til forstandar Ervin Kohn i DMT. Les også Dagens reportasje om funnet av boka: Prest fant unik jødisk bok. Et tilfeldig funn i et antikvariat i Rogaland førte til et spennende møte i Oslo hvor en liten, jødisk bok nå skaper glede og nysgjerrighet.

Berge Arne & Kohn Ervin 2016-0615 DSC_5109
Foto: Stein Gudvangen, Dagen