Jesus blir freista

Notat til søndagens tekst: Matt 4,1-11

1 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. 2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. 3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» 4 Jesus svara: «Det står skrive:
Mennesket lever ikkje av brød åleine,
men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren 6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
Han skal gje englane sine påbod om deg.
Og:
Dei skal bera deg på hendene
så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
7 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:
Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom 9 og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» 10 Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»
11 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

Kampen mot freistingane og i siste instans mot freistaren er tema for dagen. Samtidig er det sentralt at Jesus er Guds Son, han er sigerherren. Sjå Eyvind Skeie sin salme Du er Guds Sønn, den sterke! (N13 nr 120).

Teksten har ei innleiing (v 1-2) og ei avslutning (v 11). Hovuddelen består av ein dialog i tre ledd mellom Jesus og djevelen. Dialogen er bygd opp omkring skriftsitat. Jesu svar er henta frå 5. Mos 6 og 8, ein del av GT som handlar om korleis israelsfolket blei sett på prøve i øydemarka (5. Mos 8,2). Me finn ein parallelltekst i Luk 4,1-13. Hos Markus er freistingane kort nemnt i 1,12-13.

Etter dåpen i Jordanelva er Jesus aleine i førti dagar i faste og bøn. Sidan mellomalderen har tradisjonen knytt Jesu freisting til Jebel Quruntul, freistingsfjellet, vest for Jeriko.

Det er naturleg å tenkja at me i evangelistane si skildring av dei førti dagane, møter ei samanfatning av freistingane som Jesus møtte gjennom heile si gjerning.

Hans Kvalbein viser korleis Birger Gerhardsson har forsøkt å forstå teksten ut frå den jødiske truvedkjenninga Shema i 5. Mos 6,4-5. Ein jødisk tradisjon tolkar dei tre ledda i 5. Mos 6,5 kvar for seg (”av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt”). Jesu tre freistingar kan tolkast slik at dei svarer til desse tre ledda.

Jesus viser seg lydig mot budet om å elske Gud både med sitt hjerte, sin sjel og sin makt. Han består den trefoldige prøven og blir den første i det messianske Israel som har loven skrevet i hjertet. (Kvalbein: Matteusevangeliet, bind 1, s 113)

Joseph Ratzinger / Benedikt XVI har ein interessant kommentar til denne teksten i boka Jesus fra Nasaret (s. 31-42). Paven viser her for eksempel korleis djevelen i den andre freistinga siterer Salme 91,11f heilt korrekt for å lokka Jesus i fellen. Eg tar med eit par sitat:

Disse ordene får særlig vekt når vi vet at de blir sitert i den hellige by, på det hellige sted. Faktisk er den siterte salmen bundet til tempelet; den som ber, håper på beskyttelse i tempelet, for Guds hus gjelder som et privilegert sted for Guds vern. Hvor skal det mennesket som tror på Gud, føle seg tryggere enn på tempelets hellige område? Djevelen fremstår som skriftkyndig, han vet å sitere salmen helt korrekt. Samtalen som foregår ved den andre fristelsen, fremstår nesten som en strid mellom to skriftlærde; djevelen opptrer som teolog, som Joachim Gnilka bemerker. (s. 36)

På denne scenen ytterst på tempelmuren ser vi også korset i det fjerne. Kristus styrtet seg ikke ned fra tempelmuren. Han kastet seg ikke ned i dypet. Han fristet ikke Gud. Men han gikk ned i dødens dyp, i ensomhetens natt, i de forsvarsløses utsatthet. Dette spranget våget han, av Guds kjærlighet til menneskene. Og derfor visste han at han i dette spranget ville bli tatt i mot av Faderens gode hender. Her ser vi Salme 91s virkelige mening … (s. 38).

Vidare følger nokre tankar til forkynninga over teksten. Alt bør neppe tas med i den same preika.

  1. Første søndag i fastetida møter me to store og viktige bibelforteljingar om freisting: Den om Adam og Eva som let seg freista (1. Mos 2-3) og den om Jesus som ikkje let seg freista.
  2. Kva er aktuelle freistingar for oss? Som forkynnarar er me forskjellige og me vil leggja vekt på ulike eksempel. Freistingar som kan vera ekstra aktuelle ved inngangen til fastetida, er freistinga til å vera likegyldig overfor nauda i verda og freistinga til å gøyma delar av livet bort frå Gud.
  3. Finst verkeleg djevelen? Ingen vil fornekta at vondskapen finst i denne verda. Men mange strevar med å tru at vondskapen er personleg, at den har ein vilje, at det finst ein djevel. Bibelen held fram at Gud har ein fiende som vil øydelegga Guds verd. Kyrkja møter dette med forsaking og tru; me forsakar djevelen og trur på Gud.
  4. Kva kan me læra av Jesu kamp mot freistaren? Han avviste angrepa ved å bruka Guds ord som våpen og han avvæpna djevelen med desse orda. Her kan Jesus vera vår læremeister og vårt forbilde.
  5. Jesus er sigerherren. Han er Guds son, den sterke. Her kan me forkynna han som den store øvstepresten som er prøvd i alt på same måten som oss, men utan synd (Hebr 4,14-16). Tanken om Jesus som sigerherren høyrer også naturleg saman med forkynning over Jesu død og oppstode. Dersom det er dåp eller nattverd i gudstenesta, er det naturleg å knyta forkynninga av Jesu siger til gåvene me får i sakramenta.

Eg foreslår følgande disposisjon for ei preike:

  1. Våre freistingar
  2. Jesu møte med freistingane
  3. Jesu siger er vår siger (forkynn evangeliet, ikkje om evangeliet!)

Dette notatet blei skrive til søndagens tekst for 1. søndag i faste 2011 til Israelsmisjonen sin tekstverkstad. Sidan er det justert med tilvising til bibelteksten i Bibel 2011 og salmenummer i Norsk Salmebok 2013.