Turutstyr på Jesus trail

20/02/2017

Bilde #7 frå vandringa på Jesus trail

Galilea 2012 301

Kva slags turutstyr brukar me viss me skal gå fottur i Galilea? Det spørsmålet har eg fått frå folk som syns det ville vera fint å vera med på pilegrimsvandring på Jesus trail. Og koss er terrenget?

Terrenget på Jesus trail er stort sett veldig lett; mykje grusvegar og elles gode stiar. Dessverre også noko asfalt. Det er lett å finna fram; løypa er godt merka. Dette bildet er frå dag 2 på Jesus trail, mellom Kana og Kibbutz Lavi. Den fire dagar lange turen går gjennom landbruksområde og småbyar, skog, hei og fjell. Dei brattaste motbakkene er faktisk i gamlebyen i Nasaret, der me går oppover i trappar mellom gamal bebyggelse. Når me går oppom Arbelfjellet, er det ein bratt sti ned i Duedalen med fantastisk utsikt over Gennesaretsjøen.

Eg har gått mykje på fjellstøvlene mine, som på bildet her. Men etter at dette bildet blei tatt i 2012, har eg gått over til lettare midi-tursko. Det er også fullt mogleg å gå i gode joggesko, for terrenget er normalt heilt tørt bortsett frå om vinteren.

Eg likar å gå med stavar når eg går lengre turar. Men det er det jo dei færraste som gjer. Og om ein ikkje har gått med stavar på turar i Norge, er det neppe nokon grunn til å gjera det på Jesus trail.

Sjølv om det er varmt, bør ein ha med seg klær som dekker skuldrane og knea. Dette fordi me er innom heilage stadar for ulike religionar. Elles er dagstursekk, vatn, solbriller og noko å ha på hovudet viktig turutstyr. Altså ikkje noko spesielt i forhold til andre turar.

Sjå oversikt over heile bildeserien her.


%d bloggarar likar dette: