Vennskapsikonet

14/08/2013

Notat til søndagens evangelium: Joh 15,13-17

Menas

Dette er det såkalla vennskapsikonet med bilde av Jesus og abbed Menas. Jesus held armen rundt skulderen til Menas, og ikonet inneheld også mange andre detaljar som seier noko om å vera Jesu venn.

Jesus sa ein gong til disiplane: «Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min.» Setninga er henta frå søndagens evangelium.

Johannesevangeliet brukar her det greske ordet filos for å gjengje kva Jesus sa om disippelskap, vennskap og gjensidig kjærleik. Det er bare denne bibelteksten som brukar ordet filos i denne samanhengen. Ordet betyr venn, men kan også omsetjast «den som er elska». Eg syns det er eit flott uttrykk som utvidar tankegangen om kva det vil seia å vera kristen.

Med utgangspunkt i desse orda av Jesus, vil eg òg peika på at den kristne kyrkja ikkje har nokon lukka kunnskap som bare er for dei få og innvigde. Guds rike er ope for alle, og heilt vanlege menneske blir lukka inn i det gjennom dåpen og trua. Slik blir me Jesu disiplar, og dermed også hans venner.

Her er bibelteksten, som er ein liten del av ein større tekst om Jesu siste måltid med disiplane (Johannesevangeliet kap 13-17):

Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

Tilbake til ikonet. Den gamle originalen frå Egypt heng i Louvre i Paris. Du kan sjå muséet si skildring av ikonet her. Eg har ein liten kopi som eg har kjøpt i Taizé.


Rubljov: Treeininga

12/01/2011

Ikonet Den heilage treeininga frå ca 1410 fascinerer også i vår tid. Det er 650 år sidan kunstnaren Andrej Rubljov blei født. Jubileet har ført til fornya fokus på kunsten hans. Eg les for tida ei ny, norsk bok om dette ikonet. Morgenbladet skriv denne veka (papirutgåva 7.-13. januar 2011) om Rubljov: Ikonmaleren som samlet Russland. Stipendiat Caroline Serck-Hanssen (kunsthistorie, UiB) fortel til avisa om korleis ho opplevde å sjå originalen på Tretjakovgalleriet i Moskva:

Den største opplevelsen var at – wow – det er så stort! Mye større enn jeg hadde forestilt meg etter å ha sett avbildninger og kopier. Det andre er at det nærmest lyser av seg selv. Det har en lysintensitet som ingen reproduksjon kan få frem, og virker helt overnaturlig, som om det kommer lys innenfra og ut, sier hun.

Boka eg les er Kjærlighetens hus av biskop Halvor Nordhaug (Verbum 2010). Boka handlar om Rubljov sitt ikon. Nordhaug blir også intervjua av Morgenbladet. På spørsmål om korfor han har skrive bok om biletet, svarar han:

Fordi treenigheten er det sentrale i den kristne tro. Og fordi ikonet til Rubljov gir en vakker, emosjonelt bevegende og intellektuelt innholdsmettet fremstilling av hva det vi [sic!] si å tro på en Gud i tre personer, sier Nordhaug.

Den bibelske bakgrunnen for biletet er forteljinga i 1. Mosebok 18 om då Abraham og Sara fekk besøk av Herren, på ein merkeleg måte omtalt som tre menn (eller englar?):

Sidan synte Herren seg for Abraham i eikelunden i Mamre, ein gong han sat i teltdøra midt på heitaste dagen.  Då han såg opp, fekk han auga på tre menn som stod framfor han. Med det same han vart var dei, sprang han imot dei frå teltdøra, bøygde seg til jorda og sa: «Herre, dersom du har god vilje for meg, så gjer vel og sjå innom til tenaren din! Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet! Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger – sidan de no har lagt vegen om tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!» (1. Mos 18,1-5).

Nordhaug skriv litt om denne forteljinga før han går inn i ulike detaljar i ikonet:

Her er det påfallende at Abraham tiltaler de tre mennene som «Herre». En av dem er altså «Herren». Eller er «Herren» alle tre, siden de nærmest svarer Abraham i kor? Senere i fortellingen leser vi at en av dem fører ordet, og at denne mannen kalles «Herren», mens de to andre beskrives som engler. Her synes det å være noe som ikke helt går opp. (Nordhaug: Kjærlighetens hus, s. 6f).

Eg anbefaler med dette både Nordhaug si bok, Morgenbladet sin artikkel og ikkje minst forteljinga i 1. Mosebok.

Og la deg gjerne bli inspirert til gjestfridom av denne teksten! Sjå kva som står i Hebrearbrevet:

Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. (Hebr 13,2)

Oppdatert 26.05.2018


%d bloggarar likar dette: