Pilegrimssøndagen

Det er 4. søndag i påsketida i dag (13.04.2008). Denne søndagen kan godt kallast pilegrimssøndagen, då det er eit sterkt element av det å vera undervegs i fleire av bibeltekstane som er knytt til dagen. Det tradisjonelle kyrkjeårsnamnet på dagen er Jubilate, eit teikn på at påsketida (som me framleis er inne i) er ei jubeltid.

Eg hadde ein god start på dagen med å høyra eit intervju med Svein Tindberg i NRK. Han fekk Jesusforteljinga under huda gjennom ei rein litterær tilnærming til bibelteksten. Det er verkeleg ei historie om å vera undervegs og å vera åpen for å sjå nye sider ved livet.

Sjølv har eg vore prest i Klepp kyrkje i dag. Eg var hyra inn som vikar i det som var kyrkja mi nokre år på 80- og 90-talet. Preiketeksten var Joh 14,1-11 og i preika konsentrerte eg meg om det eg syns er to høgdepunkt i teksten. Pilegrimsaspektet er med i begge desse høgdepunkta:

  • I huset til Far min er det mange rom (v 2). Det er interessant at det greske ordet (moné) som er omsett med rom, kan bety kvilestad, herberge.
  • Jesus seier: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg (v 6). Her er vegen det sentrale pilegrimsmotivet. Det er også sentralt i pilegrimstankegangen å ha eit mål for vandringa, og målet her er altså ein kvilestad i Guds nærleik.

Eg syns Jesus er både inkluderande og ekskluderande i denne teksten.

Han er inkluderande ved å invitera folk til å vera undervegs saman med han på veg til eit hus med mange rom og god plass. Dette er ein tekst som opnar dører, ikkje ein tekst som lukkar dører. Jesus gir oss opne rom, han fortel om ein romslighet hos Gud.

Men han er også ekskluderande på ein måte som kan provosera svært mange, når han seier Ingen kjem til Far utan gjennom meg. I kontrast til ein populær tankegang der den enkelte gjerne vil formulera si tru og sin religion sjølv, seier Jesus at han er den einaste vegen som fører heilt fram til Gud. Dette held eg fast på, samtidig som eg syns det er rett å seia

  • at sjølv om det er bare ein veg til Gud, er det mange vegar til tru på Jesus. Kvart menneske sin veg til tru kan sjåast som ei unik vandring, og i mange tilfelle også som eit mysterium.
  • at eg som kristen kan vera open for at det også kan vera mykje godt i annan religiøs og filosofisk tankegang. Den greske arven frå Athen har gjeve vår kultur utruleg mykje viktig og verdifullt. Den austlege religiøsiteten kan ha verdifull kunnskap i seg. Men det er vår kristne tru at Jesus har meir å gje enn alt dette! Det er bare han som opnar vegen heilt fram til vår himmelske Far.

Kvart av orda vegen, sanninga og livet inneheld ei heil verd, dette er bilete med eit innhald som me aldri blir ferdige med. I tilknyting til Thomas a Kempis sine tankar, kan me seia det slik: utan vegen kan me ikkje gå, utan sanninga kan me ikkje forstå, utan livet kan me ikkje leva.

Oppdatert 10.05.2019