Oppdatert om Herodion

Herodion er ein stad som stadig fascinerer. Men her har det skjedd så mykje dei siste åra, at mange guidebøker ikkje lenger er oppdaterte.

På nettet er det derimot mykje og oppdatert stoff om Herodes den store sitt imponerande anlegg (frå ca år 20 f. Kr.) ute i ørkenen nær Betlehem.

Popular Archaeology (nr 2/2011) har nyleg lagt ut ein oppdatert og illustrert artikkel om staden, skriven av Shmuel Browns:

Netzer’s Legacy: The Wonders of Herodium.

Professor Ehud Netzer gjorde ein stor innsats på Herodion dei siste åra han levde. Først og fremst dreier det seg om funnet av Herodes» grav (2007) og av eit teater med eigen «kongelosje» (2010). Netzer døydde i oktober 2010 etter ei fallulukke på staden.

Sjå tidlegare stoff om Herodion her.

Meir om Herodes» kongelosje

National Geographic har lagt ut ein bildeserie frå teateret på Herodion og det som nå blir kalla Herodes sin kongelosje der. Sjå Pictures: King Herod’s VIP Box Excavated. NG presenterer interessante bilder med tekst.

Her er litt info om Herodion, henta frå eit tidlegare notat om staden:

Herodion er ei borg og eit slott som ligg ute i ørkenen 12 km sør for Jerusalem, nær Betlehem. Kong Herodes den store bygde anlegget ca 20 f Kr, til minne om ein militær seier han tidlegare hadde vunne her. På avstand ser det ut som ein vulkan, men det er faktisk eit kunstig fjell. På toppen finn me restane etter sjølve slottet, som var på sju etasjar. Dei to nederste etasjane var under jorda, inne i den kunstige fjellet. Her oppe er det ein fantastisk utsikt. På sletta nedanfor finn me restane etter det nedre Herodion. Her var det store bygningar, basseng, hage og ulike anlegg som egna seg for konkurranse og idrett. (Les meir)

Eg ser fram til å koma tilbake til staden. Då håper eg at både teateret og Herodes» gravkammer er opna for publikum. Sjå tidlegare notat om kongelosjen her.

(via PaleoJudaica)

Herodes» kongelosje?

Arkeologar har funne kongelosjen i Herodes den store sitt private teater på Herodion. Teateret ligg halvvegs oppe i bakken på det kunstige fjellet, i nærleiken av mausoleet som blei funne i 2007 (her).

Det er The Hebrew Univerity of Jerusalem som denne veka fortel dette i ei pressemelding. Det ser ut til å vera eit interessant funn og det skal bli spennande å følgja arbeidet på Herodion i åra framover.

Universitetet skriv royal box i hermeteikn. Det er fornuftig. Inntil vidare er det nok best å plassera uttrykket i avdelinga for foreløpige tolkingar av interessante arkeologiske funn.

Oppdatering: Sjå bilde frå teateret på Smithsonian.com.

Her er eit utdrag frå pressemeldinga:

Royal box uncovered at Herodium reveals further evidence of luxurious lifestyle of famed King of Judea

A “royal box” built at the upper level of King Herod’s private theater at Herodium (Herodion in Greek) has been fully exposed in recent excavations at the site, providing a further indication of the luxurious lifestyle favored by the famed Judean monarch.

The excavations, in the frame of Herodium’s National Park at the eastern edge of Gush Etzion, were conducted by Prof. Ehud Netzer under the auspices of the Hebrew University of Jerusalem Institute of Archaeology.

The theater, first revealed during the years 2008-2009, is located halfway up the hill close to Herod’s mausoleum, whose exposure in 2007 aroused worldwide attention. The highly decorated, relatively small theater was built in approximately 15 B.C.E., which was the year of the visit to Judea of Marcus Agrippa, second in the hierarchy of the Roman Empire, said Prof. Netzer, who has been assisted in the excavations by Yakov Kalman, Roi Porath and Rachel Chachy.

(…)

On the upper parts of the walls are the room’s highlights: a series of unique “windows” painted with outfolded shutters on either side and various naturalistic landscapes within. They include scenes of the countryside, the Nile River and a nautical scene featuring a large boat with sails. One can identify features of trees, animals and human beings. Some of these windows have survived intact on the walls, whereas others were found in fragments on the floor and are undergoing restoration in the Israel Museum’s laboratory.

Painted windows with shutters appear in the late Second Pompeian Style in Italy, and mainly depict unrealistic views like theater settings and still-life. The closest parallels for the windows at Herodium are known from the »Villa Imperiale» at Pompeii, dated to the early Third Style, 15 to 10 B.C.E.

(…)

Opening the royal box site to the public will only take place after a special protective structure will be built around the room, while the theater itself will undergo partial restoration.

(les meir og sjå bilde)

Meir om Herodes» grav

Denne veka har Herodes» grav på Herodion dukka opp i media igjen. Professor Ehud Netzer, som fann grava i mai 2007 (her), har uttalt seg om funnet. Her er eit utdrag av Vårt Land si melding, som også har eit bilete av Netzer saman med to sarkofagar:

Han mener funnene passer som hånd i hanske med opplysningene etter den jødiske historikeren Josefus.

Etter halvannet års studium av de arkeologiske funnene, mener professoren de nå er i stand til «akademisk å rekonstruere» det 25 meter høye monumentet som ble reist over graven.

Han tror det fortsatt skal være mulig å finne deler av selve sarkofagen, som kongen ble gravlagt i. Han opplyser at fragmenter er funnet fra to andre sarkofager, som han tror har tilhørt medlemmer i den kongelige familien. (les meir)

Ehud Netzer om Herodes» grav

Herodes den store si grav blei, som tidlegare omtalt, funne på Herodion tidlegare i år (sjå her). Utgangspunktet for leitinga har vore dei skriftlege kjeldene (Josefus) og det store bygningskomplekset som ligg ute i ørkenen sør for Jerusalem.

Josefus skriv:

Han sparte ingenting når det gjaldt farens begravelse. Katafalken var av gull med innlagte edelsteiner, og legemet var kledt i fiolett. En gullkrone stod på hans hode, og han hadde et septer i sin høyre hånd. Omkring katafalken marsjerte Herodes´sønner og hans tallrike slektninger. De ble fulgt av vaktene, fremmede tropper og hæren. Foran dem gikk hærførerne og offiserene. Fem hundre tjenere som bar velluktende urter, fulgte etter i toget mot Herodion der begravelsen fant sted. (Sitert frå Paul L Maier: Josefus hovedverk s 256).

Etter fleire års leiting kunne den israelske arkeologen Ehud Netzer 8. mai i år kunngjera at grava var funnen i restane av eit mausoleum i det øvre Herodion. Teamet som har arbeidd på staden, har gått ut frå at han var gravlagt ein stad på det nedre Herodion, og først for omlag eit år sidan begynte ein å sjå etter kor grava kunne liggja viss den låg i den øvre delen av det enorme anlegget.

Her kan du lesa eit ferskt intervju med Ehud Netzer om det interessante gravfunnet.

Hald fram med å lese «Ehud Netzer om Herodes» grav»